Best å veksa opp i ein liten kommune med stort budsjett: – Me vert tekne på alvor

Andreas Brattåker Støyva
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år rangerer UNICEF landets kommunar etter kor høgt dei prioriterer barn og unge i budsjettet.

Den nyaste analysen tyder på at det er best å veksa opp i ein liten kommune med stort budsjett. Ein kommune som gjorde det særs godt i analysen frå 2020, er Vinje, i Vestfold og Telemark.

Ungdoms- og fritidsleiar i Vinje kommune, Silje Hagen, forklarar dei gode resultata slik:

– Barn og unge er ein del av satsinga til kommunen. Samskaping er også ei satsing av
kommunen for å bli betre i tenesteytinga ut til unge og befolkninga elles i kommunen. Så har me jo til dømes ungdomsrådet, som vart konstituert hausten 2019. Det har vore veldig positivt. Dei er engasjerte, og me prøver å engasjera dei mest mogleg.

UNICEF si undersøking tok utgangspunkt i fem sektorar, barnehage, grunnskule, barnevern, helseteneste og kulturtilbod.

Seksualundervisning og skyss heim

Leiar av det ferske ungdomsrådet, Ida Bitustøyl (17), skriv i ein e-post til Framtida.no at ungdomsrådet fyrst og fremst arbeider med saker som påverkar ungdommane i Vinje.

Leiar av ungdomsrådet i Vinje, Ida Bitustøyl.
Foto: Privat

Dei møtast tre gonger i halvåret, og har hatt digitale møte under koronapandemien.

– Me snakkar om det som opptek oss når me samlast på kommunehuset. Deretter legg me inn forslag og tillegg i sakene me vil ta opp.

Saker som har vore viktige for rådet den siste tida, er seksualundervisning og eit konsept dei kallar «heim for ein 50-lapp». Dei ynskjer seksualundervisning ein gong kvar tredje veke, og at folk skal kunne koma seg heim frå fest for 50 kroner.

– Heim for ein 50-lapp er viktig for oss fordi det er eit stort problem blant unge i kommunen at dei ikkje kjem seg heim frå festar, og i staden vel å køyra i ruspåverka tilstand.

Bra fyrste år, men mykje å jobba med

17-åringen meiner ungdomsrådet er viktig for å fremja ungdommen sitt syn på ulike saker, og for at ungdommen skal trivast i kommunen. Ho er nøgd med korleis dei vert møtte av dei vaksne i kommunen.

– Eg føler at me vert tekne på alvor, og at dei vaksne er interesserte i meiningane våre.

Det har vore eit bra fyrste år. Rådsleiaren har lært mykje om politiske prosessar, og at vegen frå idé til gjennomføring er lang.

Sjølv om det fyrste året har vore vellukka, er ho klar på kva som må jobbast med, for å gjera Vinje til ein endå betre kommune for barn og unge.

– Ungdomsmiljøet i kommunen er veldig variert. Difor har me framleis ikkje nok fritidstilbod som rekk ut til alle, men dette er noko me jobbar med, og vil halda fram med å jobba med.

Silje Hagen, som er rådet sin kontaktperson i kommunen, kan fortelja at ungdomsrådet vil leggja fram ein eigen handlingsplan, noko ho ser på som veldig positivt.

Men, det er ikkje berre ungdomsrådet som gjer Vinje til ein god kommune å veksa opp i.

Satsar på barn og unge

Silje Hagen, ungdoms- og fritidsleiar i Vinje kommune, er ungdomsrådet sin kontaktperson i kommunen.
Foto: Privat

– Me driv mellom anna også med eit eige førebyggande arbeid, mot vald og overgrep i nære relasjonar. Dette er eit område me arbeider med, og vil arbeida med i åra som kjem.

Hagen fortel at dei har denne tematikken i fokus, gjennom ulike program både i barnehagen og skulen. Annakvart år blir det satt av èi heil veke (veke 7) til temaet. I åra mellom jobbar dei med til dømes kompetansehevande tiltak knytt til dette.

– Me har også nokre program til foreldre kring diverse tema. Opplysning og informasjon er viktig. Det er noko me jobbar med kontinuerleg, og som me har litt ekstra fokus på ei veke i året. Skulane og barnehagane skal i åra som kjem ha ei form for kompetanseheving, noko som held det gåande.

Kommunen er også oppteken av å løfta fram dei med talent og interesser utanom det vanlege. Dei deler årleg ut kulturstipend og idrettsstipend, begge på 25 000 kr.

Kulturskulen i Vinje har sterke tradisjonar, og UKM er veldig populært.

Ferieaktivitetar som femnar om alle

Noko anna kommunen gjer for barn og unge, er å gjennomføra ferieaktivitetar. Dette er eit svært rimeleg tilbod til ungdom mellom 13 og 19 år, der dei får aktivitet, mat og transport. Døme på aktivitetar er tur til Bø Sommarland, der mat, buss og inngangsbillett kostar 250 kroner.

Kommunen arrangerer ferieaktivtetar for ungdom mellom 13 og 19 år, til ein rimeleg penge.
Illustrasjon: Vinje kommune

I sommar vart tilbodet lokalt tilpassa, der Vinjevatn Resort var løysinga. Her fekk ungdommane mellom anna helikoptertur, hengekøyeovernatting, kajakk-kurs og konsert med Irmelin Trøite.

– Dette tilbodet er meint å femna om alle, slik at alle kan få ei god og positiv ferieoppleving utan at det skal kosta ei formue. Det er viktig for inkludering og tilhøyrsle, samt for å skapa andre sosiale møtearenaer. Me prøver å imøtekoma ungdommen og interessene deira på ein best mogleg måte.

Det håpar Hagen at det nye ungdomsrådet skal gjera lettare.

Engasjert ungdom gjer det enklare å treffa med tiltak

– Det har vore ein bratt læringskurve. Ungdomsråd er heilt nytt for oss. No er det ei litt anna aldersgruppe, med eldre medlemmar, seier Hagen.

Hagen er nøgd med korleis dei unge har teke fatt i rådsarbeidet.

– Dei er engasjerte, og heng på saker dei trur på. Det er meir kontakt med dei no, enn når me hadde barn- og unges kommunestyre. Eg er koordinator, og deira kontaktpunkt i kommunen. Eg føler heilt klart eit ansvar for å halda fast i sakene deira, og for å løfta dei fram.

Hagen meiner etableringa av rådet har vore ei positiv oppleving, og ho ser at fleire og fleire melder inn saker til dei.

– Eg trur me får ein tettare dialog med ungdommane kring saker som angår dei. Det gjer det lettare å treffa med tiltak, planar og slike ting.

Klimaengasjert ungdomsråd

Ungdomsrådet har mellom anna hatt plan for klima og berekraft oppe til fyrstegongs
handsaming. Hagen kan fortelja at ungdomsrådet vart involvert tidleg i planprosessen, og at det er naturlig at ungdommen vert involvert i saker som omhandlar klima og miljø.

Ungdommen i naturskjøne Vinje kommune er opptekne av klima og miljø.
Foto: Kokimimi (CC BY-SA 3.0).

– Me veit at dei jobbar mykje med klima gjennom skulen. Så det er ein naturlig ting som opptek dei. Nokre er veldig engasjerte på klima, og då er det viktig å bruka det engasjementet. Det er ein del planar dei vil få til uttale, til dømes ein plan for idrett, der det også er ei miljøside, når det gjeld bygging av anlegg. Dei får læra litt om å sjå samanhengar i planar, noko som er viktig.

Hagen er oppteken av at ungdomsrådet konsenstrerer seg om saker som ikkje er så små at dei kan løysast på skulenivå.

Ho trur og håpar det ferske rådet skal utgjera ein forskjell for barn og unge i kommunen.

– Me vaksne kan tenka litt annleis enn dei yngre gjer, så det å få deira perspektiv og nyansar er veldig viktig, og då er det bra med eit eige råd, avsluttar Hagen.


Melissa Solvang er bibliotekar, og høyrer gjerne på musikk medan ho set bøker på plass i hyllene. Foto: Privat

Topp 10 kommunar å vekse opp i:

  1. Fyresdal (Telemark)
  2. Nore og Uvdal (Buskerud)
  3. Vinje (Telemark)
  4. Tinn (Telemark)
  5. Hemnes (Nordland)
  6. Ål (Buskerud)
  7. Hammerfest (Finnmark)
  8. Hitra (Trøndelag)
  9. Karlsøy (Troms)
  10. Nissedal (Telemark)

(Gamle fylkesnamn)