Einsemdspartiet er godkjent som landsdekkjande parti

Måndag vart Einsemdspartiet til Else Kåss Furuseth stadfesta som landsdekkjande parti etter at TV-profilen samla inn dei nødvendige 5000 underskriftene.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– No handlar det om å fortene tilliten. Den eine, vesle delen av det er å overtyde folk om at dette ikkje er ein vits, seier Furuseth til TV 2.

Godkjenninga gir partiet ein viktig fordel – det blir enklare å stille lister over heile landet. No startar arbeidet med å opprette lokallag og fylkeslister.

Furuseth har fått med seg eit sterkt kjendislag i partileiing og styre, inkludert programleiar Solveig Kloppen, komikar Lars Berrum og søstera Cecilie Ramona Kåss Furuseth.

44-åringen ønskjer at Einsemdspartiet skal leggje press på politikarane når det gjeld psykisk helse, einsemd og sjølvmord. Furuseth mista sjølv både mora og bror sin i sjølvmord.