«AUF vil at alle skal lære på same måte»
Det er ikkje rettferdig å tvinge alle gjennom den same trakta, slik AUF vil, skriv Mathias Heian Ræmisch, nestleiar i Bergen FpU.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Sandra Tenud frå AUF angrip Frps skulepolitikk og samanliknar han med ein skurk frå Harry Potter. Det er ei morosam samanlikning, men heilt feil. For det er faktisk AUF som vil presse alle elevar inn i same system, utan å ta omsyn til at folk er ulike.
Vi i Framstegspartiets Ungdom (FpU) meiner at skulen skal ha disiplin, men også fridom. Vi vil at du som elev skal få fleire valfag, kunne velje bort sidemål viss du ønskjer det, og få ein skulekvardag som passar deg. AUF, derimot, vil at alle skal lære på same måte, utan å tenkje på at nokon lærer betre på andre måtar.
Dei seier at vi vil gjere skulen til ein eksamensfabrikk. Det stemmer ikkje. Vi vil gi elevane meir fridom til å velje det som fungerer best for dei. Det er ikkje rettferdig å tvinge alle gjennom den same trakta, slik AUF vil. Vi vil ha ein skule der du faktisk får høve til å lykkast – på dine eigne premissar.