Politiet tok seg inn med motorsag for å kaste ut aksjonistar

– Vi gir oss ikkje, seier aksjonistane.

Åshild Slåen
Publisert

Saka er oppdatert klokka 12.40 med kommentar frå ein av aksjonistane.

I ein månad har aksjonistar som vil stoppe utbygginga av E6 okkupert eit hus sør for Lillehammer. Onsdag morgon tok politiet seg inn i huset for å vise dei bort frå staden.

– Dette er ein veldig trist dag for naturen. Når politiet tek oss ut av huset er ikkje det berre slutten på eit meiningsfullt samhald mot naturøydelegging, men opnar også opp for sjølve bygginga av motorveg i sårbar natur.

Det skriv ein av aksjonistane på melding til Framtida.no.

– Vi ser likevel på dette som berre starten av ein større kamp for livsgrunnlaget vårt, skriv han vidare.

På Instragram skildra aktivistane at politiet kom då dei sov, med verktøy og klatrestyrkar.

– Sjølv om dei eigentleg skulle gått gjennom namsmannen og retten. Her skal det bli naturøydeleggingar same kva det vil koste. Vi gir oss ikkje!! Kampen er godt i gang no.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Leve Lågendeltaet (@levelaagendeltaet)

Huset aksjonistane har budd i vart overteke av Statens vegvesen i 2019 i førebuing til vegarbeid.

Bar ut aksjonistar

Ifølgje regionsavisa Gudbrandsdølen Dagningen tok politiet seg inn med blant anna motorsag. Innsatsleiar Magnus Danielsen frå politiet seier til avisa at aksjonistane fekk eit varsel om utkasting frå Nye Veier som hadde frist fredag klokka 12.

Etter det fekk politiet oppmoding frå selskapet om å fjerne dei.

Danielsen forklarar at dei har vurdert oppmodinga opp mot ytringsfridomen.

– Politiet ser på at dei som har hatt tilhald i huset har hatt rikeleg med tid til å få ut bodskapen sin. Vi meiner såleis at ytringsfridomen er vareteken. Difor gjekk politiet til aksjon her i dag.

Ifølgje Danielsen vart nokre fjerna frivillig, medan andre motsette seg og vart borne ut. Klokka 7.30 var det framleis to aksjonistar som gøymde seg på loftet som politiet arbeidde med å kome til. No skal sistemann vere ute.

Vil stoppe utbygging av naturreservat

Etter politiet har tømt bustaden, er planen at entreprenøren til Nye Veier skal byrje å rive huset.

Arbeidet er ein del av utbygginga av E6, som skal leggjast nord for den noverande vegen, over elva Lågen. For å få utbygginga godkjent, har styresmaktene fjerna 27 dekar frå Lågendeltaet naturreservat. For å bøte på dette har dei kome med fleire tiltak som skal gjere inngrepa mindre omfattande, og verna erstatningsareal.

To personar skal ha gøymd seg på loftet då politiet kom for å kaste dei ut. | Skjermdump frå @levelaagendeltaet på Instagram.

Delar av vegen skal då leggjast i tunnel, og aksjonistane okkuperte difor eit hus som står i vegen for å starte tunnelutbygginga.

Ifølgje NRK er aksjonistane førebudd på å halde fram med aksjonen.

– Dette huset blir kanskje rive, men kampen fortset. Vi treng ein planet vi kan bu på, skal ei kvinne som vart boren ut ha ropt på engelsk, ifølgje NRK.