Halvparten av single norske studentar har ikkje hatt sex sidan koronapandemien starta, ifølgje ei ny undersøking.
NPK-NTB
NPK-NTB

I ei undersøking Sentio har gjort for Universitas blant studentar i Noreg, svarer 54 prosent at dei er single.

Så godt som halvparten av dei single, 49 prosent, svarar at dei ikkje har hatt nokon sexpartnere sidan koronautbrotet.

28 prosent svarer at dei hadde hatt éin til to partnarar, medan 9 prosent oppgav at dei har hatt tre til fem.

Helsedirektør Bjørn Guldvog seier til avisa at det er vanskeleg å seie noko sikkert om trendar og årsaker, sidan vi ikkje har tilsvarande opplysningar frå før pandemien.

Til avisa seier helsedirektøren at det er sannsynleg at studentar har hatt eit lågare tal seksualpartnarar under pandemien enn elles. Det kan komme av varsemd, eller at tiltaka har avgrensa moglegheiter for kontakt.


Visste du at unge i Noreg sextar meir enn snittet i Europa?

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Oppdatert: torsdag 19. november 2020 10.13

LES OGSÅ

ANNONSE