Presidenttrio vil trygge vaksinerredde amerikanarar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei tidlegare presidentane Barack Obama, George W. Bush og Bill Clinton er alle villige til å få koronavaksine framfor kameraet for å trygge vaksineskeptiske amerikanarar.

Det melder CNN.

58 prosent ville teke vaksinen

Til no er det registrert heile 14,3 millionar koronatilfelle i USA, og nesten 280 000 menneske har mista livet.

Ei undersøking frå november syner at berre 58 prosent av amerikanarar vil ta koronavaksinen, når den vert tilgjengeleg.

Undersøkinga vart utført på slutten av oktober, før Pfizer og Moderna annonserte at deira vaksiner var over 90 prosent effektive mot viruset.

Amerikanarane som ikkje vil vaksinerast, peikar på kor raskt vaksinen vart utvikla som ein av hovudgrunnane til at dei er skeptiske eller at dei vil vente til det er stadfesta at den er trygg. 12 prosent seier dei ikkje stolar på vaksiner generelt.

I Noreg var det i slutten av november 68 prosent som svara at dei vil la seg sjølv og sine næraste vaksinere når vaksinen er klar.

Obama: – Stolar på vitskapen, ikkje covid

Stabssjefen til George W. Bush, Freddy Ford, seier til CNN at Bush har teke kontakt USA sin smittevernrådgjevar Dr. Anthony Fauci og Det kvite hus for å tilby promoteringshjelp.

Etter at vaksinene er godkjende og gjevne til dei prioriterte gruppene, då vil tidlegare president Bush stille seg i kø for si, og gladeleg gjere ta den framfor eit kamera, opplyser Ford.

Bill Clinton og Barack Obama har også vore tydelege på at dei vil ta vaksina så snart det vert deira tur, og gjerne offentleg.

– Eg kan ende opp med å ta vaksina på fjernsyn eller få det filma, berre slik at folk veit at eg stolar på denne vitskapen, og det eg ikkje stolar på er å få covid, sa Barack Obama, ifølgje CNN.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen