Isbreane blir større, men trekker seg framleis tilbake

Ein uvanleg snørik vinter har sørgt for at mange norske isbrear har større masse enn i 2019, men dei fleste har likevel trekt seg bakover.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjort målingar av 30 brefrontar, som utgjer 12 prosent av brearealet i Noreg, skriv direktoratet i ei pressemelding.

Størst tilbakegang i år hadde Gråfjelsbreen ved Folgefonna og Engabreen ved Svartisen, som trekte seg tilbake heile 47 og 46 meter målt mot året før. 23 av 30 brefrontar har trekt seg tilbake.

Minka 15 meter på 20 år

I tillegg har seks av breane som dei har fått målt hatt eit masseoverskot. Målinga av massebalanse handlar om forholdet mellom kor mykje snø som legg seg på breen om vinteren, og kor mykje som smeltar om sommaren.

– Breane i Noreg har den same utviklinga som breane i resten av verda. Årsaka til at brefrontane trekker seg tilbake er at massebalansen har vore negativ i lengre tid. Dei ti breane der vi måler massebalanse har i gjennomsnitt minka om lag 15 meter i tjukn sidan år 2000, forklarer glasiolog Hallgeir Elvehøy i NVE.


Unge verda over har vorte inspirerte av Greta Thunberg, desse klimaaktivistane vil ikkje gje seg før dei ser reell endring– Landet er nesten dekka av røyk, og situasjonen er desperat, fortel brasilianske Iohana (16)

Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no