Framtida sine beste boktips frå 2020

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kleda er gjennomvåte – Erlend Skjetne

Erlend Skjetne skriv for Framtida.no, men vår eksterne bokmeldar lét seg begeistre stort for 32-åringen sin første roman.

«Forfattarskapet til Erlend Skjetne er enno ungt, men kanskje det mest lovande i Noreg. Allereie har han levert to bunnsolide bøker, og Kleda er gjennomvåte har etter mitt skjønn potensialet til å bli ståande som ein klassikar,» skriv Magnus Rotevatn.

«Kleda er gjennomvåte» er den første romanen til Erlend Skjetne. Foto: Leikny Havik Skjærseth/Flamme forlag

Høgspenning. Livsfare – Helene Guåker

Helene Guåker har debutert på nynorsk med ein undomsroman som slo beina under bokmeldar Elise Solvåg.

«Det er mange viktige ungdomsbøker der ute, men eg trur Guåker her har klart kunsten å skrive ei av dei viktigaste, og så velskriven og tilgjengeleg at det bokstaveleg talt er til å grine av,» skriv bokmeldaren.

Helene Guåker får strålande kritikk for den siste boka si, «Høgspenning. Livsfare». Foto: Iris Engen Skadal, Samlaget

Tollak til Ingeborg – Tore Renberg

Tore Renberg har hausta strålande kritikkar for sin andre nynorskroman, Tollak til Ingeborg, som han òg fekk Bokhandlarprisen for.

Framtidas bokmeldar Jannicke Totland kalla boka ein moderne klassikar.

«Med ei handling som er så forstyrrande at ein sit igjen som eit spørjeteikn etter at ein har svelgt boka i eit sluk er dette ei bok som osar av moden forteljarkunst. Av den sjeldne sorten er dette ein roman ein blir dregen inn i både handlinga og stemningane som blir skildra.»

Tore Renberg Tollak til Ingeborg

Tore Renberg feirar 25 år som forfattar med å gje ut sin andre nynorskroman. Foto: Marie von Krogh, Cappelen Damm

Sinne – Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Bokmeldar Elise Solvåg rosa Ann Helen Kolås Ingebrigtsen for ein kraftfull debutroman om Synne, som har ADHD, men ikkje vil at nokon skal vite om det.

«Boka er ikkje spesielt lang, men ho klarer å famne om mange forskjellige tema, utan at det kjennest tvungent eller for mykje. Følg mitt råd, og les ho! Og førebu deg på å grine litt.»


Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f. 1980) kjem frå Valderøya i Giske kommune. Ho arbeider som norsklærar i vidaregåande skule. Foto: Privat/Samlaget

Garasjeland – Frode Grytten

«Lufta står stille. Tida går litt saktare. Følelsane er diffuse, og heile verda er liksom skoven to millimeter på skrå. Det er slik ein føler det når ein les novellene i Garasjeland, den nyaste boka til Frode Grytten.»

Bokmeldar Magnus Rotevatn kalla Frode Grytten si nyaste novellesamling ei fantastisk verkelegheitsflukt, noko mange kan trenge i desse dagar.

Frode Grytten Garasjeland

Ønskjer du deg tilbake til ei tid då det var ukomplisert å reise og alle land i heile verda låg for føtene dine? Treng du å flykte frå verkelegheita? Då kan du verte med Frode Grytten på spennande reiser til Spania, merkelege stillehavsøyer, diverse stadar i Noreg – og ikkje minst til Garasjeland. Foto: Helge Skodvin, Oktober

Eg et før eg kjem – Kari Anne Bye

Bokmeldar Jannicke Totland lot seg imponere av dikta til debutant Kari Anne Bye

«Bye leverer ein leiken, men djup debut om kjærleik i Tindertid. Om ein har vore på Tinder eller kjenner nokon som har vore djupt inne i spelet er dette er ei diktsamling som er lett å relatere til.

Den imponerande diktsamlinga på over 200 sider speglar forfattaren sin frustrasjon over datingappen. Likevel er dikta jordnære, med innslag av både humor og tragedie…»

Kari Anne Bye debuterer med ei diktsamling om Tinder. Foto: Geir Mogen, Samlaget

 

Aleksander den store – Peter F. Stassegger

Bokmeldar Magnus Rotevatn meiner Peter Strassegger treff blink med sin første ungdomsroman.

«Det er eigentleg ikkje plottet som er viktig i denne boka, men Aleksander som person, og Strassegger er ein dyktig portrettør.

Eg trur at mange ungdommar vil la seg fengje av Aleksander den store, òg dei som ikkje les så mange bøker. Bibliotek og skular bør kjøpe inn mange eksemplar av boka – dette kjem til å verte ein favoritt!»

Peter Strassegger
(f. 1984) er fødd i Graz, Austerrike og bur på Bryne, der han jobbar som psykolog. I 2012 blei han tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Stasia. Aleksander den store er hans første bok for ungdom. Foto: Studio Hjelm, Samlaget

 

Fotokollasj av framtida.no. Bakgrunnsfoto: Mel Poole/Unsplash