Opposisjonen vil stanse fritt skuleval – fryktar segregering og nedlegging

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 30.11.2020 08:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa ønskjer at elevar skal ha større moglegheit til å velje kva for ein vidaregåande skule dei skal byrje på enn det mange har i dag, opplyste kunnskapsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding søndag.

Samtidig skal det vere mogleg for fylkeskommunane å fastsetje eigne inntaksområde.

– Det betyr at fylkeskommunar ikkje lenger kan ha inntak etter eit nærskuleprinsipp, heiter det i pressemeldinga.

I fjor haust sende regjeringa to modellar for fritt skuleval på høyring – og fekk mange innspel i retur. Med utgangspunkt i desse skal det no bli laga ein ny modell, som Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide i tett dialog med KS og fylkeskommunane.

Tidlegast frå 2022

– Utdanningsdirektoratet skal òg sjå på kva konsekvensar eit friare skuleval vil ha for mellom anna kostnader til skyss, behov for elevbustader og skulestruktur, siger Melby, som tek sikte på å spikre modellen til våren. Den kan tidlegast gjelde frå hausten 2022.

Både Vestland og Vestfold og Telemark har nyleg vedteke eit nærskuleprinsipp, slik at ikkje inntaket berre blir baserte på karakterar. Andre fylke som har vedteke ei form for nærskuleprinsipp, er Viken, Agder, Innlandet, Nordland, Trøndelag og dessutan Troms og Finnmark.

– Går til krig mot elevar

Opposisjonspartia reagerer kraftig på forslaget.

– Vi har ei regjering som går til krig mot elevar, næringsliv og små lokalsamfunn i heile landet. Trass massiv motstand mot forslaget tvingar likevel Høgre-regjeringa sin modell om karakterbasert opptak på heile landa, seier Torstein Tvedt Solberg, Arbeidarpartiets skulepolitiske talsperson.

Han kallar forslaget eit alvorleg feilgrep, som må stoppast.

Leiar Audun Lysbakken i Sosialistisk Venstreparti kallar det «meningsløs og virkelighetsfjern tvangsbruk».

– Dette kan føre til segregering i byane og nedlegging av skular i distrikta. Eg hadde venta slikt av Høgre, men det er veldig skuffande at det kjem frå Venstre, seier SV-leiaren, som lovar å skrote forslaget viss partiet kjem til makta neste år.

Marit Knutsdatter Strand (Sp) meiner regjeringa prøver seg på ein sleip omkamp. Foto: Stortinget.

– Ein sleip omkamp

Marit Knutsdatter Strand, som sit i utdannings- og forskingskomiteen for Senterpartiet, kallar forslaget «en sleip omkamp og statlig overstyring».

– Regjeringa tek omkamp på ei sak dei ikkje vann fram med i fylkestingsvalet i fjor – derimot tapte dei over store delar av landet, og Sp vann fram, seier ho.

Leiaren av Stortingets utdannings- og forskingskomité, Framstegspartiets Roy Steffensen, meiner forslaget frå regjeringa kjem for seint.

– Frp fremja konkret forslag i Stortinget i vår om fritt skuleval i alle fylke, men regjeringspartia stemde nei. Vi har ikkje gitt oss og pressa på og er glad for at dei no snur, men motviljen til regjeringa har dessverre ført til at 46.000 elevar i Viken no mistar fritt skuleval medan dei ventar på at regjeringa skal spikre ein modell, seier han.