Halvparten av ungdomspartileiarane har teke koronatest – her er deira nærkontaktar og karantenehobbyar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiar i Unge Høgre,
Ola Svenneby. Foto: Unge Høgre

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby

Tal på koronatestar: 1.
Årets nærkontakt: Generalsekretæren i Unge Høgre, Mille Christensen.
Årets helt: Pfizer og BioNTech.
Serien eg såg i karantene: Friends, Modern Family og The Crown.
Karantenehobby: Søvn.
Draumeoverskrift for 2021: «Landsmoderen, Erna Solberg, gjenvalgt for andre gang.»

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby fekk eit høgdepunkt i 2020 då han 3. oktober i år vart vald til ny leiar i ungdomspartiet etter ei spanande kampvotering mot Amalie Gunnufsen, som var innstilt av valkomiteen.

– Kva er det som har gledd deg mest i året som gjekk?

– Sosiale lag med venene mine, anten dei var digitale eller fysiske. Sommaren 2020 synest eg faktisk var både bra og innhaldsrik. 

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby sitt bilete av favorittminnet sitt talar for seg. 3. oktober vart han valt til ny leiar i ei spanande kampvotering på landsmøtet. Foto: Unge Høgre

– Kva har skuffa deg mest?

– Brødhovud som framleis benektar effekten til vaksinar og som nektar å ta vaksinar, og heller vel å setje familie, vener, eldre, gamle og andre i livsfare.

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– At liva våre kan gå tilbake til normalen.

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over? 

– Gje ein klem til besteforeldra mine.


KrFU-leiar Edel-Marie Haukland. Foto: Henrik Peder Govertsen/KrFU

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland

Tal på koronatestar: Berre éin så langt!
Årets nærkontakt: Mamma og kollektivet
Årets helt: Folka på =kaffe i Oslo. For alltid mine kvardagsheltar.
Serien eg såg i karantene: «Parks and recreation» for andre og tredje gang
Karantenehobby: Lage litervis med tomatsaus.
Draumeoverskrift for 2021: «Norge signerer atomvåpenforbud»

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland har òg funne noko å gle seg over i 2020:

– Å sjå korleis demokratiet vårt framleis fungerer godt i ei krisetid, svarar ho, og legg til:

– KrFU har fått gjennomslag i KrFs programutkast og mange KrFUarar på stortingslistene over heile landet. Det har blitt litt kake dette året også!

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland (t.h) synest kollektivet ho bur i har vore gull verd i koronatida. Her har dei bygd teppeslott i stova i sommar. Foto: Privat

– Kva har skuffa deg mest?

– Korona er ei krise i Noreg, men ei katastrofe i verden. Spesielt for utsatte grupper. Å sjå korleis LHBTIQ+, flyktninger, sultrammede og religiøse minoriteter blir fråtatt sine rettar og opplever rasisme og truslar om vald og overgrep i tillegg til Covid-19 har gjort inntrykk. Vi kan alltid gjere meir!

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– Folkeavstemming i Vest-Sahara, demokrati i Kviterussland, samtykkelov, klimakutt og klem frå besteforeldra mine.

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over?

Klemme alle eg møter på veg til Italia. Og så invitera til eit kjempearrangement der alle i KrFU kan møtast, debattere og ha det skikkeleg artig.


Senterungdomsleiar Torleik Svelle

Leiar i Senterungdommen, Torleik Svelle. Foto: Senterungdommen

Tal på koronatestar: Eg har tatt éin test.
Årets nærkontakt: Senterungdommens supre generalsekretær Oda Maria Hokstad
Årets helt: I år er det ikkje berre éin helt, men alle sjukepleiarar og helsearbeidarane som har kjempa mot korona er årets heltar. For det fortener dei betre løn og betre arbeidsvilkår!
Serien eg såg i karantene: Ikkje sett så mykje seriar, men blitt ein del Call of Duty: warzone. (Eg er ikkje så god, men det er artig lell)
Karantenehobby: Steike kjøtt og rulle pasta.
Draumeoverskrift for 2021: «Regjeringa letter alle koronarestriksjoner»/«Ny reisgjeringsplatform: Senterpartiet sin historiske satsning på distriktene»

Senterungdommen rakk å arrangera Vårslepp før landet stengde ned. Men også seinare har Senterungdomsleiar Torleik Svelle fått møtt partifellar.

– I perioden rett etter sommaren var det mogleg å reise rundt i landet og møte masse kunnskapsrike, dyktige og megaengasjerte senterungdommar! Etter ein periode med heimekontor og teams-møte var dette veldig stas!

Svelle gler seg òg over alle dei flinke ungdommene som har kome høgt oppe på Senterpartiet sine stortingslister.

– Ungdommen får viktige plassar og vi er sikra ei hand på rattet.

Senterungdommen rakk å arrangera Vårslepp, før landet stengde ned. Frå venstre: Politisk nestleiar Emma Berge Ness, leiar Torleik Svelle og organisatorisk nestleiar Dorthea Elverum. Foto: Privat

– Kva har skuffa deg mest?

– Det trur eg må vere når smitta begynte å stige igjen i november og vi på kort varsel måtte gjennomføra landsmøtet digitalt. Landsmøtet er noko av det mest fantastiske med ungdomspolitikken, det er etin stor politisk verkstad, ein møter nye og gamle vener og man kjenner på krafta som ligg i organisasjonen Senterungdommen.

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– Eg ønskjer meg ei vaksine som fungerer godt slik at vi kan begynne å opne samfunnet igjen. Eg gler meg til å ta folk i handa, snakke med masse folk om politikk og kva dei er opptatt av. Så ønskjer eg meg ein tøff og givande valkamp der vi kan vise folk kva som er Senterungdommen sine mål og korleis vi skal utvikle hele landet.

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over?

– Reise masse rundt og treffe senterungdommar frå heile landet. Så må eg innrømme at eg også skal dra på Heidis og danse på bordet.


Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus

Raud Ungdom-leiar Alberte T. Bekkhus. Pressefoto

Tal på koronatestar: Faktisk ingen! Eg har vore veldig flink til å halde avstand, og har i grunn ikkje hatt nokre symptom.
Årets nærkontakt: Kjærasten min<3
Årets helt: Alle som har jobba i frontlinja, både i helsesektoren, folk som jobbar i butikk, bussjåførar… Det er mange heltar i år.
Serien eg såg i karantene: Friends og RuPauls Drag Race
Karantenehobby: Overraskande nok, rydding!
Draumeoverskrift for 2021: «Pandemien er over, og skolevalget gjennomføres som normalt!»

Alberte Bekkhus vart vald til ny leiar i Raud Ungdom kort tid etter at landet stengde ned 12. mars.

– Det har vore ei stor glede å få lov til å leia verdas beste ungdomsorganisasjon, og å få den tilliten. Reint personleg har det vore veldig gjevande å få moglegheita til å gje tilbake.

Alberte Bekkhus og søstera på blåbærtur. – Biletet er teke av mor mi. Det var sommar, smitta var låg, sola skinte. Good times. Foto: Privat

– Men dette har også vore eit år der dei små gledene har blitt veldig store, understrekar Bekkhus.

Ho meiner at det å bade med vener, sjå besteforeldre, om enn på avstand, og kunne gje ein klem, er noko av det vakraste som finst.

– Kva har skuffa deg mest?

– På ein måte har heile dette året vore skuffande. Personleg har eg mest av alt skuffa meg sjølv. Det er klart at det er annleis å leie eit ungdomsparti under ein pandemi, og i år er det ekstra viktig å vere snill med seg sjølv. Likevel har korona, heimekontor og digitale møte teke meir av gnisten og kapasiteten enn eg hadde håpa.

– Politisk har det mest skuffande vore å sjå korleis profitt gang på gang har blitt sett over folkehelsa, fellesskapet og framtida.

– Og så avlyste RU sommarens vakraste eventyr: sommerleir! Dét var skuffande, det.

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– At pandemien går over, og at den handlekrafta som blei vist i møte med korona, også blir brukt for å fikse klimakrisa. No veit vi at vi kan gjennomføre store endringar på kort tid. Vi kan leggje om korleis vi lever på få dagar til veker. Heldigvis har vi meir tid i møte med klimakrisa, og vi kan gjennomføra omstillinga tryggare og meir kontrollert. Det hadde i alle fall hjelpt på klimaangsten!

I tillegg håpar ho at skulevalkampen kan gå som normalt, samt at Raudt kjem over sperregrensa og får masse folk på Stortinget!

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over?

– Sleike alt eg kjem over. Neida. Eg skal besøke besteforeldra mine og oldemor.


SU-leiar Synnøve Kronen Snyen

Synnøve Kronen Snyen i Sosialistisk ungdom. Foto: Presse

Tal på koronatestar: Eg har vore symptomfri heile året, så eg har sleppt å ta koronatestar i år!
Årets nærkontakt: Eg deler vanlegvis kontor med Luka som er generalsekretær i SU. Nå som vi har heimekontor er det henne eg saknar mest, det er meir morosamt å jobbe når ein har ein kollega ved sidan av seg.
Årets helt: Barnepsykologen Katrin Glatz Brubakk, som har vore frivillig i flyktningleiren Moria er årets helt. Ho har fortalt ærleg og brutalt kor forferdeleg borna i Moria har det.
Serien eg såg i karantene: Den danske politiske dramaserien Borgen. Den vil eg anbefala alle som anten er litt lei av, eller ikkje får nok av, det politiske dramaet i Noreg.
Karantenehobby: Eg har snart lese alle Harry Potter-bøkene på nytt i år.
Draumeoverskrift for 2021: «Klimasøksmålet vinner frem!»

For Synnøve Kronen Snyen var det ei stor glede å bli vald til ny leiar i Sosialistisk Ungdom i Sommar

– SU er ein fantastisk organisasjon, men fantastiske sosialistar, feministar, antirasistar og miljøaktivistar. Dei gir meg tru på at ei rettferdig verd er mogleg!

SU-leiar Synnøve Kronen Snyen har engasjert seg sterkt for borna i Moria i året som har gått. Foto: Privat

– Kva har skuffa deg mest?

– Det var skuffande å måtte digitalisere både SUs nasjonale vårkonferanse og høstkonferanse. Eg skulle veldig gjerne ha fått samlet organisasjonen, og det er ekstra skuffande at regjeringa har prioritert omsynet til sydenferiar og bedriftseigarar som ikkje vil betala for at arbeidarane må i karantene når dei kjem frå raude land over omsynet til at unge skal få delta i ungdomsorganisasjonar og anna fritidsaktivitet.

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– Eg håpar vi får ei ny regjering etter Stortingsvalet i september som gjer noko med den enorme ulikskapen i makt og rikdom, og som tek klimakrisa på alvor. Den neste Stortingsperioden kjem til å avgjere om Noreg når klimamåla i 2030, og vi har ikkje meir tid å kasta bort.

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over?

– Å gje venner og familie ein stor klem, og dra på konsert. Så eg håpar ikkje kulturlivet har gått konkurs innan den tid.


Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark

Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark. Foto: Oda Scheel, UV

Tal på koronatestar: Eg har heldigvis ikkje måtte gjera det. Eg synest det ser ordentleg ubehageleg ut, så eg satsar på å vere så god på smittevern at eg slepp å testa meg før vi får vaksine. Eg har heldigvis ikkje måtta gjere det. Eg synest det ser ordentleg ubehageleg ut.
Årets nærkontakt: Sambuaren min.
Årets helt: Helsevesenet.
Serien eg såg i karantene: Queens gambit
Karantenehobby: Matlaging. Vore god lenge, blitt dritgod no.
Draumeoverskrift for 2021: «Mustafa får bli i landet.»

Unge Venstre leiar Sondre Hansmark vart som mange andre skuffa då ungdomspartiet hans måtte avlysa sommarleiren på grunn av koronapandemien.

Eitt av årets høgdepunkt var ein tur med danskebåten for å vitja det danske søsterpartiet. Foto: Privat.

– Kva er det som har gledd deg mest i året som gjekk?
– At vi kjem til å nå det første klimamålet i norsk historie, sjølv utan «koronahjelp, og at utsleppa er dei lågaste på 27 år. Det viser at ei stemme på Venstre er ei stemme på kutt i klimagassutslepp.
– Kva er ditt største ønske for 2021?
– At Venstre skal fortsette i regjering. Fordi det gir oss kutt i klimagassutslepp, ein meir human flyktningpolitikk og ein ruspolitikk som hjelper i staden for å straffe folk.
– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over? 
– Alle dei kvardagslege tinga: sleppe å bekymra meg for 1-meteren eller kor mange eg kan ha på middagsbesøk. Eg skal senke skuldrene litt.

AUF-leiar Astrid Hoem

Astrid Willa Eide Hoem

AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem. Foto: Bernt Sønvisen, Arbeidarpartiet

Tal på koronatestar: 1
Årets nærkontakt: Tantebarnet mitt
Årets helt: Alle som har stått i bresjen mot pandemien: helsearbeidarar, butikkmedarbeidarar, reinhaldspersonell, vektarar med fleire. Dei fortener meir enn berre applaus. Dei fortener trygge arbeidsforhold og lønnsauke
Serien eg såg i karantene: Downton Abbey. Alle sesongane + filmen.
Karantenehobby: Surdeigsbrød, som alle andre. Laga 52 stykk. Ingen blei bra.
Draumeoverskrift for 2021: «Klimakrisa stansa og ulikheten har gått ned!»

AUF-leiar Astrid Hoem har i 2020 gledd seg over å sjå at generasjonar over heile verda har stått opp mot den strukturelle rasismen.

– Kva har skuffa deg mest?

– At vi har ei regjering som verken tek klima eller aukende forskjellar på alvor.

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– Ei ny regjering som lyttar til vanlege folk.

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over? 

– Vere fysisk saman med det aller beste laget – alle AUFarane.

AUF-leiar Astrid Hoem har som mange andre laga surdeigsbrød i 2020, men med lite hell. Foto: Privat


FpU-leiar Andreas Brännström. Foto: FpU

FPU-leiar Andreas Brännström

Tal på koronatestar: Null, har ikkje testa meg.
Årets nærkontakt: Min sambuar.
Årets helt: Koronavaksina.
Serien eg såg i karantene: Suits.
Karantenehobby: Oppussing.
Draumeoverskrift for 2021: «Skattene går ned, oljen går opp!»

I koronaåret 2020 har Fpu-leiar Andreas Brännström gledd seg over å sjå kor godt mekanismane i samfunnet fungerer.

– Kor dyktige og raske folk og bedrifter er til å omstille seg, stille opp for andre og tilpasse seg ein så dramatisk situasjon. Ting har fungert overraskande bra, på tross av ein dramatisk pandemi. Pandemien har også fått folk til å stoppe litt opp, ta en pust i bakken, og eg trur mange har innsett at alt er ikkje like viktig.

FpUs landsmøte i august var eit av få større fysiske møte. Der vart Andreas Brännström valt til formann i FpU. Foto: Markus Endresen

– Kva har skuffa deg mest?

– Eg er ikkje skuffa over noko spesielt, men eg hadde større forventingar til 2020 enn pandemi og lockdown. Sjølv om heile året har vore ei surrealistisk oppleving i seg sjølv, så håpa eg at 2020 inneheldt fleire sosiale og uforgløymelege opplevingar og minne, og mindre heimekontor og avstand. Eg er skuffa over heilskapen, som Høgre ville sagt. Vi får satse på at 2021 gjer tidenes comeback.

– Kva er ditt største ønske for 2021?

– At korona er historie. Meir enn det treng eg eigentleg ikkje ønske meg. Eller forresten, at vi gjer ein gjennomført bra valkamp og leverer eit godt resultat. Og viss eg får oppfylt eitt til så er det at skattene går ned og sysselsettinga går opp.

– Kva er det første du skal gjere når koronapandemien over?

– Dra på fotballkamp. Og kanskje ein utanlandstur. Ser også veldig fram til fysiske konferansar, debattar og møte.

Framtida.no har ikkje lukkast med å få svar frå talspersonane i Grøn Ungdom.


Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus (t.v), Press-leiar Mina Vinje og Senterungdommen-leiar Torleik Velle oppmodar regjeringa til å evakuere barnefamiliar frå Moria. Foto av Bekkhus og Svelle: Frå Instagram. Foto av Vinje: Pressemelding