Ny undersøking: Over halvparten seier nei til oljeleiting i Arktis

Ei spørjeundersøking utført for Greenpeace viser at 60 prosent av befolkninga i Noreg vil stoppa oljeleitinga i Arktis av omsyn til klima og miljø.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre 20 prosent er i mot at oljeleitinga i Arktis bør stoppast av omsyn til sårbar natur.

Det viser ei spørjeundersøking gjennomført av Respons Analyse på oppdrag frå Greenpeace.

53 prosent meiner oljeleitinga i Arktis bør stoppast av klimaomsyn. 25 prosent er usamde, resten har ikkje tatt stilling eller veit ikkje.

Undersøkinga viser at unge spesielt ønsker å ta meir omsyn til miljøet og avgrensa oljeleitinga i Arktis. Blant dei spurde under 35 år vil heile 71 prosent la olja ligga av omsyn til sårbar natur. Talet er 78 prosent for aldersgruppa 16 til 24 år.

– Norsk oljepolitikk er i utakt med folket

I ei pressemelding seier kommunikasjonssjef i Greenpeace Norge, Aud Hegli Nordø, at undersøkinga viser at den norske oljepolitikken er i utakt med folket.

– Fleirtalet vil la olja ligga av omsyn til klimaet og det sårbare dyre- og plantelivet i Arktis. Likevel lyste regjeringa nyleg ut ei rekke nye oljelisensar langt nord i Barentshavet. Det er barna og ungen våre som må leva med vår generasjons herjingar med miljøet, og dei krev at me tar ansvar og kuttar produksjonen av miljø- og klimafiendtleg olje.

LES OGSÅ: Danmark har sett sluttdato for olje og gass

Flest er for ein klimadom i Høgsterett

Sidan 2016 har Greenpeace og Natur og Ungdom, med fleire andre støttespelarar, ført eit klimasøksmål mot staten for å dela ut nye oljelisensar i Barentshavet. Miljøorganisasjonane meiner nye oljelisensar bryt med den grunnlovsfesta retten til eit leveleg miljø.

Høyringa av klimasøksmålet i Høgsterett vart ferdig i november, og ein dom er venta om kort tid. Over halvparten av befolkninga (55 prosent) kjenner til klimasøksmålet.

I spørjeundersøkinga er det stilt spørsmål om: «Det er rett med ein dom i Høgsterett som seier at olje- og gassproduksjonen må avgrensast av omsyn til klima».

44 prosent er samde, 32 prosent er usamde og resten har ikkje tatt stilling eller veit ikkje. Blant dei under 35 år er 55 prosent samde, mot 22 prosent usamde.

KOMMENTAR: Inhabil på grunn av samfunnsengasjement?

Håpar Høgsterett merkar seg kva folk meiner

– Det er fantastisk å sjå at flesteparten av dei som har tatt stilling til saka, er samde med oss i at domstolane må setja ei grense for oljeindustrien for å ta vare på klimaet. Både politikarane og dommarane i Høgsterett bør merka seg den store støtta som vår sak har i samfunnet, seier Aud Hegli Nordø i Greenpeace Norge i pressemeldinga.

Undersøkinga er gjennomført i starten av desember 2020, med 1007 respondentar frå heile landet mellom 16 og 89 år.

LES OGSÅ: Professor svarar om klimasøksmålet: Kva kan Høgsterett gjera?

Dagen før forhandlingane tok til, møtte fleire opp i ei støttemarkering for klimasøksmålet. Foto: Jørgen Næss Karlsen, Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0