Elevar vil ha heimeskole for å unngå smitte før jul

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I år er det viktig at folk får feira jul saman med familiane sine. Det er ekstra viktig at me ikkje risikerer at nokon må feira jula åleine, seier elevrådsleiar Emil Torvik Griffiths, til NRK.

Frykt for karantene

I frykt for eit nytt smitteutbrot og for å smitte eigne familiemedlemmer, eller måtte sitje i karantene på julaftan, har elevrådet ved Nordahl Grieg vidaregåande skole send eit brev til fylkeskommunen.

Der ber dei om at all undervisning skal føregå heimanfrå frå 14. til 22. desember.

Over 500 av elevane ved skolen har signert oppropet.

– Ikkje fagleg grunn

Sidan 12. november har minst 50 elevar ved vidaregåande skolar i Vestland fått påvist koronasmitte, og fleire hundre lærarar og elevar har til saman vore i karantene.

– Om smittesituasjonen er så låg som den er no, er det ikkje nokon fagleg grunn til å ha heimeskule, seier fylkesdirektør for opplæring i Vestland, Bjørn Lyngedal, til NRK.

Kollasj laga av framtida.no
Erna Solberg, foto: Foto: Jil Yngland / NTB. Bent Høie, foto: Foto: Berit Roald / NTB. Bakgrunnsfoto: Kieran White