Ei annleis jul: Samir (25) trudde jula ikkje var for han og Solveig (23) lét som alt gjekk fint

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 18.12.2020 16:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Jula skal vere perfekt, og det er på ein måte ein tanke at alle har det bra i jula, men det er ikkje realiteten, seier Solveig Bjerknes Halvorsen på telefon til Framtida.no.

23-åringen frå Asker er psykologistudent i Bergen, og ein av bidragsytarane i det nye juleheftet Tid for jul. Der skriv 24 personar, i forskjellige aldrar og med forskjellige bakgrunnar, om julehøgtida og kva den kan innebere.

Solveig Halvorsen har skrive om desemberdagane i fjor, då ho miste faren sin, Tor Elling, til kreft.

– Då dette skjedde med oss, kjende eg meg veldig åleine. Det eg håpar er at nokon i liknande situasjonar kjenner seg mindre åleine ved å lese det. Dette er noko eg kunne trunge i fjor. 

– Det har vore vanskeleg å kjenne på det i det siste, for det har vore så mykje anna som har hendt med korona og skule, så det var fint å få skrive om det, og bearbeide det på den måten, fortel Solveig Halvorsen. Foto: Privat

Ei jul utanfor

Faren til Solveig hadde fått diagnosen blindtarmskreft året før, men i november 2019 fekk familien beskjed om at han ikkje ville leve til jul.

Adventstid med julebakst og gløgg vart bytt ut med våkenetter og sjukesenger.

3. desember miste ho far sin. Han som hadde kledd seg ut som julenisse då ho var yngre. Han ho stod på skøyter med kvar jul. Han som tok ho med på skitur og fjelltur. Han som knytte ho til heimstaden og huset ho hadde vakse opp i.

– Jula har alltid vore veldig familietid for min del. Sjølv om eg har hatt skilde foreldre, så er det då vi har møttest, fortel Solveig Halvorsen. Foto: Privat

 – Eg følte eg var veldig utanfor då alle andre gjorde seg klare til jul, og så sit du der og er heilt øydelagd, seier 23-åringen og legg til:

– Du kan ikkje øydelegge den tida for andre heller, så eg måtte litt late som. 

Hennar eiga juletid stod i sterk kontrast til den ho såg på Instagram-feeden til andre, med bilete frå julebord, skiferiar og store smil.

Som ho sjølv skriv i juleheftet:

«I mellomtiden, hadde vi vært oppslukt i en verden av leger og sykepleiere med dårlige nyheter og strenge beskjeder, morfin-pumper, injeksjoner, velmente støtteerklæringer, oppkastbøtter, ernæringstilskudd, panikk og passivitet. Vi hadde også vært opptatt med å holde hender og ha fine «dette-kan-være-siste-gang»-samtaler.»

– Det som har vore veldig kleint i prosessen er at eg har måtta mase på folk, og det eg hatar mest er å mase på folk. Det vert veldig mamma-aktig: «No må eg ha biografien, no må eg ha teksten», seier Mahmona Khan og ler. Foto: Privat

Frå idé til julehefte på under éin månad

– Det har vore viktig at det ikkje berre er snakk om glitter og stas og er veldig koseleg, men å vise fram fleire sider ved kva jul kan vere, fortel Mahmona Khan (47) på telefon til Framtida.no.

Forfattaren og serieskaparen er motoren bak Tid for jul. I fleire år hadde ho sakna eit større mangfald og fleire perspektiv i julehefter og julebøker.

Alle har eit forhold til jula – anten ein feirer eller ikkje – men alle har ikkje det same forholdet til jula.

Kvifor er det berre den hyggelege standardhistoria som får plass?

Idéen om eit julehefte kom til ho ein kveld i starten av november, då ho var i Bergen for å besøke dottera som er student i byen og for å nyte nokre dagar fri etter eit hektisk år.

– Det sa «pling»! Det var ein kombinasjon av to ting – at alt kjennest så vanskeleg no og at eg er veldig glad i jul sjølv, forklarar Khan og peikar på både koronapandemien og at verda kjennest meir prega av ekstremisme og polarisering. 

Årets julehefte er digitalt, men til neste år er det planlagt ei papirutgåve på Enaforlag. Nokre av årets bidrag vert med vidare, medan andre vert nyskrivne.

– Morgonen etter, då eg eigentleg skulle kvile, hadde eg hendene fulle.

Khan visste at ho hadde gjeve seg sjølv ei enorm oppgåve: Ho ville ferdigstille eit julehefte på tre veker.

Sjølv om ho betalte alt frå eiga lomme, var det for dårleg tid til å få trykt noko. Difor pussa Khan støv av ferdigheitene sine som web-redaktør, såg Youtube-forklaringsvideoar, kjøpte seg eit domene og mekka eit digitalt julehefte på eiga hand.

– Eg har ikkje hatt éin dag fri sidan 5. november, og har sove dårleg, men det er gøy.

Måtte gøyme juletreet på verandaen

Jula var ein magisk del av Mahmona Khan sin eigen barndom, men det var ikkje ei høgtid dei feira i familien hennar.

– Det var vanskeleg for foreldra mine å forstå at dette ikkje berre er ei kristen høgtid, men ein vinterfest, fortel Khan, som har pakistansk opphav.

Men eit av dei beste juleminna ho har, var då mora gjekk med på å skaffe eit juletre til heimen. Ho arbeidde på eldreheim, og bar juletreet med seg på bussen heim til Bredtveit.

– Vi dansa til og med rundt juletreet, og mamma og pappa lo seg ihjel. Dei syntest det var kjemperart. Men då vi skulle få besøk frå ein annan pakistansk familie, då måtte vi gøyme treet på verandaen vår, for det måtte ikkje dei sjå, fortel Khan.

– Vi hadde ikkje gåver, men kunne pakke inn ting vi allereie hadde for det var koseleg, minnest Mahmona Khan. – Jula handlar jo ikkje om ting, men om samhaldet og varmen det gjev, det er det som står att. Foto: Privat

Som vaksen har Mahmona Khan vorte det ho sjølv kallar ein slags «julegeneral», ho køyrer full pakke og smitteeffekten har ført til at alle i familien hennar også har juletre i heimen.

Men ho medgjev at høgtida i år vert annleis, og for mange utfordrande.

– Kvar jul er fokuset på alt det som er hyggeleg og koseleg, men det er nokon som sit åleine og nokre som opplever forferdelege ting, seier Khan og utdjupar:

– Eg håpar at i år er jula der vi tenkjer på dei som har hatt denne situasjonen utan koronapandemien. Dei som ikkje har hatt mogelegheita til å feire med nokon. At vi skjønar korleis det er å vere åleine. Kor viktig det er å ta initiativ og inkludere – ei solidaritetskjensle.

– Tenkte jula er ikkje for meg

Samir Madad arbeider som ungdomsleiar hjå Antirasistisk senter, og er også fotograf og kunstnar. Foto: Privat

– Då eg var yngre var eg litt mot jula. Eg vart litt påverka av folk som ikkje er progressive, og ikkje ynskjer ein ny tradisjon velkomen, og tenkte at jula er ikkje for meg, fortel Samir Madad (25) på telefon til Framtida.no.

– Etter kvart som eg har vorte eldre og fått mine eigne meiningar, har eg funne ut at eg ikkje kan høyre på dei. Eg må gjere det som kjennest riktig. 

Og det som kjennest riktig for Samir Madad er å feire jul.

Samir Madad og familien hans kom til Noreg i 2003 frå Afghanistan. I Afghanistan var dei vane med å feire russisk jul som 25-åringen skildrar som meir fargerik og med annleis mat – men på Sunnmøre vart dei inviterte heim til eit eldre par på julefeiring med pinnekjøt og julepølser. 

Paret vart som besteforeldre for Samir Madad og syskena, og dei feirar framleis jula saman med Åse og Sverre når det let seg gjere.

Då Madad-familien flytta til Oslo to år seinare tok dei julefeiringa frå Sunnmøre med seg.

– Ei av dei første julene vi hadde åleine, då kjøpte mamma eit plastjuletre frå Europris. Det var så lite, like lite som ein nattbordslampe. Eg kom heim frå skulen kvar dag, og det lukta jul. 

Om Samir Madad mimrar tilbake kjenner han framleis lukta av klementinar, gløgg og risgraut.

Samir Madad skal feire jul saman med familien, deriblant veslebroren. Foto. Samir Madad

Norske verdiar endrar seg

For Samir Madad var det viktig å stille opp i juleheftet for å vise at det ikkje er ein standardmal for korleis ein nordmann ser ut, eller korleis ein nordmann feirar jul.

– Dei norske verdiane endrar seg heile tida, og det er greitt, seier Madad. 

– Vi må endre forståinga av kor mange ikkje-etniske nordmenn som feirar jul, for det er mange, men det er ikkje alle som har mogelegheita eller pengane til å feire på same måte. 

Anten ein bur på Stovner eller på Sunnmøre, er kristen eller sikh  jula rommar alle. Tradisjonar utviklar seg, og det er plass til ein russisk oliviersalat på julebordet ved sidan av pinnekjøtet eller svineribba.

For Samir Madad er ikkje høgtida religiøs. Det handlar om å samlast rundt eit bord med god mat og oppleve ting saman.

– No som eg har vorte eldre, kjenner eg meir julekjensle enn som barn. Som barn var det berre gløgg, poteter og julepølser, men no er det samankomsten som er viktig for meg, seier 25-åringen.

I år fryktar han likevel at jula vert einsam for mange, og det er òg det diktet han har skrive i juleheftet handlar om. Han tenkjer på dei som er koronafaste og lyt feira jula åleine eller saman med kollektivkameratar dei berre vekslar eit par ord med til vanleg.

– Men det er ei fin påminning om at du kan drikke ein varm kakao, medan du ser det snør ute.

Foto: Samir Madad

– Ingenting kjendest ekte

No har det gått eitt år sidan Solveig Halvorsen mista faren sin. På eittårsdagen gjekk ho på fjelltur for å minnast han.

– Det har vore tider ein trur ein ikkje klarar seg, men ein må prøve å kome seg vidare. Då hjelper det å gjere ting ein veit ein kunne gjort saman. 

I år skal ho feire jul i Lærdal, saman med mor si. Det vert berre dei to, for systera bur i Canada og koronapandemien gjer at ho ikkje kjem seg heim til høgtida.

23-åringen fortel at ho gruar seg litt, for det vert rart og vanskeleg å få fram den godkjensla ho tidlegare har hatt i jula.

– Det er ting vi ikkje får gjort etter at noko slikt skjer, og det er rart å gå vidare utan nokon så viktig. I fjor feira vi julaftan, men då kjendest ingenting ekte. Det kjennest litt som det vert første gong i år.

Men dei prøvar, og samstundes skal Solveig Halvorsen halde fram med å gå turar faren hadde likt og stå på skøyter i jula.

– Vi var mykje ute saman i naturen, og om eg dreg ut på tur, så kjenner eg at han er med meg.


– Folk trekk seg veldig, veldig ofte, seier Tomine Bauge (19), om reaksjonane ho får på at far hennar er død. Foto: Andrea Nøttveit