Det har vore eit langt og rart år, men noko er som det plar: det har kome ny musikk og underhaldning også i år. Her er redaksjonen i Framtida.no sine favorittar:

Ingvild Eide Leirfall:

Film: Dette har jo eigentleg vore eit ikkje-år for filmen, men dagen før landet stengte ned rakk eg innom kinoen ein tur og såg Little Women. Søt, smart, morosam og trist film, perfekt for ein kveld der ein berre vil kopla ut.

Elles såg eg mellom anna den ti år gamle Book of Eli i lockdown-tida, og vart positivt overraska. Og nokså mind blown.

Serie: Av nye seriar er det Unorthodox og Kalifat (begge på Netflix) som sit att som ordentlege kvalitetsseriar! Og på tampen av året vart også eg bitt av The queen’s gambit-basillen, sjølv om eg kanskje ikkje vart like frelst som dei mest ihuga.

19-åringen Esty i Unorthodox er vaksen opp i ei veldig streng ortodoks jødisk trusretning. Unorthodox er den første Netflix-serien der det i hovudsak vert snakka jiddisk. Foto: Netflix

I lockdown-perioden byrja eg endeleg å sjå Killing Eve, og var evig takknemleg for at det er fleire sesongar å binge. For ein serie!

Song: I don’t cry for myself anymore – Hilja

På ei klimamarkering utanfor Stortinget i november 2019, spelte Hilja Løvvik og sidan då har eg jamnleg prøvd å finne ut om det finst noko meir musikk av henne på internett. Så i 2020 har eg brukt mykje tid på dei par-tre songane på Youtube og den eine på Spotify.

Skaar kom også med ny plate i år, og eg fall særleg: For Andrea.

Ingvild (og han ho bur med) si Spotify wrapped-liste for 2020.

Nok ein gong tek eg ikkje fullstendig ansvar for Spotify-lista ettersom eg deler abonnement med han eg bur med, men me er i alle fall einig om ein ting: Susanne Sundfør er best.

Podkast: 

Eg måtte nyleg rydde plass på mobilen og sletta alt frå podkast-appen. Det burde eg ikkje gjort før eg skulle skrive denne lista, for no hugsar eg ingenting av kva eg har høyrt på i år. Men: Det svarte flagget, hugsar eg. Debatten om IS-kvinnene herja politikkene i januar og Frp gjekk mellom anna ut av regjeringa på grunn av denne saka.

Då var det godt Joachim Førsund hadde gjort eit heidundrande arbeid journalistikk og prøvd å nøste opp i kven dei rundt 100 nordmennene som har reis inn i krigen i Syria for å kjempe for IS.

Elles har det gått i Tusvik & Tønne og Aftenpodden, som vanleg og heilt uvanleg for meg: Gravid uke for uke.

Morosamt:

OBS: Eg tek ikkje etisk ansvar for denne memen etter at det vart kjend at Ellen DeGeneres hadde testa positivt for covid-19. (Men ho seier ho føler seg bra no)

Bente Kjøllesdal:

Film: Jojo Rabbit og Knives Out. Eg er treig på filmfronten, og har ganske låg terskel for å berre skru av om den ikkje fenger meg i løpet av det første kvarteret, men begge desse såg eg på kino så då måtte eg sitje i ro.

Men er begge er knallgode, og vel verd det!

(Men Jojo Rabbit når ikkje heilt opp til Hunt for the Wilderpeople frå 2016, for den er heilt konge.)

Serie: What We Do In The Shadows (HBO), Schitt’s Creek (TV 2 Sumo), Dark (Netflix)

Om ikkje favorittfilmen allereie avslørte det: Eg elskar Taika Waititi. What We Do In The Shadows er den beste serien eg har sett på år og dag, og eg har forkynna dette til alle eg kjenner opptil fleire gongar. (No kan det vere det verkar mot si hensikt, for det er vel ikkje så mange som vert inspirerte til å sjå ein serie berre fordi eg ropar «BAT!» eller «this fucking guy» i fjeset deira.)

Foto: HBO Nordic

Eg kom seint til Schitt’s Creek, men då eg først byrja sjå på det var eg frelst og brukte all pandemifritida mi til å sjå alle seks sesongane på rekordtid.

Song: Mitt Spotify-år oppsummert er litt mindre musikalprega enn det det var i fjor, og toppsongane mine er heller prega av at eg har sett mykje Insecure og The Marvelous Mrs. Maisel. 

Bente si toppliste på Spotify i 2020.

Om topplista hadde reflektert berre november 2020, hadde toppsongen vore «Stand Out» frå Ein langbeint film, for den har vore på repeat i det siste.

Podkast: Heavyweight. Framleis ein av dei beste podkastane som finst. I kvar episode skal programleiar Jonathan Goldstein hjelpe ulike personar å forsone seg med nokon eller noko frå fortida.

I den nyaste sesongen møter ein både ei forsvunne barnestjerne, ei kvinne som vil møte partnaren til onkelen ho miste til AIDS, og eit syskenpar som freistar forsone seg med sin splittande psykologfar.

Heiderleg omtale: Elis James og John Robins. Denne er vanskelegare å tilrå, for eg har høyrt på sidan første episoden hjå dåverande Xfm, og det er ikkje sikkert andre er like villige til å taste the vibe som eg. Men det er utan samanlikning podkasten eg høyrer mest på.

Morosamt: Denne TikTok-en synest eg er så morosam at eg har freista å gjenfortelje den, ord for ord, til folk. Plottblottar: Den er ikkje like morosam då.

 

Andrea Rygg Nøttveit

Film: Av naturlege årsakar har eg vore lite på kino i år. Heldigvis leverer strøymetenestene og Bad Education på HBO er ei godteriskål av rolletolkingar basert på sanne hendingar. Utruleg gøy om underslag i amerikansk skulevesen.

Hugh Jackman (i midten) gjer underslag til underhaldning med si tolking av skuleinspektøren Dr. Frank A. Tassone. Foto: HBO

Serie: Grand Army (Netflix), Norsk-ish (NRK), The Flight Attendant, The Great, The Good Lord Bird, The Undoing og Fargo (HBO).

2020 har vore eit serietungt år. Eg har døypt Netflix-serien Grand Army til amerikanske Skam. Soundtracket er knallgodt, karakterane mangfaldige og kvardagen deira vert teke på alvor. Det same er tilfellet i tv-serien Norsk-ish. 

Elles er serieåret tungt prega av HBO, der det er historisk humor innpakka i kostymedrama og knallsterk krim.

Song: 2020 har vore kvinnenes år og for meg kom Taylor Swift kom ut av intet og feia banen med overraskinga Folklore i sommar. Elles er Leikeli47 eit funn som dukkar opp i soundtracket til Grand Army.

Andrea si Spotify-liste 2020.

Han kom ikkje med på lista, men er det ein song som verkeleg har fått meg gjennom 2020, så er det humørspreiaren Wobble av V.I.C.

Podcast: Etter å ha fullført Ronan Farrow sin utruleg spanande The Catch and Kill, som handla om arbeidet med Weinstein-saka, gjekk eg vidare på Chasing Cosby, med same tematikk. Knallsterke historiar med inspirerande frontfigurar som vågar å seie ifrå om det som føregå altfor lenge.

Morosamt: Det er noko spesielt når boomers møter nye sosiale medium og eg elskar denne videoen av Dr. Phil som ber følgjarane sine slutte å kalla han daddy.

@drphil#YouHaveTo stop calling me “daddy.” I ain’t ya daddy.♬ A Moment Apart – ODESZA – Hannah Stater (she/her)

Andreas Brattåker Støyva

Film: Eg likar skodespelarar som klarar å formidla mykje, utan å bruka ord. Få gjer dette betre enn Ben Foster og Thomasin McKenzie i filmen Leave no Trace. Nokre vil sikkert seia den er kjedeleg. Vel, dei tek feil.

Thomasin McKenzie og Ben Foster i rollene som sjølvforsynt far og datter i Leave no Trace. Foto: Selmer Media

Serie: Gutta på tur (TV 2 Sumo) og Veep (HBO). Gutta på tur er det beste som nokon gong er laga på norsk TV. Om dei vitjar Vladimir Smirnov i Kasakhstan eller er på kunsttur til Italia med Odd Nerdrum, spelar inga rolle. Seterrømme og sjalottlauk er med. Veep er bra det også, altså.

Song: Albatross av Fleetwood Mac. Orsak, eg har ikkje Spotify.

Podkast: Politisk kvarter frå NRK og NUPIpodden. Det er greitt å vita litt kva som skjer, både nært og fjernt.

Morosamt: Ja, så enkel er eg.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av yasser_bh (@yasser2jzgte)

Svein Olav B. Langåker:

Film: Før alt stengde, så var det Noregspremiere på den strålande Parasitt frå Sør-Korea – som fullt fortent vann Oscar for beste film. Det er sjeldan eg tek meg i å både gispa høgt og vri meg i latter i ein kinosal – men regissør Bong Joon-ho klarte det.

Jojo Rabitt likte eg òg.

Blant dei få filmane som har hatt premiere under pandemitida, er Tenet ein film eg likte godt. Eg har likt Elizabeth Debicki sidan ho spelte i The Night Manager for snart fem år sidan, men i denne filmen er det regissør og manusforfattar Christopher Nolan som skin meir enn nokon.

Av strøymefilmane eg såg i år, så likte eg veldig godt Mank. Endeleg vil regissør David Fincher ganske sikkert få sin første og fullt fortente Oscar med denne filmen.

Amanda Seyfried og Gary Oldman i «Mank». Foto: Netflix

Filmen fortel historia om manusforfattaren til Citizen Kane, Herman J. Mankiewicz. Me får bli med han på festar saman med Hollywood-stjerner heime på det absurd grandiose slottet til William Randolph Hearst, mannen som Citizen Kane er inspirert av.

Serie: For meg er det HBO som har levert dei beste seriane i år med The Plot Against America, The Undoing, Mrs. America og I am the Night. (Den siste kom strengt tatt i 2019, men gjekk under radaren min heilt til i år). På Netflix har eg likt godt å sjå Ozark (tredje sesong), The Spy og The Queen´s Gambit. På NRK var det lett å la seg gripa med av Normal People.

Song: Eg deler Spotify med ungane mine, så topp 10 lista er svært lite representativ for det eg set på frivillig sjølv. Men me er einige om éin ting, og det er at Billie Eilish er kul!

Podkast: Ekko og Urix på lørdag.

Morosamt: Det er mykje å velja mellom, men landar lett på Songar frå nyheitene, som laga fleire morosame videoar i år. Videoen eg har sett flest gongar er den strålande Cayman Islands med hysteriske Herbjørn Hansson og Kari Elisabeth Kaski (SV) som knapt klarer å halda seg alvorleg i Dagsnytt 18-debatten med skipsreiaren frå Hjelmeland.


Helseminister Bent Høie (H) måtte avverge handhelsinga mellom statsminister Erna Solberg (H) og Camilla Stoltenberg.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Oppdatert: torsdag 31. desember 2020 11.05
ANNONSE