Den nye NHFU-leiaren ville invitert Michelle Obama på trøndersodd

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 15.03.2021 14:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For meg starta det med å kjenne diskrimineringa som eg sjølv vart utsett for på kroppen og dimed utvikle eit større ønske om å endre samfunnet, om å kunne få vere med å heve ei stemme som var underrepresentert.

Det var grunnen til at Marianne Knudsen først byrja i engasjere seg i Norges Handikapforbunds Ungdom då ho var 15 år.

No er ho 20 år, og nyvald leiar i organisasjonen.

– Eg har veldig stor tru på at det er vi som har skapt det samfunnet vi lever i, då er det også vi som kan endre det. Difor er det så viktig å heve sine stemmer og ty til motmæle, skriv ho på e-post til Framtida.no.

Beundringsverdige kvinner

20-åringen ynskjer å vere ein open, lyttande og tydeleg leiar, som har ein ambisiøs visjon for organisasjonen og politikken.

– Det er viktig for meg at både medlemmar, tillitsvalde og samarbeidspartnarar skal føle seg høyrde og sette. Fordi for å kunne føre god likestillingskamp må vi spele på same lag. Eit sterkt lag.

Camara Joof (oppe til venstre), Tove Linnea Brandvik, Christine Marie Jentoft, Alex Dancy og Greta Thunberg er alle førebilete for Marianne Knudsen. Foto: Maria Gossé/Samlaget, Ivar Kvistum/Handikapnytt (via NHF), Plan Norge, Skjermdump frå Instagram, Anders Hellberg/Wikipedia

Marianne Knudsen har vanskeleg å velje berre éitt førebilete og peikar mellom anna på samfunnsdebattant og dramatikar Camara Joof, Norges Handikapforbund-leiar Tove Linnea Brandvik, samfunnsdebattant Christine Jentoft, Instagram-påverkar Alex Dacy (kjend som Wheelchair rapunzel) og ikkje minst Greta Thunberg.

– Alle desse er kvinner som eg beundrar og som set eit søkelys på viktige temaar som klima, rasisme, menneskerettar, likestilling og kropp og seksualitet, fortel 20-åringen.

– Må anerkjenne at menneskerettsbrot skjer

Ei av sakene som står den nyvalde leiaren sitt hjarte nærast, er at kampen til funksjonehemma skal verte anerkjend som ein kamp om rettar.

Knudsen peikar på at Noreg i fjor fekk sterk kritikk frå FN for å ikkje ta funksjonshemma sine menneskerettar på alvor, samstundes som stortinget stemte mot forslaget om å innlemme FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i norsk menneskerettslov.

Argumentet var at det ikkje var nødvendig i Noreg, fordi rettane allereie er ivaretekne.

– For å oppnå full likestilling, må vi anerkjenne at diskriminering og menneskerettsbrot skjer og at vi må alle ta vårt samfunnsansvar for å skape eit samfunn der alle menneske har dei same mogelegheitene og dei same rettane, fortel Knudsen og held fram:

– Vi heng framleis att i denne velgjerdstanken, der funksjonshemma vert sett på som passive brukarar framfor samfunnsborgarar med mennskerettar. Her trengst det ei endring på både politikk og haldningar.

Dersom den nyvalde NHFU-leiaren hadde vakna opp i morgon til si draumenyheit, hadde difor overskrifta vore:

«Styresmaktene har inkorperert rettskonvensjonen for funksjonshemma sin rettskonvensjon (CRPD) inn i norsk lov!»

Kastar ressursar ut av vindauget

Samstundes brenn Marianne Knudsen for at personar med funksjonsnedsetjing skal verte sett på som ein ressurs i arbeidslivet:

– 105 000 funksjonshemma står utanfor arbeidslivet. Dette er menneske som kan og vil arbeide, men som møter samfunnsskapte barrierar og diskriminering som hindrar oss som samfunn frå å kunne dra nytta av deira ressursar.

Ho understrekar at det ikkje handlar om ein «inkluderingsdugnar» eller å skulle «ta ein for laget». Det er ei medviten investering i likestilling og i menneske som samfunnet er heilt avhengig av.

– 15 prosent av befolkninga har ei funksjonsnedsetjing. Det utgjer Noregs største minoritet. Tenk kor mange ressursar vi kastar ut av vindauget.

Knudsen påpeikar at dette er ressursar som samfunnet treng, men at ein då også lyt satse.

– Likestilling kjem ikkje av seg sjølv, det har heller aldri vore gratis, seier Knudsen og viser til då kvinner fekk gjennomslag for barnehageplassar for å kunne delta aktivt i arbeidslivet som døme.

– Det kosta mykje, men det var ei investering. Ei investering i likestilling. Funksjonshemma sin likestillingskamp heng enno så langt bak. Her treng vi at fleire går i bresjen!

Visste du at Marianne Knudesen også har ein podkast, saman med Ida Dignes? 

– Vi er ikkje fødde for å halde kjeft

Sist, men ikkje minst, er Marianne Knudsen oppteken av å bryte tabuet kring funksjonsnedsetjing og seksualitet:

– Ein vanleg stereotypi er at funksjonshemma ikkje har ein seksualitet i det heile teke. Eg vil at desse barrierane skal verte rivne ned og at det skal verte normalisert at samfunnet er mangfaldig og at alle menneske har ein seksualitet og at folk sine kroppar er forskjellige.

Ho meiner også det er viktig at funksjonshemma vert meir representerte enn det dei er no:

– I dag er funksjonshemma ei gruppe som er veldig underrepresenterte både på TV, i film og i reklamar, men også i politikk og organisasjonsliv. Det er mange andre enn funksjonshemma sjølv som uttalar seg. Det er på tide å ta tilbake definisjonsmakta. Funksjonshemma må få ein plass ved bordet og vere representerte, seier Knudsen og slår fast:

– Vi er ikkje fødde for å halde kjeft.

Michelle Obama og trøndersodd

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Tidstjuven i min kvardag må nok vere Grey’s Anatomy. Trur eg har sett alle sesongane tre gongar og vert like hekta kvar gong, haha. No kjem det jo ny sesong midt i eksamenstida òg! Gler meg veldig til den.

Det meste av tida til 20-åringen går likevel til organisasjonsarbeid, studering eller vennar og familie.

– På fritida elskar eg å reise og å dra på konsertar, sjølv om det vert lite av det no sjølvsagt. Eg er veldig glad i å drive med musikk generelt og å skrive alt frå kronikkar til dikt. Eg har sunge mykje i kor, spelt i band og skrive studentavis.

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Michelle Obama og eg ville servert trøndersodd. (Neida. Joda..)

USAs tidlegare førstedame Michelle Obama heldt føredrag i Oslo Spektrum våren 2019, i samband med boka «Mi historie»
Foto: Heiko Junge / NTB

– Omslaget til boka ser noko lærebok-aktig ut, men den er skriven på ein lettlest og svært engasjerande måte, fortel Marianne Knudsen. Omslag: KF

Boka som fjernar skylappane dine

Dersom Marianne Knudsen skal tilrå ei bok alle bør lese, peikar ho først på Den tause diskrimineringen av Eli Knøsen og Ann Kristin Krokan.

– Ynskjer du å fjerne skylappane dine og verte meir medviten på korleis funksjonshemma som minoritet opplever ei sterk, men også skjult diskriminering i samfunnet i dag. Då er denne boka ein fantastisk start. Den gjev ei forståing av funksjonshemming i eit historisk, men òg samfunnsmessig perspektiv.

Samstundes tilrår ho alle å lese Eg snakkar om det heile tida av Camara Joof, der forfattaren skildra korleis rasismen ho opplever påverkar kvardagen og tankane.

– Denne boka trefte meg veldig og eg meiner ein kan kjenne igjen mange av dei same mekanismane i diskrimineringa på tvers av minoritetar. Viktig lesnad! fortel Knudsen.

Omslag: Samlaget. Foto: Maria Gossé/Samlaget

– Korleis held du deg oppdatert?

– Det går mykje tid både på å sjå og lese nyheiter, lese rapportar, følgje med på høyringar og setje seg inn i politiske saker. Men eg lærer også utruleg mykje frå menneska eg jobbar saman med i NHFU og i NHF, samt våre samarbeidspartnarar.

–  Kva er idealsamfunnet?

Eit samfunn fritt for rasisme, homofobi, transfobi, sexisme, ableism og diskriminering. Eit samfunn der du ikkje har privilegium grunna funksjonsnivået ditt, legninga di, hudfargen din, kjønn eller religionen du tilhøyrer. Eit samfunn der alle menneske får følgt opp menneskerettane sine.

Fem kjappe:

HUND ELLER KATT? Hund. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? New York. Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA? Taco. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

HARRY POTTER ELLER BEYONCÉ? Harry Potter. Foto: Murray Close

BEYONCÉ ELLER HELLBILLIES? Hellbillies.

Marianne Knudsen

Frå: Trondheim

Alder: 20

Yrke/utdanning: Eg studerer bachelor i sosiologi på Dragvoll

Favorittfag på skulen: Samfunnsfag

Ulike verv: Leiar i Norges Handikapforbund Ungdom, ambassadør for Stopp hatprat og medlem i Ungdommens Ytringsfrihetskommisjon

Medlem i: Norges Handikapforbund Ungdom