Frå «koronavirus» til «hvordan permittere ansatte» – dette søkte nordmenn mest på i 2020
Koronapandemien har smitta over på Google sin søkestatistikk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På tampen av kvart år gjev Google eit innblikk i kva nordmenn har søkt mest på i året som har gått.
For 2020 er det ikkje overraskande at korona er på søketoppen.
Den mest brukte søkefrasen er «koronavirus», det mest søkte hva er-spørsmålet er «hva er en pandemi» og det mest populære hvordan-spørsmålet er «hvordan smitter coronaviruset».
– 2020 er eit historisk år som vil verte hugsa for koronapandemien. Det kjem nok difor ikkje som noka stor overrasking at koronaviruset dominerer nordmenns søk dette året, seier fungerande kommunikasjonssjef i Google Noreg, Andrea Lewis Åkerman, i ei pressemelding.
«Joe Biden»
Det er ikkje berre koronapandemien som har fått nordmenn til å ty til Google, også den amerikanske presidentkampen har nådd inn i norske heimar.
– Nordmenn ser ut til å ha følgt det amerikanske valet tett, og nytta seg av Google til å lære meir om korleis det eigentleg går føre seg. «Hva er valgmenn?» har dei mellom anna òg lurt på, seier Åkerman i pressemeldinga.
Den amerikanske innverknaden er også tydeleg på personssøk-toppen. Komande president Joe Biden, er personen flest nordmenn har søkt på. På andre plass kjem NBA-legenden Kobe Bryant, som miste livet i ei helikopterulukke i slutten av januar.
Først på 6. plass kjem eit norskt namn, nemleg Angelina Jordan som i år har imponert med sangferdigheitene sine i America’s Got Talent: The Champions. På plassen etter kjem Jahn Teigen.
Her kan du sjå dei fullstendige listene:
Søkeord:
Hva…
Hvordan…
Personar
Er du ein av dei som måte søkje opp «hvordan bruke munnbind»? Du får svar på alle munnbind-spørsmåla dine i denne saka!