Ekspertar fryktar for studentane si psykiske helse – føreslår vekkjeteneste og kurs i stressmeistring

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ekspertgruppa er sett ned av regjeringa for å sjå på tiltak som kan betre situasjonen for studentane. Smitteverntiltaka går ut over studiane, men også trivselen og den psykiske helsa til mange studentar.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Foto: Regjeringen

– Truleg må vi leve med strenge smitteverntiltak ei god stund til, men vi kan ikkje leggje opp til at studentane skal halde til på hybelen åleine heile studieåret, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Ekspertgruppa meiner at nokre institusjonar har tolka reglar og tilrådingar om smittevern for strengt, slik at ein del studentar har ein svært stor del digital undervisning, og i nokre tilfelle liten eller ingen tilgang til lærestaden. Men mange studentar bur slik at det er vanskeleg å følgje undervisning heimanfrå, og dessutan er einsemd frå før eit kjent problem blant studentar, blir det påpeika.

Bør få gå på lesesalen

Det er i dag om lag 290 000 studentar i høgare utdanning og om lag 22 000 fagskulestudentar rundt om i landet.

I rapporten sin tilrår gruppa at alle studentar bør få noko undervisning på studiestaden, og så langt det er mogleg få bruke lesesalar, bibliotek, kantiner og andre rom til faglege og sosiale aktivitetar, føresett at studentane kan følgje reglane og råda om smittevern som gjeld.

Studentar bør òg få delta i faste seminargrupper, som kan møtast både på lærestadene og digitalt.

Når ein kommune tilrår heimekontor, på grunn av stor lokal smitte, bør universitet, høgskular og fagskular sjåast bort frå. Studentar bør behandlast likt som elevar på vidaregåande, foreslår ekspertgruppa.

Fagleg og sosial omgang vil vere bra for fagleg utbytte av studiane. Men det vil òg førebyggje behovet til studentane for å møtast andre stader, der det er vanskelegare å ta vare på smittevernet, meiner ekspertgruppa, som består av folk frå Kunnskapsdepartementet, helsestyresmaktene, universitet, høgskular og fagskular. Studentorganisasjonar har delteke på møta.

Vekkjeteneste og stressmeistring

Ekspertgruppa tilrår òg:

  • At studiestadene eller studentsamskipnaden tilbyr vekkjeteneste og kurs i meistring av eksamensstress, motivasjon, digital studieteknikk og personleg økonomi.
  • At det psykiske helsetilbodet til studentsamskipnadene blir styrkt.
  • At alle studiestader bør ha ei nettside med oversikt over alle sosiale tilbod.

Saknar økonomiske grep

Leiar i Unio-studentane, Iril Myrvang Gjør. Foto: Pedagogstudentene

– Ekspertane har mange gode innspel, men eg saknar forslag som kan sikre økonomien i studentane, seier leiar Iril Myrvang Gjørv i Unio-studentane.

Organisasjonen representerer 40 000 studentar, mellom anna lærar- og sjukepleiarstudentar.

Mange studentar jobbar ved sida av studiane, men dei som mistar jobben på grunn av koronakrisa, får ikkje støtte som kan erstatte den tapte inntekta. Det burde òg vore teke opp i rapporten, meiner Gjørv.

– Den økonomiske situasjonen til studentane vil i aller høgaste grad påverke den psykiske helsa til studentane, seier ho.

Åste Solheim Hagerup er leiar for studenttinget ved NTNU. Foto: NSO

Også Studenttinget ved NTNU er kritisk til dette.

– Eg kan trygt seie at om er det éin ting som skaper psykiske utfordringar og uro hos studentane, så er det tanken på korleis vi skal klare oss til neste stipend, skriv leiar Åste Solheim Hagerup i eit innlegg.

Ho åtvarar om at fleire studentar må droppe ut av studiane og flytte heim fordi dei ikkje har råd til husleige, og ho etterlyser tiltak frå regjeringa.

 

 


Les også: Studentar vil møte opp på eksamen – trass i koronasymptom

NTNU sitt Dragvoill campus. Foto. Ssolbergj/Wikimedia Commons/ CC BY-SA 3.0 , Spencer Backman/Unsplash. Kollasj: Framtida.no