Fleire har trua på vitskap etter koronapandemien

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For første gong på fleire år aukar talet på dei som har trua på vitskap, syner ei ny studie.

I den årlege rapporten 3M State of Science Index (SOSI) ser dei på stoda for vitskapen og haldningar til vitskap verda rundt.

Dei har gjort undersøkingar i 14 ulike land før pandemien (hausten 2019), og 11 av desse undervegs i pandemien (sommaren 2020).

86 prosent stolar på vitskap

Trua på vitskap og forskarar er høgare enn den har vore på tre år, då dei første SOSI-undersøkingane vart gjort.

  • 86 % av dei spurde stolar på vitskap.
  • 77 % er meir truande til å vera samd i at vitskap treng meir finansiering, på grunn av pandemien
  • 54 % er samde i at vitskap er veldig viktig i kvardagen deira. Det er ei stor auke frå svara før pandemien, då 44 % svara det same.
  • 92 % av respondentane meiner ein må følgje vitskapen for å handtere pandemien.

Mindre skepsis

Trenden dei siste åra har vore ei auka skepsis mot vitskap, men i 2020 gjekk skepsisen tilbake, for første gong på tre år.

Delen som svara «Eg er skeptisk til vitskap» gjekk ned til 28 prosent under pandemien i sommar, frå 35 prosent i fjor.

Delen som svara dei berre trur på vitskap som stadfestar eige syn har også gått ned seks prosentpoeng frå då spørsmålet først vart stilt i 2018.

Likevel meiner om lag ein tredjedel (32 %) at livet deira ikkje ville vore særleg annleis om vitskap ikkje eksisterte.

Covid-19 har styrka trua på vitskap

Før pandemien var det berre 20 prosent som svara at dei ville forsvara vitskapen, dersom dei diskuterte vitskapelege funn med andre. No er meir enn halvparten av respondentane (54 %) samde i at Covid-19 har gjort dei meir truande til å forsvara vitskap.

Helseutfordringar ragar på topp over sakene folk meiner det er viktig at vitskapen løyser:

  • 80 % etterpør kurar for nye virus, som covid-19
  • 62 % etterspør kurar for kjende sjukdomar som kreft og hjartesjukdom

Samstundes meiner 55 prosent av vitskapen prioritere sosial rettferd, som å nedkjempe rasisme og sikre at minoritetar får tilgang til realfagleg utdanning. 51 prosent meiner vitskapen må prioritere å finne ei løysing på klimaendringane.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Desse landa er med i undersøkinga:

Landa er Brasil, Kanada, Kina, Tyskland, India, Japan, Mexico, Polen, Singapore, Sør-Afrika, Sør-Korea, Spania, Storbritannia og USA.

India, Mexico og Sør-Afrika var ikkje med i oppfølgingsundersøkinga undervegs i pandemien.