Meiner Arbeidarpartiet ikkje løftar kandidatar med minoritetsbakgrunn: – Dei er gode på å fylle minoritetskvota

Rahman Chaudhry
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meiner Arbeidarpartiet ikkje løftar kandidatar med minoritets-bakgrunn

– Dei er gode på å fylle minoritetskvota og ha ei eller to på lista med minoritetsbakgrunn, men eg trur ikkje Arbeidarpartiet gjer nok for å løfte dei med minoritetsbakgrunn.

Det seier Lara Rashid, kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Nesodden kommune, på telefon til Framtida.

Saman med Amal Abdinur, som er medlem av Arbeidarpartiet og stilte til val i Trondheim under lokalvalet i 2019, har ho signert eit Facebook-innlegg som kritiserer partiet:

Innlegget kjem som ein reaksjon på ei sak i Dagbladet om Arbeidarpartiet sitt nye minoritetsutval. Utvalet er leia av Ap-politikar og tidlegare AUF-leiar Mani Hussaini.

Manglar ordførarforeldre

Dei skriv i Facebook-innlegget at Arbeidarpartiet sitt problem ikkje er at dei ikkje har minoritetsfolk. Dei meiner problemet er at dei er alt for dårlege på å velje dei til verv.

– Eg har vore lenge i båe AUF og Arbeidarpartiet, og har sett over heile landet at det er mange dyktige folk med minoritetsbakgrunn, seier Lara Rashid til Framtida.

– Men for å få verv i Arbeidarpartiet må du kjenne nokon og bli løfta opp. Det er noko Arbeidarpartiet må ta tak i. Fleire med minoritetsbakgrunn har ikkje det nettverket, og kjem utan tryggleiken mange andre har. Dei har ikkje Ap-bakgrunn og foreldre som er ordførarar.

Rashid meiner at partiet må løfte dei som allereie er der.

– Om Arbeidarpartiet meiner rekruttering er problemet, er løysinga å ha fleire førebilete. Då kan ein vise at ein kan lukkast i partiet når ein har minoritetsbakgrunn, seier Rashid.

Les også: Eit grønt Vestland treng Arbeidarpartiet

Utvalsmedlem: – Usamd i så sterk kritikk

Sentralstyremedlem i AUF og medlem av minoritetsutvalet, Hoda Imad, skriv i ein kommentar til Facebook-innlegget at kritikken frå Abinur og Rashid er for sterk.

«Samd i at eg óg er spent på kva vi som utval kjem til å føreslå til slutt. Men veldig usamd i så sterk kritikk», skriv Imad på Facebook.

Rashid synest ikkje kritikken er hard og understrekar at ho på lik line som Imad er spent på kva som kjem frå utvalet.

– Eg trur det er viktig at vi tek desse debattane, for å vise at det ikkje er ein svart/kvit-diskusjon. Det vonar eg utvalet óg lyftar fram, seier Rashid.

Les også: AUF-toppar vil ha partireglar mot PR-politikarar

Utvalsleiar: – Vis til konkrete døme

Leiar i minoritetsutvalet, Mani Hussaini, stiller seg uforståande til kritikken frå Abdinur og Rashid.

Mani Hussaini er leiar for minoritetsutvalet til Arbeidarpartiet. Foto: Arbeidarpartiet, Flickr

– Dei må nesten vise til konkrete døme der folk ikkje har fått verv fordi dei har minoritetsbakgrunn. Sjølvsagt har båe Arbeidarpartiet og norsk politikk ein lang veg å gå, men eg trur Arbeidarpartiet er eit av dei partia der der det er ein god del med minoritetsbakgrunn som får tillit, seier Hussaini på telefon til Framtida.no.

Vidare stiller han seg uforståande til usegnet om at Ap set kandidatar med minoritetsbakgrunn opp mot kvarandre.

– Då er vi berre usamde om det, seier Rashid.

Kritisk til å få verv fordi ein har innvandrarbakgrunn

Den tidlegare AUF-leiaren viser mellom anna til si eiga historie, nesteiar Hadia Tajik, Oslo sin varaordførar Kamzy Gunaratnam og Lubna Jaffery, som er byråd for arbeid, sosial og bustad i Bergen.

Han peikar på at det å få tillit i partiet handlar om å jobbe seg oppover i partiet og at alle medlemmane i Arbeidarpartiet må stille på lik grunn.

– Eg er motstandar av at ein skal verte tildelt verv berre fordi ein har innvandrarbakgrunn, det vet å favorisere, understrekar Hussaini.

Han meiner hovudmålet er at partiet skal spegle befolkinga og meiner vegen til fleire minoritetar i tillitsverv går gjennom å rekruttere fleire til partiet.

Meiner dei som tør å satse stiller på lik line

Den tidlegare AUF-leiar peikar på språklege barrierar og manglande informasjon som moglege hinder for å rekruttere fleire med minoritetsbakgrunn til politikken.

– Mange frå totalitære regime veit ikkje at dei kan bli med i politikken, det var eg og familien min overraska over, minnast Hussaini, som flykta frå Syria med familien då han var elleve år gamal.

Han opplever at dei som engasjerer seg og tør å satse stiller på lik line som alle andre i Arbeidarpartiet, men meiner det er viktig å sjå på grunnar til at ikkje fleire gjer det.

– Eg har sjølv erfaring med at ein på ein måte er litt redd for å prøve seg. Ein trur ein må kunne språket og alle NOUar og partiprogram. Vi må sjå på kva som gjer at folk med minoritetsbakgrunn i Arbeidarpartiet ikkje vel å ta tillitsverv og bli folkevalde. Målet er at til valet i 2021 er det fleire med minoritetsbakgrunn til å stille på listene, seier Hussaini.

Meiner utvalet er ein god start

Lara Rashid er kommunestyrerepresentant i Nesodden kommune for Arbeidarpartiet. Foto: Privat

Rashid meiner Arbeidarpartiet gjer rett i å setje ned utvalet, og sjå på korleis ein kan rekruttere fleire med minoritetsbakgrunn, men at Arbeidarpartiet også må granske seg sjølv.

Rashid meiner vidare at problemet ikkje alltid ligg i at folk folk med minoritetsbakgrunn ikkje veit at dei kan engasjere seg.

– Arbeidarpartiet må skape rom for mangfald og moglegheit til å vere annleis. Om ein skal ha eit mangfald kan ein ikkje ha eit internt miljø som nå. Det må vere mogleg å kome inn utanfrå til eit parti som har ei lang historie, seier Rashid, og legg til:

– Det gjeld ikkje berre Arbeidarpartiet, men til dømes alle bedrifter og næringar.

Sunniva Relling Berg (i midten) fekk god hjelp av Mulki Mire Guled (22) og andre elevar til å skriva boka Polarnatt. Natnael Leake (18) synest boka er bra. Foto: Svein Olav B. Langåker