Usikker på koronareglane? Denne låten forklarar alt
Jon Niklas Rønning har laga musikk av smittevernreglane – og Folkehelseinstituttet gjev tommel opp.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Synest du det er vanskeleg å forstå dei siste smittevernreglane?
Kanskje vert det lettare om dei er skrivne som ein sang og akkompagnerte av gitar?
«Du må bare være hjemme, og for guds skyld ikke glemme
Espen Nakstad har bestemt hvor mange venner du kan ha.
Men ikke la deg provosere, om du synest dette minner mere
om et asiatisk gameshow ingen skjønner noe av.»
Komikar Jon Niklas Rønning og Trond Hanssen har nemleg gjort smitteverntiltaka om til ein låt, som ein del av den nye serien «Ukens Rønning».
FHI: – Deler med glede
Låten har heller ikkje gått Folkehelseinstituttet forbi, som både gjev tommel opp og re-deler songen på sin Twitter-profil.
Denne deler vi med glede??? https://t.co/YOpi8sid60
— Folkehelseinstituttet (@Folkehelseinst) November 19, 2020
- Er du litt usikker på kva greia er med munnbind? Korleis brukar du det og kor ofte må du skifte? Kva om du brukar hijab eller briller? Her får du svar!