Soldatar meiner Forsvaret snikinnfører 16 månaders førstegongsteneste

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anniken Strønen Risse er landstillitsvald. Foto: Forsvaret

Anniken Strønen Riise (21) er leiande tillitsvald for soldatar på førstegongsteneste:

– I dag møter mange opp og trur dei skal ha 12 månaders teneste. Så viser det seg at dei skal vere i Forsvaret i 16 månader, seier Riise til Aftenposten.

Fryktar at færre vil gjennomføre

Forsvaret har ønskt lengre førstegongsteneste i fleire år. Ifølgje Forsvarets forskingsinstitutt kosta det allereie i 2013 mellom 300.000 og 600.000 kroner å utdanne éin vernepliktig soldat. Dermed sparer ein mykje på å ha soldatane i nokre månader ekstra.

Men dei tillitsvalde mistenkjer at 16 månaders teneste òg har eit anna mål:

– Vi veit at store delar av Forsvaret er kraftig underbemanna. 16 månaders teneste løyser eit behov på kort sikt. På lang sikt fryktar vi ein øydeleggjande effekt. At færre ønskjer å gjennomføre førstegongsteneste, seier Riise.

Brigader Eystein Kvarving er kommunikasjonssjef for forsvarssjefen. Foto: Regjeringen

Har ikkje gitt god nok informasjon

Forsvaret erkjenner at dei ikkje har gitt god nok informasjon.

– Vi tek bodskapen frå soldatane på største alvor, seier brigadar Eystein Kvarving, næraste offiser og talsmann for forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

– Det held ikkje å vise til at vi har fått ei lov der verneplikta formelt kan strekkast til 19 månader. Vi må vere sikre på at dei unge forstår kva dei skal vere med på, seier Kvarving.

Unge Høgre-politikar Arina Aamir (15) var i oktober deltakar på Plan International Norge sitt prosjekt «Girls takeover», der ho fekk prøva seg som utviklingsminister for ein dag. Ho meiner det er på høg tid at Solberg-regjeringa får ein kvinneleg statsråd med minoritetsbakgrunn. Foto: Plan International Norge