Fleire unge treng nokon å snakke med under pandemien
Røde Kors' anonyme samtaletilbod for barn og unge har så langt i år svart på 19.500 førespurnader. Det er 40 prosent fleire enn på same tid i fjor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Spesielt opplever tilbodet som blir kalla Kors på halsen , ein kraftig auke i talet på førespurnader frå barn og unge under pandemien.
Røde Kors opplyser i ei pressemelding at dei så langt i år har svart på over 19.500 anonyme førespurnader frå barn og unge.
Det er ein auke på nesten 40 prosent frå november i fjor.
– Fleire snakkar om angst
– Fleire snakkar med oss om angst, depresjon og at dei kjenner seg nedstemte. Samtidig ser vi at tema som forelsking går ned, noko som kanskje er naturleg i perioden vi er inne i no, der ein er lite saman med venner og medelevar, seier Nelli Kongshaug, leiar i Kors på halsen.
Dei ser også ei auke i samtalar om krangling i familien.
Foreininga opplyser at barn heilt ned i åtteårsalderen den siste tida har kontakta Røde Kors.