FNs naturpanel åtvarar: Det kan komme fleire og verre pandemiar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I tillegg til å dukke opp oftare vil nye pandemiar, ifølgje ekspertane, kunne spreie seg raskare, gjere meir skade på verdsøkonomien og forårsake død hos fleire menneske enn covid-19 med mindre vi fundamentalt endrar korleis vi globalt jobbar med å forhindre smittsame sjukdommar.

Det skriv Miljødirektoratet om ein ny rapport frå FNs naturpanel (IPBES).

  • Lurer du på kva dei siste smittevernreglane er? Sjå her! 

Naturinngrep aukar faren

Ellen Hambro er direktør i Miljødirektoratet. Foto: Miljødirektoratet

I rapporten åtvarar ei gruppe internasjonale ekspertar om at det kan komme fleire og verre pandemiar enn covid-19 framover.

Mellom anna vil avskoging og andre naturinngrep kunne auke faren for at ulike virus smittar frå dyr til menneske.

– Rapporten frå ekspertane viser at det stadig blir meir tydeleg korleis dei menneskeskapte, globale endringane i naturmangfaldet fører til store truslar for menneskeleg velferd. Risikoen for smitte mellom dyr og menneske er størst når dyreartar mistar levestadene sine, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

Langt dyrare med utbrot

Det er grunn til å tru at koronaviruset fann vegen frå flaggermus til menneske før det dukka opp i Wuhan i Kina.

– Endring i arealbruk, auka og intensivert landbruk, handel og forbruk som ikkje er berekraftig, påverkar naturen og aukar kontakten mellom ville dyr, husdyr, smittestoff og menneske, skriv Miljødirektoratet.

Ekspertane bak rapporten konkluderer med at kostnadene knytt til utbrot av pandemiar er 100 gonger dei estimerte kostnadene for å forhindre pandemiar. Dei ber om at aktivitetar som kan utløyse pandemiar, blir regulerte og skattlagde.

Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no