Studentar som dreg på utveksling, bryt ikkje UDs reiseråd
Kunnskapsdepartementet klargjer at utvekslingsopphald i utlandet for studentar blir sett på som nødvendige reiser og bryt dermed ikkje med UDs reiseråd.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Departementet viser til at ei av hovudgrunngivingane for UDs reiseråd er å unngå at reisande tek med seg smitte frå utlandet og heim til Noreg.
– Studentar som reiser ut for eit lengre opphald, utgjer i så måte liten risiko. Også kortare studieopphald i utlandet (til dømes praksismobilitet, feltarbeid e.l.) blir sett på som nødvendige reiser, såframt det er ein integrert og definert del av utdanninga, skriv departementet i eit brev.
Brevet kjem etter Kunnskapsdepartementet har oppfatta at det er behov for ei tydeleggjering om dette.
Presiseringa skal ikkje tolkast dit at studentar skal føle seg pressa til å reise på utveksling.
- Les også innlegget frå Emilie Hansen, som studerte i Barcelona då koronapandemien braut ut i vår: – Mange har spurt meg om eg angra på at eg vart igjen