Nye koronareglar: Studentar som kjem heim til jul vert del av husstanden

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under pressekonferansen onsdag vart julereglane i koronatida lagt fram frå regjeringa.

Hovudregelen for jula er at ein kan ha maks 10 gjester i tillegg til husstanden, to gonger i løpet av jula, til dømes julaftan og nyttårsaftan.

For studentar og andre som skal heim til jula: dersom du bur der gjennom heile jula vert du rekna som ein del av husstanden, ikkje som gjest.

– Har du eiga seng og tannbørste i skapet, trur eg dei fleste forstår at ein høyrer til der, svara helseminister Bent Høie (H).

Må ha nok plass til avstand

Sjølv om ein har to dagar ein kan ha ti gjester, gjeld framleis dei andre koronareglane:

  • Ein må kunne halda minst 1 meters avstand mellom dei ulike husstandane/kohortane under heile besøket. Har ein ikkje plass til dette, må ein invitere færre gjester.
  • Om ein kjem frå område med høg smitte bør ein halda minst to meters avstand til folk i risikogruppa.

Ein må framleis avgrense det totale talet på menneske ein er saman med både før, under og etter jula, og det er framleis oppmoda til å ha maks fem gjester generelt i perioden over nyttår, i tillegg til å halda ein meters avstand til alle ein ikkje bur med.

– Me må diverre passe på den einmeteren i avstand. Viss ikkje blir me for tett på kvarandre, og det er større sannsyn for at om eín er smitta blir alle smitta, sa statsminister Erna Solberg (H).

Dei nasjonale tiltaka frå 5. november gjeld framleis og er forlenga i tre veker frå 25. november, noko som også inneber karantenekrav på 10 dagar frå ein kjem frå utlandet.

Så om ein skal rekke å feire jul utanfor karantene, må ein kome til Noreg innan 13. desember.

– Ein må tenke sjølv

Grafikk laga av Saskatchewan, Canada, sine helsesstyresmakter.

I tillegg oppmodar regjeringa til å bruka sunn fornuft, ikkje spekulere i smotthól.

– Det er ikkje godt smittevern å sjølv ha selskap på julaftan, og dagen etterpå er i selskap med 10 andre hos nokon andre, og 10 nye den tredje dagen hos ein tredje. Det er ikkje godt smittevern, så ein må tenke sjølv og avgrense det, sa statsminister Solberg.

Framleis er det generelle rådet å avgrensa sosial kontakt mest mogleg.

– Når ein har ti gjester til jul, betyr det at ein har færre folk ein kan møte i dagane før og etter julefeiringa. Det er utruleg viktig å framleis hugsa at hovudregelen er å ha eit redusert tal, så dette ikkje bidreg til ei veldig auke i talet på kontaktar, sa Høie.

Helseministeren presiserte også at fleirtalet av dei som er smitta ikkje sjølv veit at dei er smitteberande, og at dette også er årsaka til at ein må vera flinke til å følgje reglane og råda.

Han minna også om at dette er dei nasjonale retningslinjene, og at det er mogleg at kommunar med større smittetrykk, som til dømes Oslo, vil koma til å måtte ha endå strengare reglar.

I Oslo er det til dømes i dag ikkje lov å vere meir enn 10 personar saman heime.

– Ikkje jula for å reisa utanlands

Regjeringa oppmodar til færrast mogleg reiser innanlands og utanlands, men at det vert vurdert som nødvendige reiser dersom det må til for å feire jul med familie/vener.

– Kvar enkelt må passe på at ein ikkje må reise om ein har symptom. Om ein ikkje har symptom kan ein reise, men då må ein til dømes bruke munnbind i situasjonar der det er regelen eller ein ikkje kan halda ein meter avstand, sa Høie.

Statsminister Solberg ba også om at færrast mogleg tek turen utanlands for å feire jul.

– Dette er ikkje jula for å reise utanlands med mindre du verkeleg må, sa statsministeren.

Ho fryktar at dei som reiser ut av landet kan ta med smitte tilbake, og minner om karantenereglane for dei som kjem frå utlandet.

– Dei vil også vere der etter jul, og det er utruleg viktig at folk som meiner dei må reise ut følgjer desse.

Lokale styresmakter avgjer skuleinnspurten

Mange har frykta å bli smitta eller bli nærkontakt til smittetilfelle, på tampen av skuleåret, og dimed risikere å sitte i karantene i jula.

Kunnskapsminister Guri Melby (V) sa at regjeringa ikkje har lagt opp til nasjonale reglar for når skulane skal ta juleferie, men at det er opp til kommunane lokalt å bestemme. Fleire kommunar har alt vald å endre skuleruta for å kunne gi elevar og lærarar tidlegare fri før jul.

Også vurderingar om å ha meir heimeskule dei siste dagane før jul, må takast lokalt, sa Melby.

Kunnskapsdepartementet har også sendt eit forslag til høyring, for å endre reglane for krav til heimeopplæring. Her vil dei mellom anna opna for meir heimeundervisning ved skular som har mykje fråvær hos elevar og lærarar på grunn av pandemien over tid.

Om du har vore nær fleire personar skal du halda 2 meter avstand til personar i risikogruppene. Illustrasjon: United Nations COVID-19 Response