Julegåvetips til foreldre som har alt

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heimelaga knekkebrød

Denne oppskrifta frå Trines matblogg er både sunn og god – og sikrar litt av fiberinntaket midt i alt julefeittet.

Tilsett gjerne smak eller krydder som du synest er godt, anten det er kanel, parmesan eller sukkertang.

Knekkebrød med sukkertang etter oppskrift frå Trines matblogg. Foto: Andrea Nøttveit

Sylta raudlauk

Sylta raudlauk er godt tacotilbehør og difor noko som er mogleg å bruke for dei fleste. I tillegg er det skikkeleg godt på leverpostei.

Til to store raudlauk treng du:

  • 2 dl vatn
  • 1 dl eddik
  • 1 dl sukker

Skjær raudlauken slik du vil ha han. Kok opp ingrediensane i laken til sukkeret har løyst seg opp. Trekk gryta av plata og tilsett lauken. La det stå og avkjøla seg før du heller over på fine glas.

Voila!

Sylta raudlauk på glas. Foto: Andrea Nøttveit

Miljøvennlege fuglebrett

Har du brukte koppar, band, superlim, delfiafeitt og fuglefrø? Då kan du lage eit unikt fuglebrett.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Hedda Håberg (@heddalia)

Slik gjer du det: 

  1. Fyrst varmar du opp delfiafeitt og puttar fuglefrø i.
  2. Fyll koppen med frø og set han på ein kjøleg plass, slik at frøa stivnar.
  3. Når koppen er klar, limar du han på tefatet som vist på biletet.
  4. Så tek du ei skei med fuglefrø og legg utover tefatet. Fest eit band som du kan henge opp koppen med.

Les også: Julegåvetips til den vesle bortskjemte