Tre vinnarar får 5000 kroner kvar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no, Magasinett og Fridthiov Oos´ legat inviterer til skrivekonkurransen for ungdom om språkpolitikk, språkmangfald og språkutvikling.

Vel mellom éi av desse oppgåvene:

Oppgåve 1:

Lærarar er redde for at Nynorskroboten vil gjera det enklare å juksa på skulen. Skriv ein argumenterande tekst om kva nynorskroboten kan ha å seia for nynorsken si framtid og/eller opplæringa i nynorsk. 

Aktuelle spørsmål:

  • Bør det bli lov å bruka nynorskroboten i skulen?
  • Korleis skal lærarane vurdera nynorskkunnskapane til elevane dersom dei har brukt nynorskroboten?
  • Korleis kan nynorskroboten bidra til å sikra dei språklege rettane til nynorskbrukarane?

Bruk relevante kjelder til å underbygga argumenta dine.

 

Oppgåve 2:

Skriv eit debattinnlegg om kva du meiner må gjerast for å ta vare på dei språklege rettane til mindretalet i det digitale samfunnet vårt.

Aktuelle spørsmål:

  • Kva digitalt innhald (program, nettsider, appar e.l.) saknar du på nynorsk eller samisk?
  • Kva blir konsekvensane for ungdom og andre når det manglar viktige digitale tilbod på nynorsk eller samisk?
  • Kva kan forbrukarar og frivillige gjera for å sikra at dei møter språket sitt på nett?
  • Kan styresmaktene setja krav til store selskap som Google og Apple om å tilby programvare på nynorsk?

Bruk relevante kjelder til å underbygga argumenta dine.

Her er nokre artiklar om temaet:

Mållaget krev at nynorsken blir sikra i digitale læremiddel

Nynorske elevar blir tvinga til å bruka bokmål

Microsoft opnar for å behalde nynorsk i e-post-app

 

Oppgåve 3:

Nokre forskarar meiner det norske dialektmangfaldet er truga, og trur me i framtida kjem til å ha landsdelsdialekter og kanskje til og med eit standard talemål for heile landet. Skriv ein reflekterande tekst om dei positive og negative sidene ved dette.

Informasjon om konkurransen:

Både vinnarteksten og tekstane som konkurrerer i toppen vil bli publisert på Framtida.no. Me ser etter tekstar som er tankevekkande, originale og kan engasjera. Me ser òg etter i kva grad du klarer å bruka relevante kjelder til å underbygga argumenta dine.

Format: Word-fil (pass på å dela som vedlegg til eposten, og ikkje som lenkje. Då er det ikkje alltid at me klarar å få opna fila)

Lengde: Maks 750 ord, men gjerne kortare!

Premie: 1. plass: 5000 kroner kvar til tre vinnarar. I tillegg blir fem deltakarar i skrivekonkurransen trekt ut som vinnarar av bokpremiar.

Aldersgrense: under 20 år

Innleveringsfrist: 5. mars 2021

Målform: Nynorsk

Send inn som eit Word-dokument-vedlegg til: magasinett @ gmail.com

(Pass på at det er ei tilgjengeleg lenkje til dokumentet og aller helst eit vedlegg)

OBS: Hugs å merka teksta med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.

LES OGSÅ: Slik skriv du debattinnlegg!