Julegåver som ikkje fôrar forbrukarsamfunnet


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har mange høner å plukke med julefeiring anno 2019, men sjølv om mykje er blitt i overkant materialistisk, er jula framleis favorittveka mi i løpet av året. Den er ei perfekt unnskyldning for å fortelje og vise kor glad ein er i folka rundt seg, og det passar liksom endeleg å seie det ein tenkjer og føler på resten av året.

Men litt for ofte prøvar me å seie det med gåver, og pakkar takksemda, kjærteikna og vennskapet inn ilag med noko ræl den andre ikkje treng, berre for å konstantere at me set pris på kvarandre.

Og kven betalar prisen? Jo, lommeboka di og jordkloden vår.

Derfor har eg snikra saman ei liste med julegåveidéar til deg som vil gje – og få – utan å fôre forbrukarsamfunnet.

  • Blåtur: Dei møter opp til avtalt tid og stad, du visar veg til fots, i bil eller på buss (ypparleg om de begge har månadskort i same sone frå før av). Kanskje kombinert med ein rebus som leiar til fine plassar?
  • Eit heimelaga oppskrifthefte med smaksprøvar og/eller eit par ingrediensar
  • Fotoalbum frå det de har gjort saman i året som har gått
  • Dine eigne brukte favorittbøker med små notat og kommentarar inni

I fleire år har eg fått diktbøker hos veninna mi der ho har markert dei dikta ho veit eg kjem til å like – og treff like godt kvar gong.

  • Gåvekort på lån av ski, hytte, kajakk, hund, telt eller bil som du eig
  • Personleg tilpassa spelelister på Spotify. Er den du skal gje gåve til meir av film- eller podcasttypen kan du heller lage ei liste med dine tips, vurderingar og favorittscener.

  • Mat og drikke med heimelaga etikettar: Bak kjeks eller brygg øl og klistr på sjølvlaga variantar, eller byt ut originale etikettar med meir personlege.
  • Forseggjorde julekort: «Men eg er jo ikkje kreativ» høyrer eg deg tenkje allereie. Slapp av, Pinterest overausar deg med enkle idear så lenge du stiller opp med saks, papir og godt mot. Slit du med å velje ord sjølv, er det lov å låne hos andre. Lim inn ei juleforteljing, eit dikt eller klipp ut små utdrag frå kjente og kjære barnebøker.
  • Årsmedlemskap i DNT pluss ein invitasjon til hytte til hytte-tur

Det er lite som er finare å få i gåve enn fjell og fyr i peisen. Her frå Brydalseter i Sogn. Foto: Ingeborg Aadland

  • Ein månad med medlemskap på treningssenter til både hen og deg, inkludert lovnadar om felles trening.
  • Medlemskap i organisasjonar hen støttar. Det veit eg iallfall at eg hadde blitt glad for! Det finst så mange organisasjonar eg heiar på, men frå bankkontoen sitt perspektiv passar det ikkje alltid å melde seg inn i alle femten..
  • Abonnement på alt frå aviser, magasin, Spotify og lydbøker til Adams matkasse, Netflix, Tinder Pluss og Office-pakkar. Noko alle vil ha, men ingen vil bruke pengar på.
  • Påmelding til skiløp/konkurranse de kan trene til ilag. Kanskje litt skremmande akkurat då den vert opna julekvelden, men garantert ei gåve som vert hugsa og sett pris på lenge etter at den er fullført.

 

View this post on Instagram

 

Var redd for at halvmaraton på fjellski skulle bli den verste julepresangen, trur da vart den beste

A post shared by Ingeborg (@ingeborgaad) on

  • Kurspåmelding til for eksempel skredkurs eller dansekurs
  • Ei «bakekorg» med oppskrifter og ekstra godt mjøl og krydder ein kanskje ikkje unnar seg sjølv i kvardagen elles? Eller ein heimesnikra matkasse med livretten hens?
  • Eit «spareglas» med ein startsum til noko du veit hen ønskar seg, til dømes telemarkski, interrail eller ein spesiell konsert

El-sykkel, hund, nye felgar, leilegheit, ferietur? Alle sparar til noko, og kanskje kan eit spareglas vere sparket i rumpa for å kome i gong. Foto: mnplatypus/pixabay

  • Symbolske gåver frå ideelle organisasjonar: Geiter, ullpledd, brønnar – her finst det mykje nyttig ein kan gje, i alle prisklassar, berre «google it», som dei seier.

Om me likevel skal handle nokre få ting og småting, håpar eg me kan handle lokalt og i nisjebutikkar. Netthandel kvelar levande sentrum, så oppsøk heller marknadar, julemesser, reko-ringar, utsal og Bondes marked.

Brukar du pengane dine og tida di hos dei du ynskjer skal bli verande, så er det stor sjanse for at dei blir nettopp det.

Har du julegåvetips? Del dei med oss i kommentarfeltet eller skriv til oss på tips@ framtida.no