Klesdesignaren spør seg sjølv: «På kva måte er det eigentleg miljøvennleg å laga meir?»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den sjøsamiske klesdesignaren, Ramona Salo Myrseth (28), meiner berekraft er ei sjølvfølgje for dei fleste urfolk.

– For meg er urfolk verdsfolk. Alle saman er urfolk og i botn og grunn har me alle den same interessa om å ta vare på ressursane og jorda. For meg er dette ei verdsand.

Ho har teke med seg denne verdien inn i moteindustrien, som vert sett på som ein av miljøverstingane.

Samehat og urfolksstoltheit

28-åringen vaks opp i Birtavarre i Kåfjord i Troms og har både sjøsamiske, finske og nordnorske røter. Då kommunen vart ein del av det samiske forvaltningsområdet i 1992, vekte det så mykje harme at dei samiske skilta vart skotne ned.

Samstundes husar bygda også den internasjonalt anerkjente urfolksfestivalen Riddu Riđđu, som Myrseth skildrar som ein slags Øyafestivalen for å spotta koftetrender.

– Eg er veldig interessert i kva som er ein identitetsmarkør i ein kultur. Kva boksar må du krysse av for å tilhøyre ein kultur? For mange er jo kofta eit veldig viktig symbolsk plagg. Det er eit veldig lada plagg som viser kva folk har kjempa for, viser identitet og veldig mykje handverk, seier Myrseth.

Klesdesignar Ramona Salo Myrseth har sett føre seg reiseklede i kolleksjonen «Den samiske halvtimen». Dette antrekket er kjøpt inn av Nasjonalmuseet. Foto: Alberto Palladino

Ho fortel at ho på sett og vis føler seg både inni og litt utanfor det samiske miljøet.

– Veldig mykje av det eg jobbar med handlar om å vere midt i mellom. Midt i mellom kultur, eller midt i mellom mange ulike stadium. Og midt i mellom mote og kunst, forklarar Myrseth, som er oppteken av at designet hennar skal vere inkluderande.

Draumen om motemoloen

Allereie som lita drøymde ho om å vinke frå runwayen etter enda show, slik som store motenamn som Marc Jacobs og Vivienne Westwood. Ho elska å kle seg ut og før ho kunne sy, stifta ho saman klede.

Trass i dette enda ho opp med å ta ein bachelorgrad i kriminologi.

– Eg tenkte meg ein karriere innan mote, men samstundes likte eg ikkje kva den karrieren innebar, seier Myrseth.

Ho fortel at ho fekk ein bismak i munnen av heile industrien. Kva for ein rett hadde ho til å sitje og designe ting som gjerne skulle produserast i Kina?

Leiarstjerne i D2

Då ho i 2018 leverte mastergrada si «Den samiske halvtimen»  ved Kunsthøgskolen i Oslo, fekk ho mellom anna Doga-pris for årets nykommar, vart nominert til Årets kunstnar av Subjekt og kåra til ei av 30 ledestjerner under 30 av DN-magasinet D2.

For Myrseth vart utmerkinga som «Lederstjerne» ei anerkjenning av korleis ho har gått inn i miljøverstingen moteindustrien, på sine eigne premiss og «stått i mot presset» om å vera kommersiell, å masseprodusera og selja produkta sine i butikk.

Lederstjerne-stempelet fekk ho av DN som hadde plukka ut 30 personar under 30 år, som dei trur kjem til å gjere verda til ein betre stad. Myrseth peikar på at det i grunn er sjølvmotsigande å vere leiarstjerne, når ho er klesdesignar og produserer varer.

– På kva måte er det eigentleg miljøvennleg å laga meir?

Ramona Salo Myrseth vil vera ein designar for alle. Dette biletet er frå kolleksjonen «Stories from Saivu». Foto: Stian Mauricio Foss

Vil vidarføra samiske verdiar

Klesdesignaren vil difor føra vidare nøkternheit i arbeidet. Ein faktor ho ser på som ein viktig samisk verdi.

–  Me som designarar må innsjå at me ikkje har retten til å berre lage mykje. Berre fordi me har teke denne utdanninga og har ein moglegheit, betyr det ikkje at me skal lage mest mogleg, understrekar ho.

Myrseth håpar både bransjen, forbrukarane og media kan bli litt smartare.

– Me må omstille oss, om me skal halde fram. Alle treng ikkje lage økologiske t-skjorter. Det er berre tull, flirar klesdesignerer, som spekulerer i om det «kanskje er den største scammen».

Klesdesignar Ramona Salo Myrseth (28) har mange jern i elden. Ho er kostymedesignar på ikkje mindre enn tre ulike framsyningar: Stine Janvin si «SOLD» på Borealis, «Arv og Landskap» på Riksscenen og «Čázevulošnieida – Undervannsjenta» av Katarina Skår Lisa, som har premiere på Festspillene i Nord-Norge 2021.

– Umogleg å halde fram som før

Den unge designaren ser likevel at både bransjen og verda har endra seg sidan ho byrja å drøyme om å verte klesdesignar, og bismaken ho hadde for industrien er blitt mindre med tida.

No jobbar ho ut i frå eit tiårsperspektiv og prøver å finne ut kva det vil seia å vere klesdesignar i dag, i morgon og i tida framover.

– Eg vil jo framleis vere i motebransjen. Eg vil berre ikkje gjere det på dei premissa som finst. Eg vil gjera det på mine eigne premiss og eg vil vere forut for endringa som eg veit kjem. Det må kome, for det er heilt umogleg å halde fram som før.

– Mest av alt gjer eg dette for min eigen del. Eg får ein bismak i munnen om eg har for mange nye klede. Det skal ikkje så mykje til, fortel Hilde Selvikvåg (t.h.) Saman med Ingrid Bergtun (t.v.) vil artisten vise at berekraftig mote er kult. Foto: Victoria Bergort