Innlegget stod først publisert på Instagram, og er gjengjeve med løyve.
Som funksjonshemma og nordmann får ein ofte høyre om kor sjukt heldig ein er som bur i eit velferdsland.
At vi er heldige som kan få uføretrygd i 18-årsgåve.
At vi er heldige som trass alt kan få nokre BPA-timar.
For herregud, kor heldige er ikkje vi når vi vert nøydde til å velje mellom basale behov som å gå på do, dusje og legge oss eller dra ut på byen med vennar og ha eit sosialt liv.
Kor heldige er ikkje vi når vi vert nøydde til å velje mellom å trene eller dra på førelesing, fordi vi ikkje har nok BPA-timar til å gjere begge deler.
BPA er ikkje ei luksusgåve vi vert tildelte for å leve eit liv i luksus. Det er eit likestillingsverktøy som gjer at vi på lik linje med andre kan oppnå likestilling.
Men for at vi skal ha mogelegheita til å oppnå denne likestillinga er vi mellom anna nøydde til å få nok BPA-timar.
Når folk seier «de har det jo så bra som funksjonshemma i velferdsstaten Noreg, kvifor gidd de kjempe?» vert eg provosert.
Når politikarar presterer å seie at konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) ikkje treng verte implementert, fordi funksjonshemma sine rettar allereie vert ivaretekne på ein god nok måte i Noreg, vert eg forbanna.
Fordi eg ser at funksjonshemma vert sterkt diskriminerte og treng eit sterkare rettsvern.
Det er ikkje greitt at menneske må velje mellom å dusje eller dra på ei førelesing, fordi dei ikkje har nok BPA-timar.
Det er ALDRI greitt!
Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!
- Les også meiningsinnlegget frå NHFU-leiar Tamarin Varner, som spør: «Kva med funksjonshemma sine rettar etter fødselen, KrF?»