For eitt år sidan vart lovforslaget stemt ned, men no vert likekjønna par endeleg juridisk anerkjende i Montenegro.
mm

Onsdag vedtok parlamentet i Montenegro ei lov som legaliserer likekjønna partnerskap, og vart då det første landet på Vest-Balkan som juridisk anerkjenner likekjønna par.

– [Det er] ei stadfesting på at samfunnet vårt modnast, aksepterer og lever med ulikskapar. Fødde frie og like i verdigheit og rettar, skreiv presidenten Milo Djukanovic på Twitter.

Det var Deutsche Welle som først omtalte saka.

– Historisk dag

Lova gjev likekjønna par dei same rettane som heterofile, men utan mogelegheita til å adoptere born.

42 av dei 81 medlemmane i parlamentet stemde for lova, som for berre eitt år sidan vart stemd ned. Berre fem stemde mot.

Ifølgje Deutsche Welle valde dei fleste motstandarane av lova å ikkje stemme, og skildra likekjønna sivilt partnarskap som noko dei vert påtvinga av «globale verds-satanistar».

Då resultatet var klart kunne den montenegriske organisasjonen LGBT Forum Progres  omsider sleppe jubelen laus:

– [Dette er ein] historisk dag for oss alle og LHBTI-rørsla i Montenegro! skriv dei på Twitter.

Montenegro er også i forhandlingar med EU om medlemskap, og den montenegriske presidenten skriv på Twitter at landet no er «eit steg nærare å verte med i dei mest utvikla verdsdemokratia».

Allereie i 2013 hadde TIME desse framsidene, men amerikanske likekjønna par måtte vente endå eit par år før dei fekk gifte seg. Faksimile: TIME
Oppdatert: torsdag 2. juli 2020 11.46
ANNONSE