Fire av ti jenter på vidaregåande har opplevd seksuell trakassering

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

40 prosent av alle jentene på vidaregåande skule har det siste året vorte utsett for uønskt seksuell merksemd eller trakassering.

For gutar er tilsvarande tal 24 prosent, viser den ferske Ungdata-undersøkinga, ifølgje NRK.

– Dette er ei stadfesting på noko vi allereie veit. Vi har sett høgare tal før, frå NTNU, heilt opp mot 60 prosent, seier fagansvarleg Kjersti Botnan Larsen hos Barneombodet til kanalen.

Spørsmåla i undersøkinga gjekk på verbal seksuell trakassering, ryktespreiing og beføling.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen