For første gong har TIME kåra Årets barn

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ser ikkje ut som ein typisk vitskapsmann. Alt eg ser på TV er at det er ein eldre, ofte kvit mann som er vitskapsmannen.

Det seier den 15 år gamle oppfinnaren Gitanjali Rao til TIME Magazine.

Rao er den første noko sinne til å verte kåra til Årets barn av magasinet, som også har den prestisjetunge kåringa Årets person.

Angelina Jolie intervjua den Gitanjali Rao på vegner av TIME Magazine. Rao gjekk til topps blant 5000 nominerte barn Skjermdump

15-åringen fortel at målet hennar har vorte å ikkje berre skape sine eigne oppfinningar for å løyse verdsproblem, men å også inspirere andre til å gjere det same:

– Det er ikkje enkelt når du ikkje ser andre som deg. Så eg vil verkeleg sende ut den beskjeden: Om eg kan gjere det, så kan du gjere det, og alle kan gjere det.

USA sin fremste unge forskar

– Ei stort endringspunkt i livet mitt var då eg var 4 eller 5 år gammal, og onkelen min gav meg eit kjemisett. Eg følte ein trang til å fullføre heile greia på éin dag, og det gjorde eg, fortel Gitanjali Rao i ein video frå TIME.

Ho er berre 15 år gammal, men har allereie rokke å imponere ei heil verd med oppfinningane sine.

I 2017 vart ho USA sin fremste unge forskar, då ho gjekk til topps i vitskapskonkurransen 3M Young Scientist Challenge. Sigeren fekk ho for å ha utvikla ein billig hurtigtest som kunne oppdage bly-forureining i vatn, inspirert av vasskrisa i Flint.

– Det var heilt uaktuelt at barn på min alder i praksis drakk ei gift kvar dag, seier Rao i videoen.

Året etter fann ho opp eit verktøy som kan diagnostisere tidleg opioid-avhengnad.

App mot nettmobbing

Rao si siste oppfinning er appen Kindly, som ved hjelp av kunstig intelligens oppdagar nettmobbing.

Skjermdump frå presentasjonsvideo av appen Kindly.

Rao fortel at ho har bytta skule sju gongar dei siste 11 åra, etterkvart som familien hennar har flytta rundt i landet, og at ho fryktar nettmobbing.

Difor valde ho å utvikle ein app som plukkar opp nettmobbing, og gjev brukaren ein beskjed: Meldinga di inneheld mobbeord. Ver så snill, omformuler.

– Eg håpar å vekse opp i ei verd der vennlegheita sigrar, og at mi løysing bidreg til det, sa Rao i ein presentasjon av appen.

Øvst frå venstre: Dronning Soraya Tarzi, skodespelar Anna May Wong, forfattar Virginia Wolf og prinsesse Diana, Margaret Thatcher og Madonna er blant dei TIME meiner fortener tittelen Årets kvinne. Omslag: TIME