«Krøpling», «utgift», «hemmis» – no vert diskriminerande ord gravlagde og kasta på dynga

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Samfunnet ser på funksjonshemma som at det er noko feil med oss. Det er nokre funksjonar som er betre enn andre, men det er ikkje vi einige i. Vi er ganske stolte av å vere ein del av mangfaldet i befolkninga, fortel Martine Eliasson. Foto: Privat

– Hadde det vore slik at menneske med fregner vart sende på eigne skular hadde det vore avisoppslag. Hadde vi utelete 100.000 kvinner frå arbeidslivet hadde det vore i media. Når det er funksjonshemma er det ingen som ropar høgt om det.

Det seier Martine Eliasson på telefon til Framtida.no.

30-åringen er leiar i Norges Handikapforbunds Ungdom i Trøndelag.

I samband med FNs dag for funksjonshemma tek ungdomsorganisasjonen og Norges Handikapforbund eit oppgjer med dei diskriminerande orda, haldningane og handlingane personar med nedsett funksjonsevne møter.

– Eg skulle ynskje det ikkje var så viktig å markere denne dagen i 2020, men det er det, slår Eliasson fast.

I dag skal alle dei diskriminerande orda dei møter verte gravlagde og sette fyr på.

Det var Handikapnytt som ført omtalte saka.

«Brukar», «utgift», «du kan ikkje»

NHF og NHFU i Trøndelag har kontakta eit lokalt gravferdsbyrå, og fått kjøpe ei likkiste til innkjøpspris. Denne har dei skore ei lita luke i, og sett opp i Trondheim sentrum.

Der kan ein skrive ned diskrimineringa ein møter som funksjonshemma, og legge lappane i kista. Seinare vert kista kasta på søppeldynga, der slike haldningar høyrer heime.

Foto: Martine Eliasson

– Det er viktig å kvitte oss med desse orda, slik at ein ser på funksjonshemma som aktive samfunnsborgarar som har rett på likestilling slik som alle andre, seier Eliasson. 

Samstundes har organisasjonane oppmoda funksjonshemma landet rundt til å sende videoar med orda og haldningane dei møter. Martine Eliasson fortel at gjengangar er ord som «brukar», «spesielle behov» og «utgift».

– Ein er eit menneske, ikkje ein brukar. Kven har behov som er så spesielle? Og ein er jo ikkje ei utgift når ein får bidra i samfunnet som alle andre, ein må berre få mogelegheita. 104.000 funksjonshemma står ufrivillig utanfor samfunnet, svarar Eliasson. 

Ho har sjølv laga ein slik video, med ei haldning ho vil til livs: «Du kan ikke!» står det skrive med svart tusj, før plakaten går opp i flammar.

– Vi funksjonshemma både vil og vi kan, seier ho i videoen.

Samfunnet overser diskrimineringa

– Det er så vanleg at vi funksjonshemma ikkje kjem oss inn på restauranten eller butikken, og det er vanleg å ikkje sjå funksjonshemma i bybilete, så ein legg ikkje merke til diskrimineringa som føregår rett framfor augene våre, fortel Martine Eliasson.

Men nokre gongar er diskrimineringa så openberr, at det er umogeleg å late att augene for den.

30-åringen peikar på då Birgit Skarstein var med på Skal vi danse tidlegare i haust som eit døme på kvifor det er eit tydeleg behov for FN-dagen:

– Ho fekk så mykje hets for å vere med på dansegolvet saman med dei som ikkje er funksjonshemma. Ein vert møtt med haldningar som «om dei absolutt vil danse, så får dei lage eit eige danseprogram».

Birgit Skarstein opplevde mykje hets, då ho tok til parketten i Skal vi danse. Foto: TV2

Likestilling er ikkje gratis

Martine Eliasson meiner at for å oppnå likestilling, så lyt folk ta av seg skylappane og verte bevisste på sine eigne haldningar til funksjonshemma. Samstundes må ein anerkjenne at personar med nedsett funksjonsevne vert systematisk diskriminerte i samfunnet.

– Mine rettar som barn er sikra, mine rettar som kvinne er sikra, men som funksjonshemma er ikkje mine rettar sikra fordi Noreg nektar å ta det inn i lova, seier Eliasson. 

Ho peikar på at konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) framleis ikkje er teken inn i norsk lov.

– Det kan gjere at ein ikkje får den assistansen ein har behov for, for eit aktivt og sjølvstendig liv. Det kan føre til at ein vert plassert i eigne bustadar for funksjonhemma, eller at ein vert plassert på sjukeheim, sjølv om ein altfor ung og mot si vilje.

Likestilling kostar pengar, og det vil ikkje vere gratis å få på plass ordningar som sikrar likestilling for funksjonshemma og universell utforming på alle skular og offentlege bygg i landet.

– Men har vi råd til å la vere? spør Martine Eliasson.

– Det er utruleg dyrt å stenge viktige ressursar ute frå å ta del i samfunnet. 


Marianne Knudsen er nyvald leiar i NHFU. Om ho kunne invitert kven som helst på middag, hadde det vorte Michelle Obama. Foto: Privat, Heiko Junge / NTB