FHI: Ny koronavariant kan gjere epidemien meir krevjande

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Potensielt kan det bli meir krevjande å handtere epidemien dersom dette viruset, eller andre meir smittsame variantar av viruset, skulle få stor utbreiing. Fleire kunne bli sjuke på same tid, og fleire ville dermed kunne risikere å få alvorleg sjukdomsforløp, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet (FHI) til NTB.

Den nye koronavarianten kan vere opptil 70 prosent meir smittsam enn det vanlege koronaviruset. I helga innførte Storbritannia ei rekkje inngripande hastetiltak som følgje av den nye varianten. FHI har følgt utviklinga tett.

– Denne situasjonen er ein av dei tinga vi har brukt ein del tid på no i helga, i tillegg til mellom anna arbeid som handlar om vaksine, seier Vold.

Det er likevel ikkje noko som førebels tyder på at den nye virusvarianten gir meir alvorleg sjukdom, ifølgje FHI.

Hasteoppdrag for å vurdere tiltak

Helsedirektoratet fekk i helga i hasteoppdrag å vurdere situasjonen rundt eventuelle tiltak i Noreg. Det nye viruset spreier seg hurtig og er no oppdaga i både Danmark, Nederland, Italia og Australia.

Søndag kom oppmodinga frå Helsedirektoratet om at alle reisande frå Storbritannia må teste seg. Alle reisande frå Storbritannia må vise negativ test på covid-19 ved framkomst.

Line Vold påpeikar at Noreg allereie har blant dei strengaste tiltaka i Europa for å redusere risikoen for importsmitte. Likevel kan det vere mogleg å stramme ytterlegare inn, ifølgje Vold.

– Noreg har ein del unntak i karanteneregelverket for innreisande, vi bør sjå på om det er behov for innstramming der, seier ho.

Fleire ville kunne bli sjuke på same tid, og fleire ville dermed kunne risikere å få alvorleg sjukdomsforløp dersom den nye koronavarianten får etablere seg i Noreg, ifølgje FHI. Foto: Berit Roald / NTB

Kan allereie vere i Noreg

Førebels er ikkje den nye virusvarianten oppdaga her til lands. FHI kan likevel ikkje garantere at han ikkje allereie har nådd grensene våre.

– Men det er sannsynleg at vi ville ha oppdaga han dersom vi hadde hatt mykje av han. Den ser ut til å vere meir smittsam, og han ville nok derfor ha forårsaka utbrot med mykje smitte som vi ville lagt merke til, påpeikar Vold.

FHI intensiverer no overvakinga av virus og informerer laboratoria om at dei ønskjer å få tilsendt prøver av reisande frå Storbritannia. I tillegg har instituttet òg bede kommunane om å vere særleg merksame på reisande derfrå. Personell som jobbar med testing og smittesporing, blir bedne om å notere reise frå Storbritannia på prøver som blir teke.

Vanleg med endringar i virus

Koronaviruset, som eigentleg heiter SARS-CoV-2, har gjennom heile pandemien vorte observert i nye variantar med ulike kombinasjonar av endringar. Det som er spesielt med denne nye koronavarianten, er at det er så mange endringar, ifølgje Vold.

– Det er vanleg at RNA-virus endrar seg, det skjer til dømes heile tida med influensaviruset. SARS-CoV-2-viruset er relativt stabilt, men likevel føregår det stadig endringar. Iblant vil vi sjå virus med større endringar, slik vi no gjer i mellom anna Storbritannia, seier ho.

Koronavarianten vil likevel ikkje nødvendigvis påverke det kommande vaksinasjonsarbeidet. Vaksinar kan nemleg bli endra for å tilpassast nettopp slike nye mutasjonar.

– Den nye vaksineteknologien med bruk av m-RNA gjer at ein kan endre vaksinane slik at dei kan målrettast mot nye variantar av viruset. Dermed byrjar ein ikkje frå scratch dersom nye variantar som noverande vaksinar ikkje bit på, skulle dukke opp, seier Line Vold.