Spontan klarspråkpris til Espen Nakstad

Språkrådet heidrar Espen Nakstad med ein spontan klarspråkpris for å ha kommunisert på ein klar og forståeleg måte i krisetid.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen vart delt ut av språkdirektør Åse Wetås under Språkdagen 3. november. Dette er ein ekstra pris som blir delt ut denne eine gongen på grunn av den spesielle situasjonen landet er i, og som kjem i tillegg til den faste Klarspråkprisen.

– Sidan mars har landet vårt – saman med resten av verda – opplevd krise. Og når krisa treffer, kan det vere vanskeleg å nå fram med viktig informasjon. Folk er stressa og bekymra og kan lett bli overvelda. Derfor er det ekstra viktig at styresmaktene kommuniserer på ein klar, målretta og tillitvekkjande måte, sa Wetaas.

– Gjer vanskelege ting enkelt å forstå

Ho peika på kva uklar informasjon kan skape av uvisse, ekstraarbeid og ekstra påkjenningar for alle når ein kjem i ein ekstraordinær situasjon som pandemien. Og at det var på sin plass i eit ekstraordinært år som dette, å dele ut ein ekstraordinær pris. Språkrådet meiner at ingen har kommunisert informasjon om smittevern betre enn Nakstad.

– Espen Rostrup Nakstad har ein enkel og liketil stil, og han klarer å gjere vanskelege ting enkle å forstå. Han bruker eit ukomplisert språk for å forklare folk kva ulike smitteverntiltak inneber i praksis, og han trekkjer inn døme frå kvardagslivet der det er relevant. Dette meiner Språkrådet er eit godt klarspråksprinsipp, og vi vil heidre Espen Nakstad for å leve som han lærer, sa Wetås.

Snakkar som han gjer heime

– Måten du snakkar på, viser at du har ei eiga evne til å skjønne kva som kan vere vanskeleg å forstå. Du er altså ein sann klarspråksmann, sa Wetaas og viste til at ho har lese at han prøver å ordleggje seg på jobb som han ville gjort heime.

Nakstad peika på at det også er mange andre som har snakka tydeleg i denne situasjonen.

– Men ja, eg snakkar som eg pleier å gjere, som eg snakkar til pasientar på sjukehus eller i andre samanhengar. Det gjeld å ha med flest mogleg lengst mogleg. Det er ein fordel å ha folk med gjennom heile resonnementet. Eg snakkar berre som eg brukar å gjere, seier Nakstad.

Samtidig peika han på at ein heller ikkje må forenkle for mykje.

– Ein må formidle det som er korrekt og ikkje ta for mange snarvegar. Vi har sagt det vi veit og det vi ikkje veit under pandemien. Eg kunne tydd til «stammespråk», eg snakkar jo på ein heilt annan på ein internasjonal konferanse. Men det er viktig å snakke så vanleg som mogleg når vi kan, heldt han fram.

Viktig å svare på enkle spørsmål

Prisen Nakstad får av Språkrådet, er eit bilde, som ser litt ut som ein urban labyrint med nokre folk som roleg tek seg gjennom denne labyrinten.

– Symbolikken er klar for meg – med klart språk kan ein leie folk gjennom labyrintar av komplisert informasjon. Tusen takk for jobben du gjer, frå alle oss, sa Wetås.

Etter tildelinga deltok Nakstad i ein panelsamtale om klarspråk i helsevesenet, saman med Vibeke Herikstad, prosjektleiar for digitale innbyggjartenester i Helse sør-aust RHF, og Anne Kristin Vie, fagdirektør i Forbrukarrådet. Her fortalde han om korleis det har vore viktig å gå ut og svare på ganske enkle spørsmål som fleire tusen gjekk rundt og lurte på.

– Det var ikkje tilfeldig at vi valde ordet dugnad heller, sjølvsagt. Vi ville vise kvifor og at det faktisk har ein effekt, sa han.