Ungdomsorganisasjonane om koronaåret, årets helt og serien dei såg i karantene

Framtida
Publisert
Oppdatert 31.12.2020 11:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Changemaker-leiar Embla Regine Mathisen

Embla Regine Mathisen

Kor mange koronatestar har du tatt? Faktisk null – noko som jo er litt flautt.
Årets nærkontakt: Møtte Mona Juul – det var ganske kult!
Årets helt: Det må nok vere alle dei som jobbar på spreng for at folk skal vere friske og at vaksinen skal verte rettferdig utdelt!
Serien eg såg i karantene: Oi! Det er mange. Fekk endeleg sett på The Wire som var skikkeleg bra!
Karantenehobby: Baking!
Draumeoverskrift for 2021: «Verda er kurert! – alle berekraftsmåla er oppfylt»<3

– Kva er det som har gledd deg mest i året som gjekk?

– Å sjå kor vanvitig flinke folk som finst rundt meg. Ingenting har gått som planlagt i Changemaker i år, men folk har omstilt seg på flekken, prøvd ut nye ting og naila ganske mange av dei! Etter tidenes raraste år har vi framleis klart å nå ut til så sjukt mange nye folk, verva nye medlemmer og gjort det vi likar best: nemleg å endre verda. Kven skulle trudd det gjekk an?

– Kva har skuffa deg mest?

– At det ikkje vart noko sommarleir. *Snufs*

Dette er favorittminne til Mathisen frå 2020. F.v. Embla Regine Mathisen, leiar i Changemaker, 1. nestleiar Lars Bockman og 2. nestleiar Matilde Angeltveit. Foto: Privat

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Sidan vår vanlege sommarleir SNU (Sør-Nord-Utviklingsseminar) ikkje vart noko av kasta vi oss rundt og kom opp med ein ny plan. Nestleiarane mine og eg fylte opp bilen og reiste på besøk til ulike lokalgrupper. På vegen vart det oppretta eit nytt lokallag og vi kosa oss gløgg alle saman!

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– SOMMERLEIR<3 + rettferdig fordeling av vaksine og krisepakkar sjølvsagt!

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over? 

– Klemme folk! Og dra på konsert og danse masse!


Elevorganisasjonleiar Kristin Schultz

Kristin Schultz, leiar i Elevorganisasjonen.

Kor mange koronatestar har du tatt? 2.
Årets nærkontakt: Dei to roomiane mine, Ida og Sara <3
Årets helt: Mamma, for at ho alltid svarar når eg er einsam og treng snakke med nokon.
Serien eg såg i karantene: The Queen’s Gambit
Karantenehobby: Har begynt å måle!
Draumeoverskrift for 2021: «Det er no lov å klemme igjen»

– Kva er det som har gledd deg mest i året som gjekk?

– Har sett mykje meir pris på det å vere sosiale med venner, sidan det har vorte ei meir sjeldan vare for tida!

– Kva har skuffa deg mest?

– Det skuffa meg mest å innsjå kor mykje pandemien kom til å påverke året mitt som leiar i Elevorganisasjonen, sidan sentralstyret mitt aldri vil få mogelegheita til å vise kva vi kunne fått til viss ikkje korona var eit hinder.

OD-dagen 2020

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Mitt favorittminne frå i år er då vi feira OD-dagen! Vanlegvis brukar vi å vere masse folk som går i fakkeltog på kvelden, men på grunn av korona var det ikkje så mange som kunne møte opp. Likevel var vi ein god gjeng som brukte munnbind og heldt god avstand, i samarbeid med politiet, medan vi gjekk gjennom byen og feira ungdomsengasjement. Det var ein utruleg fin dag.

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– At korona vert vekke, og at eg får lov til å klemme vennane mine igjen. Merkar at eg har abstinensar på menneskeleg kontakt.

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over?

– Klemme, og reise ut i verda!


Skeiv Ungdom-leiar Odd Thomassen

Odd Thomassen, leiar i Skeiv ungdom

Årets nærkontakt: Det må bli Sindre, sambuaren.
Årets helt: For meg er det ikkje årets helt, men årets heltar: Alle som har jobba på golvet i år, sjukepleiarar, butikktilsette, vektarar og kollektivarbeidarar.
Serien eg såg i karantene: Lost!
Karantenehobby: Brodering.
Draumeoverskrift for 2021: «Tredje juridisk kjønn blir innført i Noreg»!

– Kva er det som har gledd deg mest i året som gjekk? 

– Det må ha vore sommaren, med Prides over heile landet og sommarleir, det vart jo ei alternativ løysing, så det gjekk jo bra då.

– Kva har skuffa deg mest?

– Ein skulle tru det var Korona, men for meg har det vore at vi ikkje får eit forbod mot konverteringsterapi endå.

Skeiv Ungdom, nyinnflytta i nye lokaler.

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Det har vore mykje oppturar og nedturar i 2020, men når vi i februar endeleg kunne flytta inn i store universelt utforma lokale, og endeleg kunne invitera alle medlemmene våre, rørsla og allierte, det er nok favorittminnet mitt.

– Kva er det største ønsket ditt for 2021?

– For å bygga vidare på førre spørsmål, så håper eg det blir konverteringsterapi forbud

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over?

– Klemma alle vennene mine igjen!


NSO-leiar Andreas Trohjell

NSO-leiar Andreas Trohjell. Foto: Skjalg Bøhmer Vold/NSO

Kor mange koronatestar har du tatt? Eg har teke to koronatestar, og fått negativ på begge.
Årets nærkontakt: Vanskeleg å kome unna sambuaren min her, sidan vi også har sete i både karantene og isolasjon. Elles må eg trekke fram gode kollegaar både i Norsk Studentorganisasjon og tidlegare ved UiB, som har måtta halde ut med meg i år.
Årets helt: Alle tillitsvalde studentar i Noreg. Eg er mektig imponert over aktiviteten og ansvaret mange føler for sine medstudentar, og kva ein har gjort for at heimestudentar skal ha eit godt semester.
Serien eg såg i karantene: Både Final Space og The Office har eg sett gjennom fleire gongar sidan mars. For tida går det i Modern Family og gamle episodar av Nytt på nytt.
Karantenehobby: Eg vil gjerne svare trening og bøker, men det er løgn. Svaret er Playstation.
Draumeoverskrift for 2021: «Trohjell overbeviste statsråd Henrik Asheim». Saka kan eigentleg handle om kva som helst, så lenge dette skjer.

– Kva er det som har gledd deg mest i året som gjekk?

– Eg har opplevd ein del sigrar, men det vert vanskeleg å kome unna valsigeren i april. Å verte vald til leiar av ein organisasjon som representerer 250 000 menneske er svært stort, og eg er framleis audmjuk i rolla.

– Kva har skuffa deg mest?

– At mitt eine år som leiar i Norsk studentorganisasjon skal vere det året kor vi ikkje får samla organisasjonen.

Første høyring på Stortinget, i starten av mars. F.v. Tord Hauge (NMBU), Christen Andreas Wroldsen (UiO) og Åste Hagerup (NTNU). Foto: Privat

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Eg har fleire gode minne. Eg er ikkje noko flink til å ta bilete, så manglar bilete frå dei fleste. Dette bilete frå mi første høyring på Stortinget, i starten av mars. Det var til ei sak om kven som skulle eige universitetets bygningar, og eg som studentleiar ved Universitetet i Bergen jobba saman med mine kolleggar ved NMBU, UiO og NTNU. Vi vann til slutt også denne saka, så det var veldig moro.

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– Eg håpar studentane sin situasjon vert betra i 2021, og at ikkje studentane som gruppe vert dei store taparane gjennom heile pandemien.

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over?

– Eg skal gjennomføre reisa eg hadde billettar til 12. mas 2020.


Norsk Målungdom-leiar Gunnhild Skjold

Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold. Foto: Frida Pernille Mikkelsen / Norsk Målungdom

Kor mange koronatestar har du tatt? Ingen, iallfall enn så lenge!
Årets nærkontakt: Kollega og romkamerat Frida. Vi har verkeleg hengt saman 24/7.
Årets helt: Taylor Swift, som sleppte eit overraskingsalbum ikkje berre ein, men to gongar! Ei god mental støtte i dette rare året.
Serien eg såg i karantene: Eg klarer ikkje å berre velje ein, så her er tre: Et sted å høre til, Star Wars Rebels og The Office (US).
Karantenehobby: Strikking.
Draumeoverskrift for 2021: «Heile Noreg gjekk over til nynorsk – førte til at pandemien på magisk vis blei borte».

– Kva er det som har gledd deg mest i året som gjekk?

– At romkamerat Frida også har falle for Harry Styles.

– Kva har skuffa deg mest?

– Alle tilskipingane vi måtte avlyse i år.

Dette er eit av favorittminna til Gunnhild Skjold frå 2020: – Meg og Frida og Ivar Aasen på første arbeidsdag saman. Foto: Privat

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– At vi får til ei god 60 års-feiring for Norsk Målungdom.

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over? 

– Dra på interrail!

Den nordnorske sommaren er også eit av favorittminna til Gunnhild Skjold frå 2020. Foto: Privat


Kvenungdommen-leiar Nora Marie Ollila

Nora Marie Ollila er leiar i Kvenungdommen.

Kor mange koronatestar har du tatt? Eg har teke ein.
Årets nærkontakt: Sambuaren min Andreas, og nestleiar Åsne.
Serien eg såg i karantene: Psykiateren på Netflix.
Karantenehobby: Matlaging og handarbeid.
Draumeoverskrift for 2021: «Kvääninuoret får driftsstøtte og prosjektmiddel».

– Kva er det som har gledd deg mest i året som gjekk?

– At alle har klart å tilpasse seg situasjonen og gjort det beste ut av noko som kunne vorte eit litt kjipt år.

– Kva har skuffa deg mest? 

– Alle arrangement og sosiale samankomstar som har vorte kraftig amputerte eller avlyste.

Det er fra Vesisaari, frå styret i Kvenungdommen sitt einaste fysiske møte i år. Foto: Åsne Mellem

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Det er frå Vesisaari, frå styrest einaste fysiske møte i år – ein vakker sommardag i juli. Det var heilt fantastisk triveleg å endeleg kunne møtast igjen, og ikkje minst fint å kunne møtast i kvenhovudstaden Vadsø.

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– Å vere frisk og trygg.

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over?

– Reise og besøke min familie i Finland som eg har fått sett så alt for lite i år.


Pressleiar Lea Mariero

Leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Lea Mariero. Foto: Press

Kor mange koronatestar har du tatt? Eg har vore heldig og sloppe unna med berre éin så langt.
Årets nærkontakt: Alle kollegaane på Press-kontoret.
Årets helt: Birgitte Lange, generalsekretær i Redd Barna. Ho har vore utruleg flink til å setje fokus på kor viktig det er å ivareta barn og unge sine rettar, også under ein pandemi.
Serien eg såg i karantene: Litt for mange, men favorittane er Love is blindAtlantic crossing og The Crown.
Karantenehobby: Strikking! Jobbar iherdig med å få strikka ferdig alle julegåvene no.
Draumeoverskrift for 2021: «Regjeringa snur, Noreg tek imot 1000 barn frå Moria»

– Kva er det som har gledd deg mest i året som gjekk?

– Korleis alle medlemmene våre har klart å innrette seg i ein ny og vanskeleg kvardag, og held fram med å vere barnerettsforkjemparar!

– Kva har skuffa deg mest?

– Statsbudsjettet var ein skuffelse. Først og fremst med tanke på at barn og unge ikkje var prioriterte, og bistand vart i praksis kutta med 1 milliard kroner. I tillegg er vi svært kritiske til auka utgifter. Det er openbert at ein må bruke meir pengar under korona, men den enorme auken til tiltak vi meiner ikkje er nødvendige fører også til at vi, som barn og unge, sit med mindre pengar og dårlegare føresetnader enn vaksengenerasjonen.

Leiarsamling i Press i sommar, då smittetala var låge. Foto: Privat

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Ha fysisk leiarsamling med alle dei fantastiske leiarane i Press i sommar, då smittetala var låge.

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– Ei skikkeleg opprydding i norsk asyl- og innvandringspolitikk som det har vorte endå tydelegare at vi treng i lys av Mustafa Hasan-saka.

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over?

– Arrangere eit heilt fantastisk og stort seminar til ære for alle Pressarane våre. Eg gler meg til å klemme alle igjen.


Spireleiar Julie Rødje

Julie Christina Rødje (26) frå Haugesund går frå vervet som nestleiar til leiar i miljø- og bistandsorganisasjonen Spire. Foto: Spire

Kor mange koronatestar har du tatt? Eg har heldigvis vore veldig frisk, så glad eg har sloppe unna (bank i bordet!). På den andre sida føler eg vi, som samfunn, har stått overfor ei rekkje koronatestar og prøvelsar.
Årets helt: Våre fantastiske aktivistar som har arrangert debattar, skrive tallause politiske innspel, laga filmar og funne så mange nye og kreative måtar å kommunisere og påverke politikken i eit ekstremt uføreseieleg og annleis år. Den motivasjonen dei gjev er gull.
Serien eg såg i karantene: Seriane eg hugsar best frå første karantene var nok Unorthodox og Tiger King. Galskap. Men eg er mest fornøgd med at eg har fått lese veldig mykje meir skjønnlitteratur. Akkurat begynt på Dekameronen som flyktar i karantene under Svartedauden, kanskje eg får nye tips til kva å finne på.
Karantenehobby: Å gå tur! Føler eg har fått oppdaga så mykje meir av Oslo det siste året, enn dei 8 tidlegare åra eg har budd her. Dei små gatene, fine utsiktspostar og marka. Elles har (endeleg) vorte semi-flink med plantar.
Draumeoverskrift for 2021: «Frå no av styrast verda av ein smultring»! Då med tydeleg tilvising til smultringmodellen som nytt økonomisk rammeverk som sikrar alle menneske gode liv innanfor jordas toleevne.

– Kva er det som har gledd deg mest i året som gjekk?

– Verda har hatt nokre viktige politiske kampar i år. Black Lives Matter-rørsla som har teke eit oppgjer med strukturell undertrykking er eit godt døme, medan Amsterdam og ei rekkje andre byar har starta med å implementere smultringmodellen er eit anna stort steg mot den systemendringa vi treng. Vi har sett kor mykje vi kan endre oss, og dette politiske molegheitsrommet må verte brukt til å skape ein ny normal.

– Kva har skuffa deg mest?

– At regjeringa gong på gong har prioritert hårreisande i denne tida – alt frå olje- og flynæring til billig sjokolade. På den måten bidreg ein til å både forstreke ulikskapane vi står overfor, både nasjonalt og globalt, i tillegg til å forverre miljøkrisa.

Det nye styret i Spire kunne møtast fysisk og reise på hyttetur i sommar. Foto: Privat

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Etter tre månadar fekk endeleg Spire sitt nye styre møtast fysisk og drog på hyttetur. Å kome seg vekk frå Zoom, henge, diskutere og verte ordentleg kjende saman er heilt klart eit stort høgdepunkt frå i år! Mykje internhumor og slagplanar stammar herfrå.

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– At gode liv for menneske og miljøet både lokalt og globalt dominerer valet og alle partia lovar å prioritere framtida og langsiktige løysingar. Og så å få dra på konsert med masse menneske!

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over?

– Klemme vennane mine og styret i Spire! Deretter vil eg vi skal arrangere ein stor debatt kor vi samlast, både meiningsfeller og motstandarar, og diskuterer korleis vi skal bruke erfaringane herfrå til å løyse fleire kriser – både kva som har vorte gjort bra, som dugnadsand og samhald, men òg våre feil og dei politiske tiltaka som har bidrege til å forsterke forskjellane.


Noereh-leiar Elen Ravna

Elen Ravna er leiar av den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh. Foto: Privat

Kor mange koronatestar har du tatt? Éin.
Årets nærkontakt: Kjærasten min.
Årets helt: Sjølvsagt toppar dei som har stått i det gjennom koronakrisa, til dømes sjukepleiarane, lista som årets heltar. Likevel vil eg i år trekke fram samane i Jillen-Njaarke reinbeitedistrikt som held fram å kjempe mot utbyggingane på Øyfjellet. Samane som kjempar for å bevare sine område, og med det tradisjonar og kultur, fortener all støtte dei kan få, og dette er menneske som skal verte løfta fram.
Serien eg såg i karantene: Kan ein berre velje éin? Den einaste serien eg har runda til no er Queer Eye, så det må verte den.
Karantenehobby: Eg har prøvd meg på å bake nokre surdeigsbrød og på å sylte eit par ting. No, i julekarantenen min i Tromsø, har eg byrja å strikke.
Draumeoverskrift for 2021: Alle skjønar at undertrykking og hets av stigmatiserte grupper og minoritetar er ukult, koronapandemien er over og har gjort oss til betre menneske, og det vert festivalsommar!

– Kva er det som har gledd deg mest i året som gjekk?

– Trass i korona har ikkje folk slutta å engasjere seg i det dei synest er viktig. Uansett om det er å dele innlegg på Facebook, støtte ideelle organisasjonar eller delta på smittevenlege demonstrasjonar. Sjølv om ein har mista ein av dei store gledene med å delta, har mange eit imponerande engasjement. Det har både vore ei enorm oppslutning rundt Black Lives Matter, abortsaka i Polen og å ta imot flyktningar frå Moria-leiren. Det er grufulle situasjonar som det i utgangspunktet absolutt ikkje er noko å glede seg over, men vi har framleis klart å mobilisere oss og bruke stemma vår, og det gjer godt.

– Kva har skuffa deg mest?

– Det er heilt klart at Noreg berre skulle ta imot 50 flyktningar frå Moria-leiren. Det var rett og slett umenneskeleg og utruleg pinleg.

Frå fotoboks under Gáktebeaivi i Oslo.

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Det har skjedd mykje gøy dette året, og sjølvsagt er ikkje alt fotografert, men gáktebeaivi i Oslo var gøy. Anbefalar alle å ha fotoboks!

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– Om ein ser vekk frå alle dei ideelle draumene, så må det rett og slett vere dei småkleine klemmane frå familie og vennar. Det har vore skikkeleg rart å kome heim til jul for så å halde avstand.

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over?

– Danse på London Pub. Eg kan ikkje danse og likar ikkje å danse offentleg, men eg skal for anledninga gjere eit unntak.


SAIH-leiar Sunniva Folgen Høiskar

Sunniva Folgen Høiskar er leiar i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). Foto: SAIH

Kor mange koronatestar har du tatt? Berre ein faktisk!
Årets nærkontakt: Kjærasten min Johannes, som eg har delt heimekontor, puslespel og denne rare kvardagen med.
Årets helt: Det er så mange heltar i år, som har gjeve alt i ein umogeleg situasjon – alle på kontoret i SAIH som har halde hjula i gang, lokallagsaktivistane våre som har brukt kveldar på Zoom, partnarorganisasjonane våre som opp i alt det andre arbeidet sitt har bidrege med smitteverntiltak i sine lokalsamfunn.
Serien eg såg i karantene: Grey’s Anatomy – eg elskar å grine for å få ut litt emosjonelt slagg i kvardagen, og den leverer tårer i nesten kvar episode. Kvalitet er ikkje essensielt.
Karantenehobby: Sying! Har adoptert først mamma og så mormor sine gamle symaskiner og produsert fleire munnbind og eit skjørt.
Draumeoverskrift for 2021: «Endeleg vaksinert – studentar verda over kan trygt demonstrere igjen»

– Kva er det som har gledd deg mest i året som gjekk?

– Korleis alle har teke vare på kvarandre og funne løysingar, og pågangsmotet til aktivistane og partnarane våre. Det har vore inspirerrande.

– Kva har skuffa deg mest?

– At vi måtte i lockdown igjen i haust etter vi akkurat hadde kjent på kor fint det var å normalisere, og at mange i sommar og tidleg haust ikkje tok sin del av ansvaret.

Lansering av refleksjonsverktøyet for avkolonisering i akademia, er eitt av Sunniva Folgen Høiskar sine beste minner frå 2020. Foto: SAIH

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Lanseringen av SAIHs refleksjonsverktøy for avkolonisering under Day Zero av Bærekraftskonferansen i Bergen, det var fantastisk å presentere resultatet av så mykje godt arbeid for eit stappfullt lokale. Då var vi også lykkeleg uvitande om korona.

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– At korona «går over» slik at vi kan diskuterte og jobbe med andre viktige ting. Urettferd tek ikkje pause under ein pandemi, tvert imot.

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over? 

– Gje alle i SAIH ein god klem og så setje meg på eit av mange tog på vegen til å ta ut fleksitimer i Paris.


NHFU-leiar Marianne Knudsen

Marianne Knudsen, leiar av NHFU. Foto: Privat

Kor mange koronatestar har du tatt? Har faktisk ikkje teke nokon test enno, har halde meg mest heime når det har vore som mest smitte i Trondheim og Oslo, slik som no. Og så har eg vore så heldig å ikkje ha nokon forkjølingsymptom. Bank i bordet for det, men kan jo hende eg kjem til å teste meg seinare.
Årets nærkontakt: Hehe, det må vel vere pappa det. Har vore mykje saman med familien.
Årets helt: Greta Thunberg og Iselin Shumba med deira engasjement, og Greta med sine online demonstrasjonar. <3
På det personlege planet må det vere ein av mine aller beste vennar, Amund Rotbakken Gundersen, som er både eit fantastisk menneske og ein skikkeleg god venn, men satsar på at han ikkje les dette, då vert han så høg på pæra. 😉
Serien eg såg i karantene: Greys Anatomy, sjølvsagt. 😉 Ny sesong har også kome ut no.
Karantenehobby: Eg har baka så innmari mykje muffins. Har både ete sjølv og sett utanfor dørene til folk. <3  Likar eigentleg verkeleg ikkje å bake…
Draumeoverskrift for 2021: «Noreg har teke in CRPD i norsk lov»! (Funksjonshemma sin menneskerettskonvensjon)

– Kva er det som har gledd deg mest i året som gjekk? 

– Det er eit privilegium at landsmøte i NHFU valde meg som leiar av organisasjonen og skikkeleg stas å verte nominert til årets leiarstjerne av D2 og Dagens Næringsliv. Sånn elles, så var eg på ein skikkeleg fin noregsferie i sommar.

– Og så er det jo absolutt eit høgdepunkt at det er ein ny president i USA!

– Kva har skuffa deg mest?

– Korona og menneske som ikkje har teke smittesituasjonen alvorleg.

Marianne Knudsen. Foto: Privat

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Mitt favorittminne må vere opphaldet mitt på Catosenteret faktisk, vart betre kjend med både meg sjølv og mange fantastiske menneske.

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– At funksjonshemma sin kamp skal verte anerkjend som ein menneskerettskamp og at 2021 skal vere det året der heile samfunnet køyrer på med hardcore likestillingskamp saman med oss. Samstundes som eg håpar at Noreg står i førarsetet for ein betre klimapolitikk og tek klimautfordringane på alvor.

– Og at vi kan gå tilbake til slik vi levde før korona i løpet av året!

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over?

– Klemme masse og kanskje reise litt.