Issmeltinga kan auke oppvarminga med 0,4 grader

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Smeltinga i Grønlandsisen og iskappa i Vest-Antarktis er no verre enn det som inntil nyleg var dei verste scenarioa i klimamodellane.

Sommarisen i Polhavet har minka med 10 prosent kvart tiår sidan satellittmålingane kom på slutten av 70-talet. I tillegg forsvinn is frå isbrear i Himalaya og resten av verda.

Mindre refleksjon

Den viktigaste drivaren for den akselererande smeltinga er den såkalla albedoeffekten. Den oppstår når isen blir erstatta av mørkt hav, jord eller fjell. Vassdammar på Polisen har same effekt.

– Når den globale ismassen minkar, forandrar dette på kor mykje av sollyset som når jorda blir reflektert tilbake til verdsrommet. Det er som å ha kvite eller svarte klede på deg om sommaren. Med mørke klede blir du varmare, seier Nico Wunderling til AFP.

Han er hovudforfattar for studien som Potsdam Institute for Climate Impact Research (PIK) publiserte tidlegare i haust.

Meir enn havnivå

I mange år har forskarane sett på kva smeltande is kan bidra med i havnivåstigning. Det har lenge vore kjent at dersom Grønlandsisen og den kilometerdjupe iskappa i Antarktis forsvinn, vil havnivået kunne auke med formidable 60–80 meter.

Forskarane har hatt mindre merksemd på oppvarmingseffekten av smeltande is. Dei tyske forskarane har køyrt mange klimamodellar med ulik utsleppsgrad av klimagassar. Det er med dagens nivå på rundt 400 delar CO2 per million i atmosfæren at klimaverknaden vil vere 0,4 grader dersom all is smeltar.

Isfritt polhav

Det skal mykje til for at all is forsvinn frå Antarktis og Grønland. Antakeleg vil det ta fleire hundre år.

Meir akutt er det som skjer med havisen i Polhavet. Her er vi antakeleg berre nokre få tiår unna før Polhavet ikkje lenger vil vere islagt om sommaren. Forskarane anslår at smeltande havis kan bidra til 0,2 graders oppvarming.

Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men forskarane er samde om at oppvarminga frå den industrielle revolusjonen og fram til i dag ligg på 1,0 grad. Effekten av smeltande is kjem på toppen av dette. Det kjem òg i tillegg til 1,5-gradersmålet som er knesett i Parisavtalen.


Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no