L-innsikt illustrerer 2020: Året ingen kjem til å gløyme

Linn Isabel Eielsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For omtrent eit år sidan stod vi alle med stjerneskot i handa og håpa på at 2020 skulle bli vårt år.

No skal vi snart gjere det same, og mange ser lys i enden av tunnelen. Det er gode nyheiter om vaksiner, USA går mot ei meir politisk stabil tid, og det begynner å skje små endringar i verda.

Dette blir nok eit år ingen kjem til å gløyme, men her er ein illustrert tidslinje om ting som har skjedd i år likevel!

Januar

Skogbrannane i Australia brenn ned nesten 200.000 kvadratkilometer.

Prins Harry og kona hans Meghan Markle tar eit steg tilbake, og offentleggjer at dei ynskjer å ta avstand frå kongelege plikter.

FRP går ut av regjering.

Kina set heile Wuhan i karantene, for å hindre spreiing av korona-viruset.

Billie Eilish vinn årets album, årets song og fleire andre prisar under grammy-utdelinga.

Februar

«Parasite» vert den første ikkje-engelsk-språklege filmen til å vinne ein Academy Award for beste film. Det blir ein såkalla «Oscar-sweep»!

Mars

Noreg stengde ned den 12. mars, dagen etter at WHO annonserer at koronaviruset er ein pandemi.

 

Harvey Weinstein blir dømd til 23 års fengsel.

Breonna Taylor blir skoten og drepen av politi i Louisville.

Den 20. mars blir Animal Crossing, New Horizons lansert.

Den same dagen kjem Tiger King ut på Netflix.

April

Bardore, ein musikksjanger kor ein lagar barokk-versjonar av kjende songar, blir ei trend.

Mai

25. mai vert George Floyd drepen av ein politibetjent i Minneapolis.

Murder hornets, gigantiske kvefs, dukkar opp rundt omkring i verda, og truar honningbiene.

Bilete vert spreidde av korleis naturen vaknar til liv, medan menneska er i lockdown. Dette vert om til memen «Nature is healing»

 

Juni

Joe Biden blir den offisielle presidentkandidaten til demokratane.

Black Lives Matter-rørsla frå 2013 blomstrar opp igjen.

Blackout Tuesday skjer den 2. juni, kor folk postar svart firkantar og brukar dagen til å reflektere og lese om rase-urettferd.

K-pop-fans druknar anti-svarte emneknaggar som for eksempel #Whitelivesmatter, ved å poste bilete av favorittmusikarane sine.

TikTok-brukarar bestiller billettar til eit av Donald Trump (tidlegare president i USA) sine val-arrangement, utan å møte opp.

Juli

Kanye West annonserar at han skal stille som president.

Sosiale medium vert fulle av kake-memen.

Taylor Swift kjem ut med overraskingsalbumet sitt Folklore, som ho skreiv under lockdown.

August

Det vert fleire Black-Lives Matter protestar etter at 29 år gamle Jacob Blake vert skoten av ein politibetjent i Wisconsin. Blake vert paralysert frå midja og ned.

Det skjer ein stor eksplosjon i Beirut.

«It’s the __ for me»-memen sprer seg på TikTok, Kamala Harris vert visepresidentkandidat.

@jamescharlesI adopted a child for a day for a video… ? I didn’t expect to get roasted ? check out the full video!♬ original sound – James Charles

September

Keeping up with the Kardashians annonserer at den neste sesongen vert den siste.

Ruth Bader Ginsburg, høgsterettsdommar i USA, døyr.

Oktober

Donald Trump (tidlegare president i USA) og kona hans Melania Trump får korona.

Folk ser på Emily in Paris på Netflix, og uttrykket «hate-watching» vert mykje brukt.

November

Joe Biden vinn valet i USA.

 

Det blir kjend at det er blitt laga ei vaksine mot korona som er opp mot 90 % effektiv, kalla Pfizer-vaksinen.

Desember

Pfizer-vaksinen blir godkjend i Storbritannia og Canada. Per desember 2020 er både Kina, Russland, Saudi-Arabia og store delar av den vestlege verda i gang med vaksinasjonsprogram.

Alle illustrasjonar: Linn Isabel Eielsen