Veljarane i Washington krev seksualundervising i offentlege skular

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På valdagen 3. november hadde dei i staten Washington også ei folkeavstemming om seksualundervising. Tiltaket fekk fleirtal og vil tre i kraft allereie dette skulehalvåret.

Det melder nyheitsbyrået Associated Press.

Første gong folket har stemt over seksualundervising

Referendum 90 var den einaste folkeavstemminga i staten utanom presidentvalet i år.

I minst 29 statar, pluss Washington D.C., er det krav om at offentlege skular skal ha seksualundervising, men det har aldri vore bestemt gjennom avstemming i staten Washington før. I staden har pensum blitt diskutert i skulestyre og statshus.

Det er dimed den første seksualundervisingskampen som er bestemt gjennom folkeavstemming i USA.

Ei av dei som jubla over vedtaket er Courtney Normand, som leiar ei politisk gruppe tilknytt Planned Parenthood.

– Me er så takknemlege overfor veljarane for denne sterke sigeren, som verkeleg visar folk si djupe støtte for at unge får korrekt og inkluderande seksualundervisning, seier ho til Associated Press.

Omkamp frå republikanarane

Vedtaket kjem etter ein heit debatt frå tidlegare i år.

Demokratane i staten trudde dei hadde fått gjennom ei lovendring for eit rutinemessig krav om seksualundervising i offentlege skular, men ei gruppe republikanarar og konservative kristne gjekk til motkamp og freista å omgjere vedtaket ved folkeavstemming ved årets val.

I ein kampanje mot vedtaket samla gruppa Parents for Safe Schools inn 264.000 underskrifter. Det er rekord i talet på samla underskrifter for å få omgjort eit vedtak gjennom folkeavstemming, dei siste fire tiåra. To tredjedelar av underskriftene kom frå kyrkjer.

Progressivt pensum

Demokratane ville innføre vedtaket for å verna unge frå seksuelle overgrep, sjukdommar og infeksjonar.

Gjennom lova vil barnehagebarn lære om å handtere kjensler og korleis ein får vener, medan eldre barn vil lære om samtykke og korleis ein responderer på vald. Pensum må også ta opp problem som LHBTQ-studentar møter. Dette gjer pensum til eit av dei mest progressive i landet.

Kollasj av framtida.no: Bakgrunn: Luke Michael/Unsplash. F.v. Mauree Turner, Sarah McBride og Madison Cawthorn. Foto: presse.