John Elling (26) seglar til Antarktis: – Kval så langt auget kan sjå

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det utrulege dyrelivet på Sør-Georgia og Antarktis er noko av det mest fantastiske eg har sett. Det kryr verkeleg av pingvinar og forskjellige artar av sel på alle mogeleg stadar, fortel John Elling Deehr Johannessen på e-post til Framtida.no.

I seks veker har 26-åringen frå Oppegård segla til sjøs på Hurtigruta MS «Fram» – frå Ushuaía i Argentina til Falklandsøyane, Sør-Georgia og Antarktishalvøya.

Foto: John Elling Deehr Johannessen/via Havforskningsinstituttet

– Frykteleg interessant

Men det har ikkje vore halvannan månad med paraplydrink i handa og føtene høgt. UiT-studenten er med for å samle data til masteroppgåva si i marin biologi, på oppdrag frå Havforskningsinstituttet og Norsk Polarinstitutt.

– Den går ut på å kartlegge marine pattedyr, hovudsakeleg kval, rundt omkring i Scotiahavet, fortel Johannessen.

Det er området mellom tuppen av Sør-Amerika og Antarktishalvøya og austover til Sør-Georgia.

Foto: John Elling Deehr Johannessen/via Havforskningsinstituttet

Johannessen forklarar at dersom ein skal fiske artar som antarktisk krill på ein forsvarleg og berekraftig måte, så lyt ein vete kor mange andre dyr som utnyttar same ressursen:

– Berekraftig fiskeri tyder jo at vi kan ta ein liten del av kaka utan å påverke nokon av dei andre artane på ein negativ måte, og då må vi vete kor mange andre dyr som også er i området.

Det er også den delen av faget – korleis alt heng saman – som interesserer 26-åringen mest, trass i at «veldig mange ting i havets biologi er frykteleg fascinerande».

– Det at alt frå vasstemperatur og sollys til bakteriar – det at alt er samankopla og påverkar kvarandre, det er frykteleg interessant.

Kvalteljing til frukost

Så medan turistar kan nyte ein ferietur, har Johannessen fulle dagar med å registrere kval og telle forskjellige artar, samt granska kvar dei held seg mest – likar dei kaldt eller varmt vatn? Er dei på grunna eller på djupna?

– Makkaren min og eg startar dagen klokka 05 på morgonen, og er på vakt til klokka 21-22. Vi byter på å ete og ta ettermiddagslurar litt etter dagsforma, men éin av oss er alltid på brua, fortel masterstudenten.

Når gjestane på skipet vert frakta til land, hjelper dei ofte til med å passe på at alle respekterer naturen og følgjer reglane.

Foto: John Elling Deehr Johannessen/via Havforskningsinstituttet

– Kval så langt auget kan sjå

Johannessen medgjev at han ikkje hadde noko aning om kva han hadde meldt seg på før han tok til på seglasen. Han meiner det er best å ikkje ha særleg med forventningar, for då vert ein oftare positivt overraska.

– Kva er det mest utrulege synet du har sett så langt på reisa?

– Det må nok ha vore då vi støtte på ei gruppe knølkval på kring 150 stykk, kor fleire av dei hoppa og kosa seg, medan andre kom bort til oss for å inspisere båten, fortel 26-åringen.

– Det var kval så langt auget kunne sjå, og det å sjå at dei også kan ha det så moro set virkeleg ting i perspektiv.

Foto: John Elling Deehr Johannessen/via Havforskningsinstituttet

– Viktig på så mange forskjellige måtar

John Elling Deehr Johannessen angrar såleis ikkje på valet han tok, då han etter to år på folkehøgskule i Lofoten fann ut at bilogistudiet var vegen å gå:

– Eg innsåg kor viktig naturen er, ikkje berre for meg sjølv fysisk og mentalt, men også kor viktig naturen, og spesielt havet, er for oss alle på så mange forskjellige måtar, forklarar den komande marinbiologen.

– Eg ville først og fremst finne ut av korleis det heile fungerte, men også korleis det kan verte beskytta.

Når mastergraden er i boks, står doktorgraden forhåpentlegvis for tur for Johannessen.

Håpet er å få mogelegheita til å forske meir på havet, og korleis det endrar seg med klimaendringane, og få halde fram i forskingsmiljøet, som han sjølv skildrar som «herleg»:

– Ein jobbar med andre som deler den same fascinasjonen og engasjementet for dyreliv og naturen som eg sjølv, noko som bekreftar studiet og retninga eg har følgt. 

Commersondelfinar symde framfor landingsribben i nesten ein time, fortel John Elling Deehr Johannessen. Foto: John Elling Deehr Johannessen/via Havforskningsinstituttet