Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

DNB si årlege juleundersøking syner at ein av tre synest jula i år er viktigare, grunna koronapandemien.

Om du har lyst til å gjere stas på nokon som står deg nær, utan å gå på storsenter, så er dette tipsa for deg:

Kvardagsluksus

Gåvekort på kvardagsluksus er fint å gje, fordi ein ofte ikkje unnar seg sjølv dette. Men har ein eit gåvekort må ein!

Kva med å gje nokon eit gåvekort på ein tur til frisøren, på massasje eller kanskje ein restaurant til dømes? Særleg for studentlommeboka er slik luksus ikkje kvardagskost, og noko som vil glede mang ei blakk sjel! I tillegg støttar du ei bedrift som kanskje lyt halde stengt medan koronapandemien pågår?

For småbarnsfamilien er det kanskje meir enn nok luksus med eit gåvekort på barnepass? Eller klippekort på middag med dei i familien som kanskje elles må ete åleine?

Det er berre fantasien som set grenser!

Forbruksvarer

Det er ein drøss med ting ein brukar jamt og trutt, men som ein ofte ikkje gidd å investere særleg i sjølv. Slike produkt kan vere supre å gi som gåver, spesielt om dei er i litt betre kvalitet enn du plar punge ut for sjølv!

Kva med å gje nokon du er glad i ekstra mjukt sengetøy? Eller hudpleieserien ein har ynskja seg lenge, men aldri føler ein har plass til i månadsbudsjettet?

Emballasjefri såpe og shampoo, handklede, gryteklutar, sokkar, ein fin hårkur, godt barberutstyr, silikonlok, voksark, fruktnett, menskopp, tresleiv – ein vert glad både på julaftan, og kvar gong ein hugsar at ein slepp bruke pengar på det sjølv på nyåret.

Gåver ein kan ete

Slår aldri feil, og er perfekt å tilpassa lommeboka! Set saman ein fin liten pakke med spekemat, god sjokolade, lokale varer, ei god saft, og anna som er litt meir eksklusivt enn det ein plar unna seg frå Kiwi-en.

Eller kanskje du kan bestille frokost på døra til nokon, om dei bur ein plass det er mogeleg?

Om du vil ta på deg forkleet og bake sjølv, så kan du til dømes lage fløytekaramellar, rocky road fudge eller havrekjeks med sjokoladebitar? Kvardagsmat-Anita har nemleg gjeve Framtida.no oppskrifter på desse godbitane!

Fløtekaramellar, rocky road og havrekjeks er julegåver som ikkje vert stua vekk i ein bod. Foto: Kvardagsmat.no

Eller er kanskje knekkebrød og sylta raudlauk meir din smak?

Reparasjonsgåvekort

Er du drivande god på å byte bildekk? Eller er du ein ekspert på å fikse sykkelkjede som er på galeien? Eller kanskje du kan byte skjerm på telefonar og legge opp bukser?

Hjå Ta vare på det du har kan du skrive ut reparasjonskort som du kan gje i gåve – miljøvenneleg og fint!

Nokre plassar kan du òg kjøpe reparasjonsgåvekort hjå reparatørar, slik at dei proffe tek seg av fiksinga, dersom du sjølv er litt treneva.

Abonnement

Så kjipt å bruke pengar på sjølv, men særleg når vi lyt halde oss heime er desto meir kjekt å ha!

Kva med å gje eit abonnement på Spotify for musikkelskaren i slekta? Eller eit abonnement på HBO eller tilsvarande for bror din som har runda Netflix allereie?

Det finst også eit drøss med lydboktenester, der ein kan strøyme bøker. Kva med å gje nokon eit månadsabonnement på Storytel?

Eller du kan kjøpe eit abonnement på aviser eller magasin som skal dukke opp på døra. Det finst noko for ein kvar smak!

Om du vil gjere deg ekstra flid med gåva, så kan du også laga ei personleg tilpassa speleliste på Spotify? Eller kome med tilrådingar om kva seriar, filmar eller lydbøker du trur vedkomande hadde likt?

Heimelaga gåver

Visste du at heile 7 av 10 synest det er stas å få heimelaga gåver? Det syner att i DNB si juleundersøking. Og kven set vel ikkje pris på ei gåve ein ser det er lagt litt sjel i?

Kva med å gje besteforeldrene eit heimelaga fuglebrett som i tillegg er knallfint?

Foto: Hedda Håberg / heddalia/Instagram

Om du er driven med symaskina, så kan du sy schrunchies eller gymbag? Om du heller er ein trollmann med strikkepinnane i nevane, kvifor ikkje strikke ullsokkar eller ei vantar til nokon?

Eller du kan setje saman ein personleg pakke tilpassa den som skal få den. Om det er nokon som elskar å lese, så kan du til dømes kjøpe ei bok du likar, te, sjokolade, og ein fin telyshaldar?

Om du er stødig på handa, så kan du kjøpe vakre porselenfat eller koppar på din næraste bruktbutikk og porselenmåling, for å lage ditt eige geriljafat?

Hobbygåver

Nei, ikkje berre gul kartong og limpistol. Men gåver tilpassa mottakaren sin hobby. Driv hen med musikk, fotball, foto, snekring, friluftsliv eller kanskje sying?

Visste du til dømes at du kan kjøpe ferdige strikkesett, med oppskrift, tråd og strikkepinnane ein treng for å strikke seg ein fin gensar?

Det finst som regel eit hav av ting i eit stort pris-spenn, slik at det skal vere mogleg å finne ei passande gåve som også gjer mottakaren svært nøgd. Og hugs at du alltid finn fint brukte ting på finn.no.

Bøker

Det finst ei rekkje bøker som passar under juletreet i år. Kva med å kjøpe di eiga favorittbok i gåve? Då kan du også markere passasjar du sjølv synest er ekstra gode, så vert lesaropplevinga litt annleis?

Om du treng tips, så kan du sjekke kva bøker meldarane i Framtida.no har likt best i år!

Eller du kan sjekke kva bøker forfattarane sjølv vil gje vekk i gåve!

Frå venstre: Neda Alaei, Eili Harboe og Tore Renberg er nokre av forfattarane som deler sine beste julegåvetips til lesehesten. Foto: Julie Pike, Jonathan Vivaas Kise og Marie von Krogh

Helsingar frå barndomshelten

Om ein har pengar som brenn i lommen, så går det faktisk an å bestille ei personleg helsing frå ein barndomshelt.

For rett over 1100 kroner kan du få Jerry/Garry/Larry/Terry Gergich frå Parks and Recreation til å sende ei personleg helsing til nokon du kjenner.

Om du verkeleg har på deg spanderbuksene får du ei helsing frå Snoop Dogg for den nette sum av 8800 kroner (!).

Unike gåver

Kanskje særleg i år kan det vere fint å prøve å finne norske butikkar eller føretak å handla frå. Då finn du kanskje også noko litt meir unikt.

Fint handarbeid, deilige ullubbar, lokal honning, ein ordentleg sauefell, gode ulltøflar, personlege kunstverk frå grafiske designarar – det finst nesten endelaust med alternativ.

Framtida.no har samla fleire titals norske nettbutikkar som du kan ta julegåvehandelen frå i år, om du ynskjer.

Kollasj laga av framtida.no sett saman av produkt frå lista. Bakgrunnsfoto: Joanna Kosinska /Unsplash

Opplevingar

Alpakkasafari, konsertbillettar, teater, kino, badeland, Tusenfryd, eller ein fin blåtur, som du planlegg?

Koronapandemien kjem til å gå over ein gong den òg, og då kan det vere fint å ha noko å sjå fram til når verda opnar att.

Kanskje særleg fint å gje ein fattig student?

youwish.no finn du mange slike opplevingar.

Secret santa

PS: Om du er skikkeleg lei av heile julegåvekjøret, kan det vere ein idé å få med dei du plar gi gåver til på secret santa. Alle gir og får éi gåve, men sidan ein berre handlar til ein kan ein skru opp prisen litt og gi noko ordentleg og staseleg til denne eine personen. Slik får ein litt færre gåver, litt mindre skvip og kanskje litt meir ein faktisk ynskjer seg og treng.