– Når vaksne pratar alvor om sex, så pratar dei til jentene

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det handlar ikkje om kukstorleik, det handlar ikkje om at du skal finne nokon hemmeleg ninjascroll med dei hemmelege teknikkane. Det handlar om gjensidigheit.

Det seier seksualopplysar og forfattar Inti Chavez Perez då Framtida.no møter han på Gyldendalhuset i Oslo.

Boka hans Respekt – en sexbok for gutter har nettopp kome i norsk omsetjing. Ei bok som forfattaren sjølv fortel handlar om korleis ein kropp fungerer, korleis du får sex til å fungere, og korleis du får kjærleik til å fungere.

Den skal svare på alle spørsmåla seksualundervisinga ikkje tek tak i. Om seksualundervising i skulen er som ei kokebok som berre fortel deg eg du ikkje skal ete sukker eller fett, så er dette ei kokebok stappfull av oppskrifter: Frå korleis ein kan innleie ein samtale med nokon ein er interessert i til korleis ein har samleie.

Kor mykje greie har du på sex? Ta quizen. 

Tar heller alvorspraten med jentene

– Som gut er det ganske vanleg at ein pratar mykje om sex, men det meste kompisar seier til kvarandre er på tull. Då er det bra at det finst ei bok som går meir i djupna om sex, seier forfattar Inti Chavez Perez. Omslag: Gyldendal.

Den svenske forfattaren meiner at gutane har vore oversette.

– Når vaksne pratar alvor om sex, så pratar dei til jentene. Dei pratar til jentene fordi det er enklare – dei er så veloppdragne, dei lyttar og dei tenker etter innan dei svarar, seier Chavez Perez.

Han trur mange vaksne er redde for gutar sin seksualitet, til dømes for pornoen dei ser på, og difor vegrer seg for å prate med dei.

Chavez Perez etterlyser at særleg vaksne menn deler sine perspektiv på seksualitet og relasjonar med den yngre generasjonen, for mange manglar ei god kjelde til kunnskap om sex.

Han fortel om gutar som seier: «Ja, vi veit såklart at sex ikkje er som i porno, men korleis er sex då?».

– Det mange saknar er det konkrete innhaldet om sex. Det er veldig bra å få teste å rulle eit kondom på ei banan – det bør alle gjere, det er jo veldig morsomt å få gjere det på skulen i staden for å rekne matte – men det finst noko meir i seksualiteten, seier forfattaren.

Les også om 22 år gamle Jakob Semb Aasmundsen som skal bryte ned tabu kring seksualitet og kropp: – Unnskyld, mormor! I 2019 skriv eg bok om sex, makt og kjærleik

Seksualitet vert eit spørsmål om makt

I løpet av dei ti åra han har drive som seksualopplysar, så er spørsmåla stort sett dei same: Kvifor er min kropp slik og er det eit problem, korleis nærmar eg meg andre personar og korleis får eg sex til å funke?

Men oppfatningar av seksualitet og grenser har også gjennomgått store omveltingar sidan Chavez Perez starta, og sidan denne boka kom ut for første gong i Sverige i 2010.

– Metoo har veldig mykje å seie for tenåringar fordi det avslører kor dårleg vårt samfunn er på å gjere seksualitet til noko positivt, seier Chavez Perez, og held fram:

– I vårt samfunn øydelegg vi seksualiteten gjennom å gjere det til eit spørsmål om makt og vald.

Seksualiteten har vore prega av kjønnsroller, stereotypiar og sexisme. Maktstrukturar som også fører til at nokre seigliva myter kan overleve endå dei har vore motbeviste i mangevis av år.

Les også: Vil ha betre seksualundervisning etter #metoo

Inti Chavez Perez meiner det er viktig at ungdom trener sitt kritiske blikk til å kjenne att sexisme og kjønnsstereotypiar i kvardagen. Då kan dei enklare forkaste dei. Foto: Bente Kjøllesdal

Jenter er ikkje seksuelle, men gutar er hyperseksuelle

Tidlegare i veka hadde Chavez Perez forfattarmøte med ei forsamling av vidaregåande elevar og 10. klassingar på Litteraturhuset i hovudstaden.

Der gjekk han grunnleggjande til verks, og ville leggje daud nokre mytar om kjønn: At jenter ikkje skal vere seksuelle, og at gutar si meining i livet er sex.

Chavez Perez fortel elevane at klitoris ikkje er ei lita ert, men eit ti centimeter langt organ og det mest erogene av dei alle. Det finst heller ikkje noko jomfruhinne, og i dei fleste tilfeller blør ikkje jenter når dei har sex første gong. Begge mytane er konstruerte for å tøyle jenter sin seksualitet.

Den parallelle myten er at gutar brukar all si tankekraft på sex, slik er det biologisk skrive i «mannehjernen» deira. Dei vil spreie sine genar for vilden sky.

Seksualopplysaren forklarar så korleis denne myten kan føre til konkurranse mellom gutane om sex. Det kan både ha uheldige konsekvensar for partnarane deira, då overtramp av andre sine grenser enklare kan unnskyldast, men også for dei sjølve. 1 av 2 gutar oppgjev å vere misfornøgde med penisen sin, seier Chavez Perez til elevane.

Framtida.no slår av ein prat med nokre av elevane i salen etter føredraget:

– Sjølv om han seier det er mytar, så er det mange som føler på dei. Ein veit at han har rett i det han seier, men innerst inne så trur ein på mytane likevel, seier 16 år gamle Ben.

Han og nokre klassekameratar fortel at dei kjenner seg att i mykje av det Perez forklarar frå scena. Åge fortel at om dei no, som 16-åringar, får avkrefta ein del av mytane, så har ein allereie levd med dei så lenge at det er vanskeleg å riste dei av seg.

– Mytane kjem mykje tidlegare, heilt frå barneskulen av, seier han.

Visste du at klitoris liknar på ein penis, men er endå meir sensitiv? Eller at ein penis kan knekke? Les sakene frå serien «Kult om kroppen»

Gutar treng ikkje vere respektlause

Med boka si freister Chavez Perez å svare på spørsmål mange har, og setje ord på det seksualundervisinga er taus om.

Som tittelen også syner, er respekt heilt sentralt i boka. For å skape ein meiningsfull relasjon til nokon lyt ein vere respektfull, noko som kan stange med den stereotypiske framstillinga av gutar:

– Guterolla seier du skal vere respektlaus – det er kult. Det er kult å vere litt sjofel, gå litt over kvarandre sine grenser. Men det leiar jo til at den andre personen ikkje slepper deg inn.

Lærdomen Chavez Perez vil gutane skal sitte att med etter 192 sider med oppskrift kan kokast endå litt meir ned:

– Kommunikasjon er det viktigaste i sex. Du må oppretthalde god kommunikasjon, og det gjer du med å sjølv vere ærleg om kva du vil, og ved å aktivt lytte. Det tyder både å lytte og å spørje. Når de har denne kommunikasjonen, så kjem det til å skape nettopp den sexen som er bra for nettopp dykk, i nettopp dette augeblikket.

Les også om årets Uke 6-kampanje: – Altfor mange trur sex handlar om å stikke noko inn i nokon, men det er så breitt.

Rådgjevar ved likestillingssenteret, Carina Carlsen, samanliknar mykje av seksualundervisninga med det ho kallar «tante på russebuss». Foto: Nareas Sae-Khow