Verdsmeisterdraum på vent: – Rart å tenka på at noko me gjer kvar dag, vart «ulovleg»

Andreas Brattåker Støyva
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er rart å tenka på at noko me gjer kvar dag, vart «ulovleg». Det er heilt merkeleg, seier Rutger Custers.

25-åringen frå Bunde i Nederland flytta i 2015 til Voss for å verta verdsmeister i brasiliansk jiu-jitsu.

Kimono, ikkje ski og stavar

Ein assosierer gjerne bygda Voss med vinteridrett. Langrenn, skiskyting, hopp, kulekøyring og alpint. Men ikkje alle trivst best med ski og stavar.

Somme, som Christoffer Lie og Rutger Custers, trivst aller best i kimono, eller gi som det vert kalla. Dette er utstyret dei utøvar idretten sin i – brasiliansk jiu-jitsu (BJJ).

Bak 120 år gamle Voss Veksel- og landmandsbank, midt i sentrum, ligg eit lite bygg tett opp mot Bergensbana sine spor. I tredje etasje held Frontline Academy Voss til, over ein kiropraktorklinikk og Bunadsloftet.

I tredje etasje har det meste gått på skinner sidan Shields introduserte Voss for brasiliansk jiu-jitsu i mai 2012, før avsporinga i mars.

Det er eit lite, men levande BJJ-miljø på Voss. Det skal Jason Shields ha mykje av æra for. Foto: Andreas Brattåker Støyva

Det er fredag kveld, noko som vanlegvis betyr kring 20 sveitte, kimonokledde menn og kvinner på dei grå mattene.

Denne fredagen er det berre sju personar her. Det doggar framleis på vindaugo, men det er større plass mellom brytekampane enn vanleg. Høgt over mattene, på takbjelkane som går frå vegg til vegg, er det fullt av medaljar i alle valørar. BJJ-miljøet på Voss er lite, men dei er klubben i Noreg med klart flest medaljar per medlem.

Ein kan høyra regiontoget frå Oslo susa forbi på utsida, så nokon ting er framleis som dei plar vera.

Shields observerer jiu-jitsuspelarane sine frå eit hjørne. Han er ikledd ein svart gi, og det brune beltet sitt. I handa har han ein bambusstokk.

– Denne bruker eg for å halda avstand til studentane, seier han, og smiler.

Treninga vert avslutta, og etter nokre visdomsord frå Shields forlet dei fleste treningsloftet. Christoffer Lie og Rutger Custers set seg ned på kanten av matta, med beina i kryss.

Begge har som mål å verta verdas beste, og dei har brukt tusenvis av timar på desse grå mattene, heilt til alt vart sett på pause i mars.

Over natta vart alt annleis

– Dette året har vore spesielt. Eg hugsar at me spøkte om det på trening i vår, at me måtte stenga ned. Dagen etter var spøken plutseleg verkelegheit, seier Lie.

Dei tenkte at det sikkert berre varte to veker, og såg positivt på det. Kroppane hadde godt av ein liten kvil. Men to veker skulle visa seg å verta fleire månadar.

For Christoffer Lie (i blått) og Rutger Custers har 2020 som for så mange andre, vore eit annleis år. Foto: Andreas Brattåker Støyva

Lie meiner uvissa kring situasjonen var det vanskelegaste.

– Me var vane med å trena 20 stykk i lag, og no var ein heilt på eiga hand. Uvissa, og det å koma ut av rutinane me har hatt i fleire år, var krevjande og kjipt. Men ein må gjera det beste ut av det. Eg har trena mykje heima, og kjøpt eigne matter eg har der. Men, den sosiale biten kan ikkje erstattast.

Custers nikkar bekreftande.

Saknar dei faste rutinane

Desse karane er gode på rutinar. Kvar onsdag, fredag og sundag er dei her på kveldstid. I tillegg trenar dei tidleg på dagen, fleire dagar i veka.

– Då nyheita om nedstenging kom, vart eg stressa. Eg kunne ikkje jobba eller trena. Og det er jo grunnen til at eg er her, seier Custers.

Dei har sakna det å vera her i på treningsloftet, eller dojoen som dei kallar det, og det å kunne få fysisk instruksjon frå Shields.

– For å verta betre, er det heilt avgjerande å få oppfølging frå Jason, med alle desse små detaljane og teknikkane. Det må kjennast, eller opplevast. Det er ikkje nok å forklara det munnleg, seier Lie.

Skrinlagde planar

Naturleg nok vart heile konkurransesesongen også avlyst. Lie skulle etter planen vore i Abu Dhabi for å konkurrera i april. Han hadde bestilt reisa, og førebudd seg godt.

– Me har sjølvsagt lyst å konkurrera, og ha noko å jobba mot. Det er på ein måte belønninga for alt arbeidet me legg ned. I tillegg er det i konkurranse ein får svar på om ein gjer dei rette tinga på trening.

Christoffer Lie forsøker å passera Alf Christian Møen sin guard. Foto: Andreas Brattåker Støyva

Også verdsmeisterskapen og europameisterskapen er avlyst, samt alle nasjonale og skandinaviske konkurransar.

Det har vore nokre konkurransar, fleire av dei i USA. Men å reisa dit, har ikkje vore aktuelt. Med karantene, reising, testing, hotell og andre utgifter er det ikkje økonomisk forsvarleg.

Custers påpeikar at det ikkje berre er for i år dei skal trena, men at delmåla og konkurransane er viktige på vegen mot det endelege målet.

– Me trener for å bli verdsmeistrar, men det er ikkje berre difor me trener. Me hadde trena sjølv om me ikkje hadde hatt ambisjonar, men eg skal ærleg innrømma at den ekstra drivkrafta konkurransar gjev, manglar no.

Mental øving

Denne drivkrafta har vore spesielt viktig på dei litt tunge dagane. Vonde ryggar, nakkar, kne og fingrar høyrer med. Likevel vert det få fridagar.

Lie og Custers gjer det dei kan for å halda trykket oppe, trass vanskelege tilhøve. Dei er samde om at det er tungt å gjera det vesle ekstra i desse tider, og at det krev meir energi og indre overtaling.

– Det vert jo ei slags konstant mental kamp. Slik situasjonen er no, er det lettare å tenka at det ikkje er så farleg om eg kvilar i dag, men den økta kan vera forskjellen på om du tapar i fyrste runde, eller om du vert verdsmeister, seier Custers.

Lie nikkar, og supplerer;

– Den frykta for at nokon er betre førebudd enn deg sjølv er vekke. Du har ikkje den gode frykta, som driv deg vidare.

Custers og Lie skulle gjerne ha henta heim fleire medaljar til takbjelkane, men slik vart det ikkje i år. Foto: Andreas Brattåker Støyva

Vanskeleg å akseptera retningsliner og tiltak

På Voss har det vore særs lite smitte, inntil nyleg. Frå slutten av mars til starten av august, hadde bygda ingen nye smittetilfelle. Likevel vart mattene ståande tomme gjennom våren og sommaren.

Dei synest det er merkeleg at styresmaktene valde å nytta nasjonale retningsliner, når det har vore så ulike smittesituasjonar rundt om i landet. Dei har sakna meir lokale retningsliner.

– Då dei opna for å reisa til Spania, kvifor ikkje opna for trening? Det er jo tal som syner at det er minimal smittespreiing på trening, seier Lie.

Ingen over 26 år

Berre dei under 26 år får koma attende til dojoen, enn så lenge. Dette er eit av tiltaka Lie og Custers reagerer på.

– Eg ser ikkje heilt kva som skil ein 25- og ein 27-åring. Det er greitt med ei grense, men den burde vore langt høgare. Dei fleste som driv idrett, og i alle fall jiu-jitsu er spreke, friske folk. Om nokon har ein underliggande sjukdom som gjer dei meir utsette, ja, så får dei heller halda seg heima, seier Lie.

Både Lie og Custers er sjølvsagt glade for å få trena att, men det vert noko anna enn når heile gruppa er samla på mattene, under medaljane.

– Jo fleire som er her, jo fleire kroppstypar, og jo meir variert vert treninga, slår Lie fast.

Custers er klar på at treninga no ikkje er dårleg, men annleis. Han er berre glad for å vera på trening att.

– Det å koma tilbake her har vore fantastisk. Berre det å få snakka med folk og vener, og å gje kvarandre ein aggressiv klem, er så mykje betre enn å sitta heima og tenka.

Ikkje alle tiltaka gjev meining, ifylgje Lie og Custers. Foto: Andreas Brattåker Støyva

Dei to karane synest der er rart at idretten deira, og andre mindre idrettar er underlagd same retningslinene som til dømes breiddefotballen.

– Det vert feil, meiner eg. Me driv toppidrett, sjølv om BJJ er ein liten idrett i Noreg. Me har utøvarar på det høgste nivået, me har verdsmeistrar, som ikkje får lov å trena, seier Custers.

For hjå den vesle klubben på Voss, er det fleire utøvarar i verdstoppen, og med store ambisjonar som ikkje får trena fordi dei er over 26 år.

– Eg forstår at me må ta pandemien på alvor, men dette gjev ikkje meining, seier Lie.

Fryktar ny nedstenging

Dei kimonokledde karane opplever det heile som litt urettvist, og meiner manglande forklaring på kvifor styresmaktene gjer som dei gjer, får det til å virka som det er tiltak for tiltaka si skuld.

Dei siste vekene har det vore meir smitte på Voss, som mange andre stadar i landet. Det har skapt bekymring.

– Det ein er redd for, er at dei skal stenga for trening igjen. Eg har ikkje tal på kor mange meldingar eg har sendt Jason, og spurt om me framleis er opne, seier Lie.

Men, den usikre situasjonen har kanskje ført noko positivt med seg;

– Eg føler me går endå hardare på trening no, for ein veit jo ikkje om det vert siste økta på ei stund, seier Custers.

Sjølv om dei ikkje vil kritisera styresmaktene si handsaming av pandemien i vår, saknar dei no meir treffande tiltak.

– Eg vart sur då folk etter kvart fekk reise på ferie til utlandet og på fest, medan me, 20 stykk her på vesle Voss, ikkje skulle få trena saman, forklarar Custers, og held fram;

– Me driv toppidrett. Det er ikkje noko hobby eller kos, dette her. Me trener for å verta verdsmeistrar. Om eg hadde følt meg sjuk, hadde eg halde meg heime. Det siste eg vil, er å risikera å smitta treningskameratar. Eg vil ikkje ta frå nokon moglegheita til å verta best mogleg. Slik vil eg tru dei aller fleste seriøse utøvarar ser på det.

Bekymra for psykisk helse og fråfall i idretten

Lie og Custers trur mange slit med den psykiske helsa i desse dagar, og fryktar konsekvensane av pandemien, tiltak og retningsliner.

– I klubben vår er me sosiale og aktive, og det å ikkje kunne få dette påfyllet dagleg, er utfordrande, forklarar Lie.

Han fryktar mange vil falla frå i idretten generelt, men fryktar ikkje for det vesle BJJ-miljøet på Voss.

Reinhaldet av dojoen tek dei på alvor. Slik var det også før pandemien. Foto: Andreas Brattåker Støyva

– Alle kjem tilbake her, det er eg sikker på. Men eg er bekymra for idretten generelt. Eg trur mange vil falla frå når dei fell ut av rutinar.

Custers påpeikar at dei fleste som driv med idrett, ikkje er i same situasjon som han sjølv og Lie.

– Me er sjølvdrivne, og har ambisjonar. Det gjeld langt frå alle. Mange har ei eller anna form for idrett som hobby, og utan rutinar vert det vanskeleg. Det er trist og frustrerande. Når det er mørkt og grått ute, er det ikkje bra for den psykiske helsa å sitta inne, utan trening og sosial kontakt. Eg trur at mange fleire vil slita psykisk, og konsekvensane av det er skumle.

Nokre lyspunkt, eller…?

På spørsmål om pandemien har ført noko godt med seg, må både Lie og Custers tenka seg om.

– Ein kan vel finna noko positivt med alt, og det har vore ein mental øvelse. Det å tenka positivt, og å halda destruktive tankar unna, har vore god trening. Ein må halda samtalane i hovudet gode, og ikkje la usikkerheit og tvil koma til orde, seier Lie.

Custers på si side, trur han har vorte litt svakare mentalt.

– Ein vert meir usikker på nivået sitt, når ein ikkje får bekrefta det i konkurranse. Men, noko positivt må jo vera at økonomien min er langt betre. Eg har ingen reiseutgifter, ingen påmeldingsgebyr, og liknande, seier Custers og ler hjarteleg.

Dei to vel å vera positive og takksame for at dei trass alt for trena, sjølv om pandemien har teke nesten eitt år frå vindauga dei har til å verta verdsmeister i adult-klassen, som har ei øvre grense på 30 år.

Takksame, trass alt

– Du kan få gjort mykje på tida me har vore stengde. Du kan bli betre, og konkurrera mykje. No kjennest det som alt berre har blitt skyvd framføre meg. No er eg sju månader lenger unna brunbelte, eg er sju månader lenger vekke frå alt. Ein må berre halda fast i det overordna målet, seier Lie, før Custers tek ordet;

– Me er veldig glade me får trena, og eg gler meg umåteleg til dagen me alle er tilbake på matta. Då må me ta ein heil dag, der me berre kosar oss på trening. Kanskje ei heil helg, faktisk.

Kva tid dette kan skje, vil dei ikkje spekulera i.

Å tru og håpa, slutta dei med for lenge sidan, ifylgje seg sjølve. Det er betre å berre ta ting som det kjem. Men, dei klarar ikkje heilt å skjula at dei håpar litt;

– 2021 vert betre. Då får me forhåpentlegvis konkurrert litt, seier Custers.

Foto: AP Photo/Wong Maye-E, Pixabay.com, Offentleg eigedom/Wikimedia Commons Kollasj: Framtida.no