Då koronapandemien braut ut bestemte amerikanske Anika Chebrolu seg for at ho ville bidra til å finne ei løysing.
mm

14 år gamle Anika Chebrolu vart denne veka utropt til USA sin fremste unge forskar, då ho gjekk av med sigeren i vitskapskonkurransen 3M Young Scientist Challenge. 

Ho hadde eigentleg tenkt til å undersøke influensaviruset, etter ho vart klar over kor mange som døyr av influensa i USA kvart år.

Men så kom koronapandemien, og snudde verda på hovudet på kort tid. Då endra ho planane sine – ho ville graske SARS-CoV-2-viruset.

– Der er ikkje mange effektive behandlingar mot koronaviruset, og mitt antivirale medikament vil forhåpentlegvis hjelpe verda og redde mange liv, seier Anika i ein video hjå Now This.

Ein potensiell kur

I arbeidet sitt har Anika Chebrolu granska det såkalla spike-proteinet i SARS-CoV-2-viruset som gjer det mogeleg for viruset å trengje inn i celler.

Ved hjelp av ei database på nesten 700 millionar molekylbindingar, har Anika kome fram til ei hovudbinding som potensielt kan binde seg til spike-proteinet, og hindre det frå å infisere friske celler.

Såleis har ho skapt det som kan verte eit nytt antiviralt medikament.

Sjå videoen der Anika forklarar oppdaginga si: 

Til Now This seier Anika at ho vil samarbeide med virologar og spesialistar på legemiddelutvikling for å gjere molekyl-oppdaginga hennar om til ein kur.

Dr. Cindy Moss, ein av dommarane i konkurransen, rosar Anika Chebrolu overfor CNN:

– Hennar vilje til å bruke tida og talentet sitt for å hjelpe til med å gjere verda til ein betre plass, gjev oss alle håp.

Nikolai Helth Gaukås syner fram ei prøve på 1×1 cm. Foto: Julie Gloppe Solem/NTNU.

LES OGSÅ

ANNONSE