Tre smakfulle julegåver du kan lage sjølv

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvardagsmat-bloggar Anita Stokke Blomvik har i år debutert som kokebokforfattar. Foto: SKALD Forlag

Det er vanskeleg å gå heilt feil med heimelaga gåver, så lenge dei smakar godt. I tillegg til at mottakaren vert glad er det bra for både miljø og lommebok.

Her er Kvardagsmat-bloggar og kokebokforfattar Anita Stokke Blomvik sine tre tips til julegåver du kan snekre saman på på ditt eige kjøkken:

Fløtekaramellar

Mjuke gode, søte, seige karamellar som smeltar på tunga. Du kan sjølvsagt lage dei harde om du heller vil det, men min absolutte favoritt er mjuke karamellar. Du veit sånne nykjøpte smørbukk som har fått ligge i sola og er seige og gode å tygge. Herleg og farleg godt -du er herved advart.

Foto: Kvardagsmat.no

  • 2,5 dl fløyte
  • 200 g sukker
  • 150 g smør
  • 100 g mørk (eller lys) sirup
  • ei klype salt (gjerne mineralsalt)
  • 1 ts vaniljesukker (ekte vanilje)

Slik gjer du:

  1. Ha alt i ei vid gryte og kok opp på middels-høg varme. Dess vidare gryte, dess raskare går kokinga.
  2. La massen koke til den har fått karamellfarge og ei glatt overflate. Dette kan ta alt frå 15-40 min. Du treng ikkje røre undervegs. Har du sukkertermometer kan du begynne å følgje med når det når 110 grader, etter det går det rimeleg kjapt.
  3. Sett eit glas kaldt vatn ved sidan av gryta og drypp ein dråpe karamellmasse i glaset. Om massen berre flyt uttover må du koke litt lenger, om du kan forme ei kule av massen med fingrane er karamellane klare. Har du sukkertermometer er du ute etter ein temperatur på rundt 120 grader. Under dette gir mjuke karameller, over 120 grader gir litt harde karameller.
  4. Hell massen på eit bakepapir, gjerne i ei eldfast form, og la avkjøle.
  5. Del opp i passe bitar FØR massen har stivna heilt. Kokar du til 117 vil ikkje karamellane stivne heilt, så då kan du fint vente til dagen etter. Kokar du til dei blir harde må du dele opp før dei stivnar.
  6. Pakk inn bitane i bakepapir eller cellofan og oppbevar i kjøleskap.

Rocky road fudge med peanøtter

Rocky Road Fudge med peanøtter, salte kjeks, marshmallows og mjølkesjokolade for å vere heilt presis. Mektig, søtt og perfekt julegodt. Rør saman over vassbad, hell over i form og set i frysaren. Hugs å dele raust med dei rundt deg så du ikkje et alt sjølv. Det kan lett skje!

  • 350 g mjølkesjokolade
  • 2 ss smør
  • 1 boks søt kondensert mjølk
  • 1/2 ts vaniljepulver el. 1 ts vaniljesukker
  • 50 g små marshmallows
  • 75 g salte kjeks
  • 100 g salte peanøtter

Slik gjer du:

  1. Smelt sjokolade over vassbad i lag med smøret.
  2. Rør inn søt kondensert mjølk og vaniljepulver.
  3. Vend inn knuste kjeks, marshmallows og peanøtter.
  4. Hell over i bakepapir/foliekledd form på ca 20 x 20 cm.
  5. Set forma i frysaren i 2 timar eller i kjøleskap i 4 timar.
  6. Del opp i passe bitar og nyt.

Havrekjeks med sjokoladebitar

Dette er favorittkjeksa til eldstemann og han har vore med på å lage dei sidan han var to år. Då kom nemleg oppskrifta for første gong på Trines matblogg, og kjeksa har vorte laga maaaange gongar etter det.

Vi deler stort sett alltid deiga i to og legg den eine delen i frysaren. Då kan eg lett imponere med nysteikte kjeks ein dag vi ikkje har tid til å bake frå scratch. Eg veddar på at dette blir dine favorittkjeks og, berre prøv så skal du sjå;)

Foto: Kvardagsmat.no

Til ca 36 kjeks treng du:

  • 100 g havregryn
  • 200 g romtemperert smør (eller 100 g smør + 100 g extra virgin kokosolje)
  • 125 g brunt sukker
  • 125 g kvitt sukker
  • 2 egg
  • ca 350 g kveitemjøl
  • 1 ts natron
  • 1 vaniljestang (eller 1 ts vaniljesukker)
  • 200 g hakka mørk sjokolade

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Rist havregryna lett ved å steike dei i ei tørr steikepanne i nokre minutt. Rør heile tida, slik at dei ikkje blir brent. Avkjøl på ein tallerken.
  3. Rør smør og sukker luftig i ei kjøkkenmaskin. (Brukar du halvparten kokosolje tilset du den i ein tynn stråle etter at smør og sukker er godt blanda).
  4. Ha i egga, eitt i gongen, og bland dei godt inn.
  5. Skrap ut frøa frå vaniljestanga og ha dei i.
  6. Bland kveitemjøl med natron. Sikt dette inn, ha i havregryna og bland godt.
  7. Vend tilslutt inn sjokoladebitane.
  8. Form til ei avlang pølse og del opp i bitar som du trillar til kuler. (Om du vil fryse ned ein del pakkar du pølsa inn i bakepapir/frysefolie og legg i frysaren. Då kan du berre skjære skiver av pølsa med ein skarp kniv og legge rett på bakepapirkledd steikebrett før du set dei i omnen).
  9. Legg kulene på bakepapirkledd steikebrett og trykk dei litt ned med ein gaffel.
  10. Steik i 10-12 min til kjeksa er gylne i kanten.
  11. Avkjøl på rist og oppbevar i tett boks.