Då eg var 20: Odd Nordstoga levde på pasta som student

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg lytta blant anna mykje til Knut Reiersrud, Kari Bremnes, litt på The September When, Bruce Springsteen og Dire Straits.

Odd Nordstoga er ein norsk musikar frå Vinje i Telemark. Han jobbar mest som soloartist, men har også samarbeida med andre artistar som Tuva Syvertsen.

Framtida.no har intervjua Nordstoga om 20-åra hans, både om han og samfunnet rundt han.

Pasta Di Parma

– Hugsar du noko frå då du var tjue?

– Då eg var 18 var eg i tredje gymnas. Då eg var 19 var eg på folkehøgskule, og då eg var 20 var eg i militæret.

Dagane til Nordstoga var aldri like. Om morgonen gjekk han på lærarskulen. Det tok litt tid før han blei vand med det frie studentlivet, fordi han kom frå eit samfunn med rutinar og lekser; militæret og gymnaset.

Han hadde ikkje så mykje pengar på den tida, som gjorde at maten for det meste vart Pasta Di Parma. Odd og venane åt mykje på Pastasentralen, og så fann dei ut at å lage pasta blanda med egg var kjempebillig.

– Så då fekk eg middag som kosta 5 kroner, eller i alle fall veldig lite. Og så kjøpte eg kneipp som kosta 6 kroner, så det var veldig billig då.

I 1991 vann Knut Reiersrud og Iver Kleive Spellemann i Open klasse:

Frykta lånet etter lærarutdanninga

Nordstoga var også mykje med jenter og kvardagane var ganske flytande. Det var gøy og fritt å væra student, men då han begynte å skjønna at det nærma seg slutten, blei han litt lei student livet; at alt kvar dag skulle vera ustrukturert.

– Kva tenkte du om framtida og livet?

– Det var veldig lite tankar om det.

For Nordstoga, så var det meir her og no. Han tok utdanning som førte til studielån, og syntest det var skummelt. Kva han skulle gjere etter lærarskule, låg i tankane. Seinare kom han til Oslo og blei deretter verande der.

30 år gamle Odd Nordstoga var ein av bidragsytarane på Frelsesarmeen si plate «Stolpesko». Her framfører han låten «Sjel og sang». Foto: Terje Bendiksby / NTB

Platekontrakt som 25-åring

– Kva er det sterkaste minnet du har frå 20-åra?

– Å vera student i Bergen og spela irsk folk-rock musikk.

Han gjekk også på lærarskulen og syntest det var heilt greitt, men han fortel det ikkje var noko viktig for han.

Det som var det store i 20-åra for Nordstoga, var det å prøve å bli musikant. Det var mykje speling og farting rundt, han spelte blant anna med Roald Kaldestad.

Då han var 25 fekk han sin første platekontrakt og trudde han skulle bli stor og kjend med ein gong, men det skjedde ikkje.

Murens fall og Nirvanas gjennombrot

– Var det noko spesielt som skjedde rundt den tid?

– Det var rett etter den murens fall, og rett etter at det var slikt nytt i Russland.

Han fortel at i 1991 hadde Berlinmuren falt og Sovjetunionen kollapsa. Det førte til at militæret han var i, blei litt omorganisert. Det blei ikkje heilt det same, og det vart ikkje lenger så viktig med den ståande hæren i nord.

Det var også då Nirvana slo gjennom og folk begynte å gå med blant anna svarte klede og dongeribukser.

Til spørsmålet om han hugsar noko frå 20-årsdagen sin, svarar Nordstoga raskt: «Ikkje noko ting», før han tenker seg om.

– Eg trur eg var på ein plass som heiter Lahaugmoen militærleir.

– Ver grei med mor og far din, og søskena dine

Hadde han møtt seg sjølv som tjue åring, hadde Nordstoga tenkt at han verkar som ein litt naiv, sjarmerande fyr som trur på seg sjølv.

– Kva råd ville du gitt deg sjølv?

– Stå på gut og pass på å vere grei med mor og far din, og søskena dine.


Les også: Då eg var 20: Jon Niklas Rønning laga tullenyheiter som han la i hylla til Thorvald Stoltenberg

Jon Niklas Rønning var berre seks år gamal då han fann ut at det var humor han ville drive med. Foto: Privat