Karen Anna (23) fekk fast journalistjobb i TV 2: – Vil du opp og fram i media, så må du få deg praksis frå lokalavis

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 29.06.2019 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For knapt to år sidan valde ho å slutta i baristajobben i Oslo og flytta til Førde for å gå på Nynorsk Avissenter. I løpet av fire månader fekk ho opplæring og praksis i lokalavisa Firda.

– Nynorsk Avissenter gir ei veldig god opplæring, seier Karen Anna Kleppe til Framtida.no.

Det er ikkje mange faste jobbar i riksmedia, og mange går lenge på vikariat for å få seg ein fot innanfor.

– Folk må tørra å flytta på seg. Vil du opp og fram i media, så bør du flytta på deg, anten det er til Førde, Kvinnherad eller Finnmark, påpeikar TV2-journalisten.

– Den beste utdanninga du kan få

Etter fire månader i Førde flytta Karen Anna Kleppe til heimstaden sin, Kvinnherad, for to månaders praksis i Kvinnheringen. Her fekk ho jobb etter praksisperioden.

– Praksis frå lokalavis er den beste utdanninga du kan få. Eg har fått så utruleg gode mulegheiter. I Kvinnheringen fekk eg jobba med mange tunge saker, og fekk tid til å jobba med eit stort graveprosjekt.

Karen Anna Kleppe (23) byrja i TV 2 i Bergen i april i år. Foto: privat

Rett før ho byrja i TV 2 heldt ho to føredrag på SKUP-konferansen. Same helga blei Kvinnheringen kåra til Årets lokalavis.

– Fordel med nynorsk

Ifølgje ei rundspørjing til journalistutdanningane ved høgskular og universitet i Noreg, er det ikkje fleire enn kring ti studentar totalt på kvart kull som skriv nynorsk.

Til samanlikning gir Nynorsk Avissenter i Førde opplæring til ni praktikantar kvart år, medan NRK Nynorsk Mediesenteret i Førde lærer opp ti journalistar kvart år.

– Det er synd det ikkje er fleire nynorskskrivande studentar ved journalistutdanningane, men litt kult at Førde er så viktig, seier Karen Anna Kleppe.

I jobben i innanriksavdelinga i TV 2 Nyhetene er det mest fjernsyn ho jobbar med, og det blir lite skriving.

– TV 2 set pris på om du snakkar dialekta di. Og det er lurt å læra seg nynorsk skikkeleg. Då skil du deg ut. Dessutan gjer det noko med språket du skriv. Du må tenka meir over kva du skriv, og vokabularet blir betre. Orda blir dine eigne, og du dett ikkje så lett inn i byråkratspråket.