Regjeringa vil redde jula – strammar inn fram til advent

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi står overfor den mest alvorlege situasjonen med å snu smitten sidan mars. Dersom vi tek eit krafttak no, er det mykje større sjanse for at vi kan få ei normal julefeiring med storfamilien, seier statsminister Erna Solberg (H).

Dei nye tiltaka trer i kraft frå midnatt natt til onsdag denne veka og vil vare fram til tidleg i desember.

– På den tida håpar eg vi saman har fått ned smitten, sånn at vi kan feire jul slik vi pleier med besteforeldre og storfamilien samla, seier Solberg.

Helseminister Bent Høie. Foto: Bjørn Stuedal/regjeringen.no

Innstrammingane kjem etter at smitten har auka jamt i Noreg den siste tida. Ikkje sidan mai har det vore så mange koronainnleggingar ved sjukehusa. 50 koronapasientar er no innlagde, 3 av dei på respirator.

– Vi må dessverre vere førebudde på at det vil bli fleire innlagde på sjukehus med covid-19 framover, og det vil bli fleire alvorleg sjuke. Vi må setje inn nye tiltak for å snu denne utviklinga, seier helseminister Bent Høie (H).

Maksimalt 50 deltakarar og karantene for utanlandsarbeidarar

I tillegg kan det ikkje vere fleire enn 50 deltakarar på private samankomstar på offentleg stad eller i leigde lokale. Det same gjeld òg for julebord. Det er færre enn før, då 200 kunne delta på slike samankomstar.

– Vi reduserer talet gjester som du kan ha i ein privat samankomst utanfor heimen, frå 200 til 50. På firmafestar kan ein heller ikkje vere fleire enn 50 personar, så ein kan derfor ikkje la eit seminar gli over i eit julebord og framleis vere 200. På julebordet kan ein maksimalt vere 50, seier statsministeren.

I tillegg får utanlandske arbeidstakarar frå det EU definerer som raude land, ikkje lenger unntak frå karanteneplikta.

Ber kommunane vurdere munnbindpåbod

Tidlegare måndag kunngjorde Oslo kommune at dei strammar til med nye tiltak, mellom dei påbod om munnbind på offentlege stader der ein ikkje kan overhalde regelen om éin meters avstand. Regjeringa oppmodar no alle kommunar til å vurdere tilsvarande tiltak.

– Veldig mange utbrot kjem av at vi ikkje følgjer dei enkle råda godt nok. Då vi stengde ned i mars, visste vi lite om viruset. No har vi betre kunnskap og kan målrette kunnskapen betre, seier Solberg.

I dag er det ei maksgrense på 600 personar på utandørsarrangement. No blir dette stramma inn endå meir, og frå og med onsdag vil det berre gjelde arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte sete.

Illustrasjonsfoto av munnbind, Visuals/Unsplash

Barn får feire halloween og bursdag

Denne veka er det helgemesse eller halloween som det òg blir kalla. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at denne høgtida, som blir stadig meir populær i Noreg, framleis kan gjennomførast.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V). Foto: Venstre

Barn i barnehage- og barneskulealder skal få lov til å feire halloween saman med barnehage- og klassevennene sine. Det same gjeld bursdagsfeiringar.

– Barna skal få lov til å vere saman med ungar dei allereie er mykje saman med. Det er ikkje like strengt for dei yngste som dei vaksne, sa kunnskapsminister Guri Melby (V).

Ho understrekar likevel at foreldre må sjekke dei lokale smittevernreglane før dei inviterer til barneselskap.

Ingeborg Sævik Heltne går glipp av utveksling denne hausten. Ho fryktar konsekvensane.
Foto: Andreas Brattåker Støyva