Ni av ti nordmenn stolar på forsking

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskingsrådet har for niande gong fått Kantar til å gjennomføre ei måling av kor stor tillit nordmenn har til forsking.

– Vi ser at koronasituasjonen har styrkt oppslutninga om forsking og kunnskap, og det er bra. Når folk stoler på forskinga, gir også tiltalene meir meining, og det kan bidra til at vi klarer å slå ned på smitten, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding frå Forskingsrådet.

Han meiner samtidig at det er viktig at folk ikkje stoler blindt på det dei les og sjekkar at det er truverdige kjelder.

Størst tillit til helsepersonell og forskarar

Helsepersonell og forskarar er framleis dei folk flest har størst tillit til når dei uttaler seg om koronasituasjonen i media. Ni av ti nordmenn uttrykkjer tillit til desse gruppene.

Lågast tillit har journalistar med 28 prosent.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) er nøgd med at folk stoler på forskinga. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Når politikarar snakkar om koronaspørsmål i media, oppgir 48 prosent av dei spurde at dei har tillit til det som vert sagt. Dette er eit hopp opp frå 38 prosent ved førre måling i september, men framleis under nivået for april der 53 prosent svarte dei hadde tillit til utsegnene til politikarar om koronasituasjonen.

Eigne haldningar

I eit nytt spørsmål i denne undersøkinga vart nordmenn spurd om viljen til å akseptere dokumenterte forskingsresultat, sjølv om desse strir mot eigne haldningar og eiga overtyding.

66 prosent av dei med lågare utdanning oppgir at dei aksepterer resultat som utfordrar eigne meiningar, 80 prosent av dei med høgare utdanning svarer det same.

Samla er det 75 prosent som seier dei aksepterer forskingsresultat som strir med eigne haldningar. Fire prosent stiller seg direkte avvisande til at forsking har noko å seie for eigne meiningar.


I skrekkfilmen Follow Me reiser Erin (Holland Roden) og venene til Moskva for å vlogge, men anar ikkje kva dei eigentleg har begitt seg ut på.